Grovfôrutnytting hos kjøttfe - er det forskjell ?

11.12.2009 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Oddbjørn Kval-Engstad

I prosjektet "Raud Angus - marmorert økobiff på grovfôr" har Håvard Steinshamn, Bioforsk Økologisk, gått gjennom undersøkingar med ulike rasar og krysningar for å finna skilnadar i fôrutnytting - og dei finst !

Dei totale fôrkostnadane utgjer om lag 80 % og grovfôrkostnadane 60 % av dei variable kostnadane i sjølvrekrutterande kjøttproduksjon, etter tal frå Nortura. Det kan difor vera mykje å hente økonomisk dersom det er mogleg å betra effektiviteten i fôrutnyttinga.

Håvard Steinshamn har funne interessante skilnadar i krav til vedlikehald, fôrutnytting til vekst og biologisk effektivitet. Det er heilt klårt viktig å velje rett rase i høve til kva ein har av grovfôr, både for å utnytte grovfôret og potensialet hjå dei einskilde rasane.

Artikkelen du kan laste ned og lesa her finst og på trykk i Økologisk Landbruk nr 4 2009 og kjem i TYRmagasinet før jul.