Biologi

Landøyda (Jacobaea vulgaris) er ein fleirårig, stor og lett synleg plante i korgplantefamilien. Den kan bli frå 30 cm til over ein meter høg. Blomstrar frå juli og utover. Har mange små, gule prestekrageliknande blomster som sit samla. Frøa har fnokk og spreier seg lett med vinden. Bladverket kan variera mykje og dei første blada kan vera meir og mindre oppdelte. (Bilde nedst.)

Typiske vokseplassar er i vegkantar og i kystnære storfebeite. Den er vanleg på Sør- og Vestlandet, men den ser ut til å breia seg til nye område, og blir meir vanleg der den allereie er etablert.

Landoyda Foto Annlaug Fludal

Eigenskapar

Heile planta er giftig og kan gi leverskade hjå storfe og særleg hest. Sau og geit toler gifta betre og held planta i sjakk. Forgiftning skjer år om anna, men er ikkje veldig vanleg. Giftstoffet blir ikkje borte ved ensilering eller tørking. Dyra vrakar som oftast giftige planter på beite, men den bitre smaken kan endra seg ved tørkestress eller ved kjemisk behandling.

Sjølv om landøyda ikkje er vanleg å sjå i enga, må ein alltid vera merksam på gule blomster på areal som skal haustast til fôr. Særleg gjeld dette om du skal ta ein ekstra slått på areal som har blitt brukt til beite for storfe eller hest. Bildet under viser storfebeite med mykje landøyda.

Det må vera eit mål at både eng og beite skal vera mest mogeleg frie for landøyda.

Bekjemping

Luking

Landøyda kan rivast opp for hand om ein berre har enkeltplanter. Planta kan gje kontakteksem og er giftig, så bruk hanskar ved kontakt med planta. Det kan vera ei god tid i starten av bløminga når plantene er lett synlege. Unngå at plantene blir liggande igjen og setta nye frø. Ikkje la avkutta planter ligga igjen der dyra beitar.

Hogging

Planta kan også hoggast/kuttast før frøsetting. Unngå frøsetting frå avkutta planter.

Kjemisk

Før blomstring og før plantene får lang stengel, mai og første del av juni, kan vera ei god tid for kjemisk behandling i område med mykje landøyda. Dei mest aktuelle midla er Gratil og mekoprop-preparat (Mekoprop Nufarm, Duplosan Meko m.fl.) el. mekoprop-haldige preparat (Duplosan Super). Fluroksypyr-haldige preparat (Starane XL, Flurostar m.fl) kan gi brukbar verknad ved gunstige forhold.

Rogaland Bondelag utarbeida ein avtale med Rogaland Fylkeskommune der bøndene får, etter avtale med Rogaland Bondelag, tillatelse til å bekjempe og sprøyte problemugras på Rogaland Fylkeskommunes grunn. Avtalen gjeld ut 2023, les meir her.

Landoyda rosett Foto Annlaug Fludal
Rosett av Landøyda. Foto: Annlaug Fludal
Landoyda blom Foto Annlaug Fludal
Blomen. Foto: Annlaug Fludal