Råda er utforma med lokal tilpassing av danske råd.

Ikkje gjødsle med nitrogen

Nitrogengjødsling stimulerer vekst og ikkje innvintring. Derfor er gjødsling med nitrogen i September direkte dumt med tanke på overvintring.

Høg stubbhøyde

Graset har mykje av opplagsnæringa i nederste del av stengelen. La graset få beholde dei 10 nederste cm av stengelen, så har grasplanta nok niste til å takle vinteren. Dess seinare du tek den siste slåtten, dess viktigare er det med høg stubb.

Gi graset litt gjenvekst før vinteren

Ideelt sett bør graset stå omlag 15 cm høgt når det avslutter veksten. Timotei takler godt å stå høgare enn dette òg.

Raigraset kan vere utsatt for soppsjukdomar dersom det er for langt når vinteren kjem. MEN faren for soppsjukdomar er størst dersom det vert liggande snø i meir enn ein månad. I store deler av flylket er ikkje dette ei relevant problemstilling.

Dersom du tykjer raigraset vert litt langt i slutten av september/starten av oktober tilrår me ei lett avbaiting med sau/lam eller (små)kviger framfor å slå graset.

Me opplever oftare at graset er for kort enn at graset er for langt inn mot vinteren.

Ekstra kalium?

Både danske tilrådingar og norske lærebøker tilseier at ekstra kaliumtilførsel på svært kaliumfattig jord skal bidra til bedre overvintring. Me har likevel ikkje fått utslag på dete i lokle forsøk. Derfor har me ikkje nokon indikasjon på at det er behov for å tilføre ekstra kalium for overvintring i vårt distrikt.