Det er toradsbygg som har høgast krav til jord og pH. Ein bør ha jord i god hevd og pH over 6,2 for å få godt resultat med 2-radsbygg.

6-radsbygg er litt meir robust med omsyn til vekstforhold og er jamt over tidlegare modent, men toler dårlegare å stå overmoden enn 2-radssortane. 6-radsbygg bør ha pH over 6,0.

Havre toler betre låg pH (men helst ikkje under 5,6) og er ikkje så ømfintleg for dårlege vekstforhold som bygg. Unntaket er tørke der bygg klarer seg betre enn havre. Havre er dessutan bra som vekstskifte ved einsidig korndyrking.

Dei seine sortane har i teorien høgare avlingspotensiale enn dei tidlege, men tidlege sortar gir litt meir å gå på når det gjeld å nå modning og opptørking. Dei tidlege sortane har også veldig høgt avlingspotensiale under optimale forhold. Her er lokalkunnskapen avgjerande, sidan soltimar og vindforhold er like viktig som temperatur seint i sesongen. Mange vel å ha ein kombinasjon av tidlege og seine sortar for å utnytte treskekapasitet og spreie risikoen.

Korn 1
Dronebilde frå kornåkrar på Mogstad i Surnadal. Begge foto Frode Grønmyr.

6-rads bygg

Vertti (Felleskjøpet) er den tidlegaste sorten på marknaden. Vertti har hatt 2% høgare avling enn Brage i finske forsøk. Vertti er sterk mot både grå øyeflekk og byggbrunflekk. Såmengde 20-22 kg/daa Veksttid 99 dagar.

Heder (Felleskjøpet) har det beste strået blant 6-radssortane. Svakare enn Brage mot grå øyeflekk og spragleflekk. Såmengde 20-22 kg/daa. Veksttid 103 dagar.

Brage har vore den mest populære sorten i fleire år. Sterk mot sopp. Strået har ein tendens til å bryte saman mot slutten av sesongen. Som for dei fleste andre 6-radssortar, vil vekstregulering og soppsprøyting rundt begynnande skyting, gjera at den toler betre å stå overmoden. Såmengde 18-20 kg/daa. Veksttid 104 dagar.

Rødhette er ein sein sort med høgt avlingspotensiale. Sorten skal vera sterk mot byggbrunflekk og spragleflekk, men dårlegare mot grå øyeflekk. Ein bør difor vurdere ei tidleg soppsprøyting i denne sorten, særleg ved dårleg vekstskifte og mykje nedbør tidleg i sesongen. Såmengde 18-20 kg/daa. Veksttid 110 dagar.

Norgesfôr kan i tillegg til hovudsortane tilby nokre importsortar: Edvin, veksttid mellom Brage og Toria, så vidt under Brage i avling i finske forsøk. Toria , veksttid 106 dagar, litt svakare strå enn Brage, men over i avling i finske forsøk. Kaarle er ein sein sort på linje med Rødhette. Høgt avlingspotensiale. Stråstyrke omtrent som Brage.

2-rads bygg

Arild er ein tidleg 2-radssort. God mot sopp. Langt, mjukt strå i forhold til dei andre toradssortane. Oppfører seg som ein 6-radssort når den står overmoden (aksknekk). Den har dermed større behov for vekstregulering og soppsprøyting enn dei andre toradarane. Såmengde 20-23 kg/daa. Veksttid 107 dagar.

Salome (Norgesfôr) er ikkje verdiprøvd i Norge, men vi har etter kvart ein del erfaring frå praktisk dyrking. Salome er ein intensiv sort med høgt avlingspotensiale. Den er ein kort sort med god stråstyrke og -kvalitet og skal vera bra mot sopp. Vi får tilbakemelding på at det er ein forholdsvis robust sort som ikkje bryt så lett saman. Såmengde 22-24 kg/daa. Veksttid 111 dagar.

Vanille (Felleskjøpet) Sein sort med veksttid som Fairytale. Såmengde 24-26 kg/daa. Veksttid 113 dagar.

Thermus er sorten med høgast avling i norske forsøk dei siste åra. Sorten har god stråstyrke- og kvalitet, men det er registrert meir legde i Thermus enn i Fairytale. Såmengde 23-25 kg/daa. Veksttid 113 dagar.

