Bjarte Inge Sørestrand og Cecilie Sande bur med familien på Øvre Lavikdalen i Høyanger kommune, der dei driv med mjølk og sau. Dei har bestemt seg for å satse vidare på mjølkeproduksjon i ny fjøs. NLR Vest bidrog med viktig kompetanse før og under byggeperioden.

Koordinering og kontrahering

NLR Vest vart kontakta av Bjarte Inge i byrjinga av februar 2021, med ynskje om at vi skulle koordinere utbygginga av fjøsen. Dei hadde då fått utarbeidd forprosjekt og driftsplan, og var begynt å få inn tilbod frå dei ulike faga.

Vi starta arbeidet med å gå gjennom prosjektet og utarbeide framdriftsplan. Samstundes vart alle innkomne tilbod gått gjennom og vurdert. Etter forhandlingar med dei ulike entreprenørane, vart kontraktane signerte og arbeida kunne starte opp.

Fakta om fjøsen

Fjøsen har eit areal på 935 m2 der 2. etasje utgjer 55 m2. Planlagt drift er med 34 årskyr og kvigeoppdrett. Bygget består av plasstøypt betongkjellar med spalt over i dyrerommet og plate på mark/ringmur i arealet for fôrsentral og birom. Overbygget består av limtresøyler og dragarar, med massivtre som kledning. Ventilasjon er med justerbare gardiner på langsidene og kip i mønet.

Framdrift og ferdigstilling

Betongarbeidet vart starta opp 01.05.21. Arbeid med overbygget kom i gang 31.08.21.Tidleg i november var fjøsen nær sagt ferdig. Først blei nokre ungdyr sette inn, og frå slutten av månaden blei det robotmjølking på garden. Ein intensiv byggeperiode var over.

To bilder
Bjarte Inge er i gang med byggeprosessen. Til venstre 30.05.21. Til høgre 29.08.21.

Avgjerande sparringspartnar i byggeperioden

Vi var spente på kva slags erfaringar Bjarte Inge hadde gjort seg i denne perioden, og tok ein prat med han rett før innflytting i fjøsen. I påvente av finansiering starta han med innhenting av prisar på ulike typar arbeid, men han innsåg at han ville ha med seg ein støttespelar i prosessen vidare. Det var «uaktuelt å sitje med denne type arbeid sjølv». Det blei oppretta kontakt med sin gamle «sambygding», noverande byggrådgjevar i NLR Vest, Hans Emil Dale. Bjarte Inge framhevar den gode kjemien og gjensidig tillit som gjorde at Hans Emil sin jobb undervegs har vore svært viktig for han. Sjølv om det har kosta pengar, så har han spart pengar på anna arbeid ved å ha hatt hjelp i samband med framdriftsplan, forhandlingar med leverandørar, inngåing av kontraktar og som fagleg rådgjevar undervegs. Dei har hatt eit «24/7-forhold» undervegs. I følgje Bjarte Inge har Hans Emil vore ei «vanvittig god støtte» å ha i heile byggeperioden, sjølv om han bur langt vekke, og ikkje kunne vere tilstades fysisk i særleg grad. Bjarte Inge legg likevel ikkje skjul på at det har vore tøft å gjennomføre eit slikt byggeprosjekt; det har vore både gode og dårlege dagar i løpet av denne tida. Totalt trur han at dei reint økonomisk kjem skapleg bra ut i høve til planane. Han er glad dei no har lagt grunnlaget for framtidig drift på garden.

Det er kjekt å høyre at bønder er godt nøgde med jobben NLR Vest gjer. Spesielt innanfor bygningsplanlegging, byggesøknad og oppfølging i byggeperioden, har vi etter kvart fått gode erfaringar der bønder har vore svært nøgde med utført arbeid. NLR Vest har også hatt nokre vellukka prosjekt som byggeleiar.

Inne okt
12. oktober 2021 var innreiinga godt i gang.
Tommel opp
Bjarte Inge med «tommel opp» ved innflytting i november 2021.