Del 1

Sesongvariasjon

Utfordringa med beitinga er å regulere grastilgangen og oppretthalde kvaliteten utover sommaren.

-På våren bør graset vere mellom 12-15 cm ved beiteselepp. Om det vert for mykje gras om våren bør ein planlegge å høste 25-50 % av beitearealet maskinelt.

-Utover høsten kan det bli for lite gras og ein må ha tilleggsfôring, dvs. større beiteareal eller tilskot av anna grovfôr frå august.

-Raigrasbeiter vil ha større gjenveksten og betre kvaliteten utover høsten enn vanleg eng.


Beitestrategiar

Ein kan nytte ulike strategiar i beitinga, alt etter tilhøva på garden, og brukaren sine ynskjer. Kontinuerlig beite: Heile beitet er eit stort skifte. Graset bør vere mellom 6 og 10 cm høgt og utnyttingsgraden blir rundt 50 %. Ein får lite trakkskader og dette er lite arbeide. Mengda gras verte mindre og kvaliteten gå ned utover beitesesongen. Stor parasittsmitte-risiko.

Styrt kontinuerleg beite: Eit stort skifte, men som i motsetning til kontinuerleg beite blir regulert med å gjerde ifrå delar av skiftet etter dyra sitt behov for grovfôr. Graset bør vere mellom 6 og 8 cm og utnyttingsgraden er noko høgare enn utan regulering. (Gamlare beiter kan beitast ned til ca. 4 cm, heile sesongen)

Skiftebeite: Beitet blir delt inn i fleire skifter som blir beite på rundgang. Beitehøgda bør vere 12-15 cm (max 20cm) og utnyttingsgraden ligger på 60-70 %. Utover i sesongen bør graset vere 15-20 cm. Det er viktig å tilpasse antall skifter og beitetida på kvart skifte med veksten på graset. 6-8 skifter og 2-4 dagar per skifte kan vere en rettesnor, (alle skiftene blir beita inna 2 veker). Med mange og mindre skifter får ein høgare utnyttinggrad! Tal skifter/beitearealet må aukast utover sesongen. Etterbeitarar som lågtytande kyr, gjeldkyr, kviger eller sauer kan erstatte beitepussing.

Stripebeiting: Flytting av gjerde og ny tilgang på friskt gras daglig. Dette er meir arbeidskrevjande , utnyttingsgraden er på 70 %. Dette krev artar som tåler tråkk godt. Er skiftet stort bør bakgjerde brukast.

Alt areal bør pussast 1-2 gonger per sommar.


20210919 141132
Foto: Torhild S. Mjøen

Arealbehov

4 daa per ku på gode beiter i en 100-dagers beiteperiode. Skal ein beite på natta i tillegg bør ein opp på 6 daa/ku (30 % høgare tørrstoffopptak). Men desse tala vil variere mykje med beiteregime, beitekvalitet, lengde på beiteperiode og mengde tilleggsfôr.




Beitemetode

Utnytt-ingsgrad

Veksttilhøve

Husdyrgjødsel

Styring av

planteveksten

Kontinuerleg beiting

ca 60%

Kvitkløver trivst godt. Moderat N-gjødsling. Ugrasproblem. Følsamt for vassmangel

Evt.spreiing tidleg om våren. Stor parasittsmitte-risiko, da dyra beiter kontinuerleg

Små krav til styring, lite arbeid med gjerding, og rolege dyr.

Bør pussast.

Regulert kontinuerleg beiting (utvider arealet etter kvart)

80%

Kvitkløver trivst godt. Lite N-gjødsling. Ugrasproblem. Følsamt for vassmangel.

Evt.spreiing tidleg om våren. Stor parasittsmitte-risiko, da dyra beiter kontinuerleg.

Store krav til styring, lite arbeid med gjerding, og rolege dyr.

Bør evt.pussast.

Skiftebeiting

60-90%

Kvitkløver trivst middels godt. Moderat N-gjødsling. Ugrasproblem kan forekomme. Mindre følsamt for vassmangel.

Evt.spreiing tidleg om våren. Redusert parasittsmitte-risiko.

Moderate krav til styring, noko arbeid med gjerding. Litt urolege dyr.

Bør pussast.

Stripebeiting

ca 80%

Kvitkløver trivst middels godt. Moderat N-gjødsling. Skjeldant ugras. Mindre følsamt for vassmangel.

Evt.spreiing tidleg om våren. Redusert parasittsmitte-risiko.

Moderate krav til styring, ein del arbeid med gjerding. Meire urolege dyr.

Bør pussast.

Slått og beiting

ca 80%

Kvitkløver trivst mindre godt. Sterkare N-gjødsling. Små ugrasproblem. Mindre følsamt for vassmangel.

Spreiing om våren. Lite parasittsmitte-risiko.

Små krav til styring fram til 1.slått, arbeid med gjerding. Dyra sin Åtferd er avhengig av beiteform. Evt. pussing.

Nullbeiting

80-90%

Kvitkløver trivst dårleg. Sterk N-gjødsling. Små ugrasproblem.

Spreiing før etablering. Ingen parasittsmitte.

Lite krav til styring. Dagleg innhausting.

Silofôring

ca 80%

Kvitkløver trivst dårleg. Sterk N-gjødsling. Ugrasproblem ?

Husdyrgjødsel kan brukast før kvar slått. Ingen parasittsmitte.