Kjemisk brakking av eng før fornying er ein vanleg framgangsmåte. Å fjerne krevjande fleirårige ugrasartar er eitt av siktemåla. «Roundup» er mest effektiv mot grasartar. Verknaden mot tofrøblada ugras er svakare. Vil kampen mot allsidig ugrasflora bli meir effektiv om ein blandar «Roundup» med middel som er meir effektive mot tofrøblada artar, t.d. med MCPA, MEKOPROP, Tomahawk, Starane XL eller Harmony?

Brakking om hausten gir fleire fordelar. Ein får full avling siste engåret i den gamle enga. Gammal seig grastorv smuldrar godt gjennom ein lang vinter. Det blir enklare å få til eit godt såbed komande vår. Ved tidleg såing komande vår, og rett framgangsmåte, kan ein oppnå gode avlingar også neste sesong – i attlegg eller åkervekstar.

Brakking
Eng som er brakka med «Roundup». Grasartane visnar først. Høymole og andre tofrøblada artar har framleis litt grøn farge. I kjøleg ver om hausten, bør det gå minst to veker mellom sprøyting og jordarbeiding.

Brakking om hausten. - Forsøk og røynsle frå Vestlandet syner at ein kan få god verknad av ”Roundup” på grasartar både i september og kanskje også i oktober. Grasplantane bør ha minst 3-4 blad pr. skot. Om hausten bør det gå minst 14 dagar frå sprøyting til jordarbeiding. Når ein ser fargeendring hos plantane, kan ein rekne med at rota er døyande. Om ein vil ha full verknad også på høymole, løvetann, krypsoleie og andre tofrøblada artar, må ein auke dosen med minst 50 %. Dette er kanskje ikkje alltid naudsynt. Djup pløying, harving, og ugraskampen i attlegg eller åker komande sesong, vil normalt vere tilstrekkelege tiltak mot ugrasartar som overlever brakkinga med «Roundup».

Tankblanding? - Det er gjort forsøk med tankblanding av «Roundup» og preparat med Mekoprop eller MCPA. Resultata har variert, men syner at verknaden av kvart middel kan bli litt nedsett. Forklaringa kan vere at midla motverkar kvarandre, såkalla «antagonisme». Verknaden kan altså bli litt svakare enn om dei to midla blir spreidde kvar for seg med nokre dagars mellomrom. Det er gjort nokre få nyare forsøk, der «Roundup» er tankblanda med Tomahawk eller Harmony 50 (Tørresen 2020 pers. med.). Verknaden av 300 ml/daa «Roundup» pluss normale dosar av eitt av dei andre midla, har vore tilfredsstillande, i nokre tilfelle.

Tidlegare var «Roundup» eit forholdsvis dyrt ugrasmiddel. Ein kunne spare noko ved å kombinere låg dose «Roundup» med eit billegare middel mot tofrøblada artar. I dag er det lågare prisskilnad mellom «Roundup» og dei andre aktuelle midla. Det er no mindre å spare ved tankblanding.

I fleire land i Europa drøftar ein no om «Roundup» skal godkjennast for ny periode. Om det skulle bli innskrenkingar i bruken av dette middelet, t.d. ved innføring av maksimumsdose, kan tankblanding med andre middel bli meir interessant.

Er tankblanding lovleg? - Hovudregelen er at ein kan blande ulike ugrasmiddel, når det er nemnt på etiketten. Regelen er likevel ikkje absolutt. Når det gjeld blanding mellom «Roundup» og dei fire midla som er nemnde ovanfor, så er det tillate. Mattilsynet eller firma tek likevel ikkje ansvar for mogleg skade på avling. Bruk må føregå på «eige ansvar».

Nattefrost? - Ei natt med litt frost har vanlegvis ikkje ført til svakare verknad av Roundup. Etter ein periode med frost som varer fleire dagar, blir verknaden av ugrasmidla svakare.

Brakking vår eller sommar? - Kjemisk brakking kan også gjennomførast tidlegare i vekstsesongen. Under gode vekstforhold vår og sommar, vil verknaden av ugrasmidla vere raskare. Jordarbeiding og såing kan gjennomførast alt etter ei veke, utan at ein minskar verknaden av «Roundup».

Forureining. - Nedbrytinga og uskadeleggjeringa av plantevernmidla går saktare under kjølege forhold. Bruk av midla seint i sesongen aukar risikoen for utvasking og restar i vassdrag og grunnvatn.

Nye preparat med glyfosat. - Glyfosat er det aktive stoffet i «Roundup», som til no har vore det mest nytta middelet med glyfosat. Nye preparatnamn har seinare kome på marknaden. Roundup, Glypper og Gallup Super inneheld alle 360 g glyfosat/liter. Roundup Flex er meir konsentrert, med 480 g/liter, medan Credit Xtreme inneheld 540 g/liter. Dei meir konsentrerte midla skal nyttast i lågare mengder.

Kjelde.- Tørresen, K. 2022. NIBIO. Personleg meddeling.