Når vi skal bekjempe desse to artane, må vi vite litt om utviklinga deira. Bringebær og bjørnebær har båe ein to-års syklus på greinene. Første året veks det opp ei og fleire greiner, neste år set desse greinene blomstrar og bær. Deretter visnar dei ned.

Kyr som går på beite, fullt med bjørnebærris, får ofte sår på spenar og jur. Sau som går på slike beite kan gå seg fast i riset og ikkje kome laus. Det er difor all grunn til å få bort bjørnebær på beite.

Ein brukande strategi for på få bukt med bjørnebær på beite, som også fungerer på nyperose:

  1. Fjerna alt ris første året.
  2. Neste år slepp ein sau på, desse vil beite ned dei nye skota etter kvart som dei veks opp.
Bjornebaer

Kjemisk bekjemping

Ved kjemisk bekjemping er det også ein føremon å fjerne det gamle riset ei god stund før behandling. Det er dei nye greinene vi må sprøyte. Desse er ikkje utvaksne før i juli. Vi har to middel vi kan bruka. Alle glyfosat-preparata vil verka, men dei drep også graset under. Vil vi ta vare på beitegras, er det Fluroksypyr-meptyl (som i t.d. Tomahawk 200 eller Flurostar 200) vi kan ha gleda av. Tilrådd dose er 200 ml/daa, bland gjerne med lik del MCPA for litt breiare verknad