RGT Planet er to dagar seinare enn Thermus, og er kanskje i seinaste laget i vårt område. Har stort avlingspotensiale og har gjort det godt elles i Europa. I Norske forsøk avlingsnivå omtrent som Thermus (dårlegare enn Thermus i Landbruk Nordvest sine forsøk). Strålengde omtrent som Thermus, men sterkare strå. Sterk mot sjukdomar. Veksttid 114 dagar. Storkorna, såmengde 22-24 kg/daa.

I tillegg til desse sortane kan Felleskjøpet levere KWS Irina (Kort stivt strå og god sjukdomsresistens) og Vanille (11% over Fairytale i finske forsøk. God stråstyrke, stråkvalitet og sjukdomsresistens. Store korn). Begge har såmengde 23-25 kg/daa og veksttid 113 dagar.

Norgesfôr kan levere importsorten Flair som er ein halvsein toradssort med bra avlingspotensiale.

Korn 2
Frå markdag i Tresfjord. F.v. Lars Nora, Iver Olav Krohn, Webjørn Mjelva, Martinus Leirvoll, Hans Jakop Frostad og Einar Martin Vike

Havre

Ringsaker er den tidlegaste havresorten og bør vere førstevalget i vårt område. Middels mot Fusarium og relativt gode DON-verdiar. Såmengde 19-21 kg/daa. Veksttid 108 dagar.

Odal er 3 dagar seinare enn Ringsaker. God kornkvalitet og sterk mot Fusarium. God stråstyrke. Vurdert som beste alternativ til Ringsaker i vårt område. Såmengde 20-22 kg/daa. Veksttid 110 dagar.

Kveite

Bjarne er den tidlegaste sorten og er førstevalget i vårt område. Er forholdsvis svak mot soppsjukdomar, så soppsprøyting kan vera aktuelt også til heilgrøde. Såmengde 21-23 kg/daa. Veksttid 120 dagar.

Krabat, Caress, Seniorita, Mirakel, Betong og Zebra har 125-127 dagar veksttid. Er alle sterkare mot sopp enn Bjarne. Hos oss er tidlegheita til Bjarne det viktigaste argumentet for å bruke denne. Unntaket er brukt til heilgrøde dersom ein ikkje får tak i Bjarne.

Dekkvekst, grønfôr eller heilgrøde

Skal kornet brukast til grønfôr har ikkje sortsvalet så mykje å seie. Da kjøper ein det som er billegast/lettast tilgjengeleg. Ein kan også få god pris på fjorårets såkorn. Husk da å sjekke spireprosenten og eventuelt auke såmengda.

Til grønfôr kan ein 6-radssort med langt strå og mykje bladmasse passe bra. Til dekkvekst vil ein kort, stråstiv 2-rader eller kveite sleppe gjennom meir lys og vere sikrare mot legde. 6-radsbygg og havre kan og fungere godt, men ein bør vere litt meir forsiktig med såmengd og gjødsling.

Anbefalt såmengd for dekkvekst varierer mykje. På lett jord med lågt moldinnhald på indre strøk anbefaler vi opp til 16 kg/daa for 2-radsbygg og 14 kg/daa for 6-rads. Ved dei høgaste såmengdene vil ein få stor avling av dekkveksten og god effekt mot ugras. Men risikoen for å skade gjenlegget aukar. For å vere sikrare på eit godt gjenlegg kan det vere aktuelt å gå ned mot 10 kg. Ved bruk av kveite kan ein bruke full såmengd (18-20 kg/daa). I kyststrøk med tyngre jord og rikeleg tilgang på vatn blir det ofte anbefalt såmengder på 5-8 kg/daa med bygg og havre, i enkelte tilfelle heilt ned i 3 kg/daa. Har du lite erfaring med dekkvekst, er det lurt å spørje lokal rådgivar, ein nabo eller prøve seg fram med moderate såmengder i starten.

Til heilgrøde er det mest vanleg å bruke kveite. Den har ein del fordelar i forhold til bygg. Mellom anna utviklar den seg seinare og ein har eit lengre «vindu» når det gjeld å treffe optimal haustetid. Stivelseskvaliteten er litt betre i kveite. I tillegg er kveita stråstiv og slepp gjennom mykje lys, noko som er ein fordel der det er gjenlegg under.

Men vi ser mange eksempel på vellykka heilgrøde av bygg også. Ein av fordelane med bygg er at det treng mindre veksttid enn kveite. Vi har fått tilbakemelding på betre smakelegheit på bygghalm enn kveitehalm.

Kjelder: