Artikkelen er skriven av: Patrick Conaghan og Dan Clavin frå Teagasc (det irske svaret på NLR).

Oversett og tilpassa til norsk og norske høve. Original: 6-Red-clover-agronomy-and-management.pdf (teagasc.ie)

Framsidefoto: Annlaug Fludal

Rødkløver og kvitkløver

Kløver er hjørnesteinen og motoren i økologisk jordbruk. Kvitkløver (Trifoliup repens L.) og rødkløver (Trifolium pratense L.) er begge hovudartar i Irland, men det er mange skilnadar mellom dei to artane i veksemåte og bruk. Kvitkløver er ei låg plante som formeirar seg med krypande stenglar som kan setja nye røter og skot. Rødkløver er ei meir oppreist plante med kraftig pålerot. Nye skot kjem frå «krona», i toppen av den kraftige rota. Formeiring/spreiing av rødkløver skjer kun med frø. Når det gjeld bruk er kvitkløver hovudsakleg ei beiteplante, medan rødkløver er eigna i eng til slått.

Klover Foto Annlaug Fludal
Kloverrot forvekstar jostein skar
Rota til rødkløver (venstre) og kvitkløver (høgre). Kjelde: Fôrvekstar, Jostein Skår.

Bruk av rødkløver

  • Eng til slått, kan beitast etter siste slått.
  • System med 3.-4. slåttar. Det bør gå minst 4 veker mellom kvar slått.

Fordelar med rødkløver

  • Rødkløver kan i blanding med raigras gi avlingar på 1200-1600 kg TS pr. daa (obs: under irske høve).
  • Den fangar nitrogen frå lufta og omdanner til ei plantetilgjengelig form, såkalla «nitrogenfiksering». Ein kan rekna årleig nitrogenfiksering på 15-20kg N pr. daa i eng med mykje rødkløver.
  • Rødkløver kan brukast til å reparera dårleg jordstruktur på grunn av den kraftige pålerota.
  • Relativt tolerant mot tørke på grunn av djupe røter.
  • Høgt proteininnhald, 16-20%.
  • Fôrverdien til rødkløver er litt høgare enn for gras, og kan gi auka fôropptak frå grovfôr.

Utfordringar med rødkløver

  • Lite varig, går ofte ut etter 2-4år. Nyare forsking frå Irland har derimot vist at den kan vara 6år og lengre. Dette vart forklart med god etablering, god tilgong til næringsstoff (fosfor og kalium) og lite konkurranse frå sjukdom og skadedyr.
    • Tips for å auke varigheten:
      • Ikkje slå oftare enn kvar 4. veke.
      • Stubbehøgde minst 7-8cm ved slått
      • Unngå snaubeiting, minst 6cm att etter beiting.
      • For best overvintring: 4-6cm høgde.
      • Unngå tunge maskinar i vått vêr. Tråkk- og køyreskadar og jordpakking skader plantene direkte og inndirekte. Skadar på krona gjer planta meir utsett for sjukdommar.

  • Rødkløver inneheld planteøstrogen som er vist å påverka fruktbarhet/lammetal hos søyer. Det er difor anbefalt å unngå store mengder rødkløver i rasjonen (gjeld både eng og beite) 6 veker før og etter paring. Det er sjelden rapportert om påvirkning på fruktbarhet på storfe.

  • På beite er risikoen for trommesjuke høgare med rødkløver enn kvitkløver. Risikoen er høgast i kaldt, vått vêr og når dyra er svoltne. Slepp aldri ein svolten flokk med dyr ut på eit kløver-beite. Risikoen for trommesjuke kan reduserast ved å fôra anna grovfôr før eller på beitet. Rødkløver i fôrrasjonen må introduserast gradvis, og ein bør unngå daglege svingingar i kvalitet og andel kløver i rasjonen (gjeld både beite og innefôring). Risiko for trommesjuke på grunn av ensilert kløver er ubetydelig.

  • Rødkløver er utsett for sjukdom og skadedyr, men smittepresset er heldigvis lågt der det vert dyrka lite kløver (dei er lite plaga med desse sjukdommane i Irland).
    • Stengelnematode er det vanlegaste skadedyret. Den viser seg som flekkvis kortvokste planter og dårleg vekst. Til slutt vil plantene døy ut, og flekkane vil breia seg.
    • Kløverrote er den mest alvorlege sjukdommen. Det er ein soppsjukdom som ein oftast ser på vinteren. Kløverblada får brune flekkar, og ein får rote på krona, stengel og blad som planta sjeldan overlever.
    • Sjukdommar og skadedyr vert spreidd mellom felt med planterestar og jord på maskinar. Det vert anbefalt eit 5årig vekstskifte for å bekjempa sjukdom og skadedyr. Dersom stengelnematoden er påvist bør ein ha eit vekstskifte på 7år. Ein bør velje dei mest resistente sortane og unngå å overføre smitte frå gammal til ny eng.

Etablering

  • Sortar av rødkløver er diploide eller tetraploide, og kan blomstra tidleg eller seint.
    • Tetraploide sortar er ofte høge med store blad, desse høver best i raigraseng. Tetraploide artar pleidde dessutan å vera meir resistente mot sjukdom og skadedyr enn diploide sortar, men dette stemmer ikkje for moderne sortar.
    • Tidlege sortar blømer i slutten av mai, medan seine sortar blømer 10-14 dagar seinare. Tidlege sortar startar veksten tidlegare på våren, og me reknar med at 40% av årleg avling kjem på 1.slåtten, med stadig synkande avling i påfylgjande slåttar. Seine sortar er vanlegvis meir beitetolerant og varige enn tidlege sortar på grunn av fleire knoppar frå krona.

  • Rødkløver kan såast i reinkultur, men har ei rekkje fordelar i blanding med gras:
    • Høgare avling.
    • Enklare å oppnå vellukka ensilering, og høgare sukkerinnhald i fôret.
    • Mindre utsett for tråkk- eller køyreskadar.
    • Graset kan utnytta fiksert nitrogen.

  • Grasartane i frøblanding med rødkløver bør veljast utifrå forventa varighet på enga. For to års varighet bør ein velja italiensk raigras (toårig raigras) eller hybridraigras. For 3 eller fleire år bør ein velja fleirårig raigras eller hybridraigras. Tetraploide fleirårige raigras-sortar passar svært godt på grunn av ein meir open vekst og mindre konkurranse enn diploide fleirårige raigras-sortar.
  • Kvitkløver kan vera ein del av blandinga for å kunne ta over når rødkløver vanlegvis går ut etter 3-4år. Det finst kvitkløversortar med store blad som er meint for slåtteblandingar.

  • Såmengde pr. daa for ei rødkløver-dominert-eng er 1,5kg rødkløverfrø og 1,5kg grasfrø. Såmengde for ei gras-dominert-eng er750g rødkløverfrø og 2-2,5 kg grasfrø. Tilsett eventuelt 250g kvitkløver pr. daa til blandinga.

  • Det er mulig å direkteså kløver i eksisterande eng, eller så som underkultur (td. etter sprøyting av attlegget).

  • Rødkløver likar seg best på godt drenert næringsrik jord med pH 6-6,5. Såtid frå april til juli. Jamt såbed er viktig, tromling før og etter såing. Sådjupne 0,5 til 1cm, maks 1,5cm.
20200708 Eng med godt etablert kloverbestand Foto Ragnhild Renna
Eng med godt etablert kløverbestand. Foto: Ragnhild Renna.

Drift av rødkløvereng

  • I etableringsåret bør rødkløver få blomstre før første slått. Dette er viktig for rotutvikling og vekst av bakteriane som fikserer nitrogen.
  • I seinare år kan ein hauste gjenveksten kvar 6. til 8. veke mellom knopp og tidleg blomstring.
  • 3-4 slåttar kvart år. Om lag 80-90% av forventa avling er hausta innan tidleg i august. Puss eller beit av gjenveksten i oktober dersom dette er mogleg utan tråkk/køyreskadar, jordpakking og skade på kløveren si krone. Optimalt for overvintring er 4-6cm høgde på plantestanden.
  • Siste slått: seinast i midten av oktober.
  • Stubbhøgde 7-8cm ved slått, 6cm ved beiting.
  • Gjødsling: P og K etter norm for avlingsnivået må tilførast med husdyrgjødsel eller mineralgjødsel. Behov for 1200kg/ts er 2-3kg fosfor og 10-12kg kalium, dette kan tilførast med 3-4 tonn husdyrgjødsel (før vassinnblanding). N (norske normer): Du kan redusera gjødslinga med 1,4kg N/daa for kvar 5% med kløver (15% kløver = reduser gjødslinga med 3*1,4= 4,2kg N/daa. 40% kløver = reduksjon 11,2kg N)
  • Unngå køyring i enga under våte forhold, då skalde på plantene si krone og på jordstrukturen vil redusera avlingspotensiale og varighet til enga.
  • I ei eng med rødkløver og gras kan rødkløveren bidra med 15-20kg N/daa.

Ensilering av rødkløver

  • Rødkløver har lågt tørrstoffinnhald, inneheld lite vassløyselege karbohydrat (sukker) og høg bufferkapasitet. Dette er tre faktorar som gjer silo med rødkløver meir utfordrane å ensilera enn silo med gras.
  • Det er anbefalt å fortørka i 1-2 døgn med tørt vêr for å oppnå 25-35% tørrstoff. Fortørking vil auka konsentrasjonen av sukker slik at sannsynet for ei vellukka ensilering aukar. Blad er utsett for smuldring og drysstap dersom ein tørker for lenge eller vender ofte, det er ikkje anbefalt å bruka stengelbehandlar på slåmaskinen.
  • Ensileringsmiddel, NLR Rogaland anbefaler: Bruk ensileringsmiddel ved ensilering av kløverrik eng, høgste dose som er anbefalt. Syrebaserte ensileringsmiddel er best for kløverrik eng ved 25-35%TS.