Finn rett haustetid for eple

15.09.2010 (Oppdatert: 04.03.2015) Gaute Myren

I tillegg til storleik og farge er måling av fastleik og innhald av stivelse og sukker nyttig for å finne optimalt haustetid for eple.

Målingane brukas for å lage haustetidsprognosar for de ulike eplesortane i forskjellige områder. Det kan være forskjellar sjølv innanfor korte avstandar, avhengig av lokalklima.

Haustetidsprognosar er eit nyttig verktøy for dyrkarar og grossistar for å få plukka epla på eit tidspunkt som gir ein modningsgrad butikkane og forbrukarane er nøgde med.

For å finne storleiken på eple kan eit skyvelære eller eit holmål være greitt å ha med i feltet for å unngå å hauste for små eple. For enkelte sortar kan det være eit problem at epla blir for store t.d. Aroma ved liten avling.

Epla heng i eit ope tre med godt med lys. Epla som heng inne i treet får ikkje så mykje lys som er nødvendig for at dei er modne samtidig. Difor er det nødvendig å hauste treet i minst to til tre omgangar.

Fleire kriteriar

Dei fleste som dyrkar eple har også skaffa seg utstyr for måling av sukker, refraktometer. Dei som vil ha fleire kriteriar for haustetidspunkt vil også ha stor nytte av eit penetrometer og jodtesten. Penetrometeret ein har brukt er eit Italiensk Gullimex FT327 som kan måle både eple og pære. Normalt blir den oppmontert i drillstativ for å kunne være stødig og gje ei korrekt avlesing.

Til jodtesten treng ein ferdigblanda jod og kaliumjodid. Dette bestiller ein på apoteket og ein brukar 10 gram jod, 40 gram kaliumjodid til ein liter vatn. Vanleg forbruk vil ein trenge 100 ml i løpet av ein sesong alt etter kor omfattande testar ein utfører.

For at testen skal gje god indikasjon på at haustetidspunktet nærmar seg, bør ein ta ut prøvar på 10 eple. Ved utvalet på treet skal ein ta dei epla som blir først modne. Normalt finn ein dei i toppen og ute på greinene i treet. Eple som har naudmodna pga sjukdom eller anna skal ikkje brukast i testen.

Dekkfarge

Danninga av raudfarge krev lys. Raudfargen vert danna så lenge epla heng på treet og får sollys. På lageret vil dekkfargen normalt vere uforandra.

Grunnfarge

I løpet av modningsprosessen skjer ei nedbryting av klorofyll i epleskallet og eplet blir meir gulaktig i grunnfargen. Desse endringane fortsett etter at eplet er hausta.

Fargekart for grunnfarge (grønn-gul skala)

CTIFL-vifte for Tentation

C1-C2    ikkje hausting

C3          lagring

C4          marknadsføring

C5          butikk

(Vangdal 2009, pers. medd., GPS-møte Geilo)

Dette eplet nærmar seg hausting, men det er litt igjen på storleiken og grunnfargen er framleis grønaktig. Ved hjelp av Streif-indeksen (sjå nedanfor) fant ein ut at det var to veker igjen før haustinga kunne ta til.

 

Fastleik

Under modningsprosessen endrast pektinstoffene i celleveggene i eplet, og eplet blir mjukare.

 

 

 

Med eit penetrometer kan du måle fastleiken til epla på ein enkel måte. Ute i felt kan du presse mot handa, men det blir sjeldan nøyaktig. Bruk drillstativ.

Du tek bort skalet på eplet før testen tek til, sidan seigheita i skalet ikkje er interessant i denne samanheng. Du pressar inn ein sylinder til eit gitt spor. Det er viktig å gjere det med jamn bevegelse.

 

 

 

Skalaen på instrumentet viser hardheita i fruktkjøtet:

·        Over 8                 ikkje hausteklare

·        7-8                       klar for hausting om epla skal lagrast før sal

·        6-7                       klar for hausting og raskt ut i butikk

·        5-6                       butikk-kvalitet

·        Under 5              for mjuk og skal tas bort frå butikk

(Vangdal 2009, pers. medd. GPS-møte Geilo)

Måleeininga ved bruk av penetrometer er kg/cm2. Umodne og faste eple gir høye tall, medan modne eple lågare tall. Etter erfaringane har eple med en fastleik på 5 - 6 best aksept hos forbrukaren.

 

Stivelse

Det blir oppbygd stivelse i eplet under utviklinga. Under modninga blir stivelsen broten ned til sukker. Kor langt stivelsesnedbrytinga ha kome  i eplet kan sjåast ved å leggje delte eple i jodoppløysing. Oppløysningen farger stivelse blåsvart.

Umodne eple innehelder mye stivelse og farges mørke på hele snittflaten. Stivelsen omkring kjernehuset blir først nedbrote og snittflata på eple som har begynt å modne vil derfor være lys rundt kjernehuset. Skalaen for stivelsesinnhold går frå 1-10. Et høgt stivelsesinnhold (mørk snittflate) gir lav verdi.

Stivelsestesten egner seg ikkje til sorter som har høgt stivelsesinnhold ved hausting (Ingrid Marie og Karin Schneider).

 

 

 

 

  

Etter å ha delt epla i to, blir dei plassert i jodløysinga i minst ett minutt. Deretter blir dei tatt opp og lagt til tørk i nokre minutt. Ved mange testar slik som her kan det lønne seg å ha system og ta arbeidet med å samanlikne med poengskalaen tilslutt. 

 

 

 

 

 

Det er utarbeida mange forskjellege jodskala-plansjar. Her er bilde av ein plansje som høver til Aroma. Indre Sogn Forsøksring har utarbeida mange fine plansjar for bruk på dei mest vanlege eple og pæresortane me har i Noreg.

 

 

 

 

 

 

 

 

Sukker

Sukkerinnhaldet aukar under heile utviklinga til eplet på treet. Et godt uttrykk for sukkerinnhald og søtleik får ein ved bruk av refraktometer.

Under modninga vil stivelsen etter kvart bli omdanna til sukker og refraktometerverdien vil dermed stige. Dette skjer både i sluttfasen på treet og på fruktlageret. Dersom all stivelse blir brukt opp under lagringa vil sukkerinnhaldet minke.

Refraktormeterverdier ved hausting bør være over 10,8 for eple, men kravet varierar mellom sortane. (Vangdal 2009, pers. medd. GPS-møtet Geilo)

Refraktometerverdien målast helst i safta frå fleire eple for å få eit godt gjennomsnitt. Enklaste metode er å bruke kvitløkpresse og ta ut bitar frå den halvdelen av eple som ikkje vart nytta i jodtesten.

Ei raskare metode er å bruke kjøkkenmaskin eks. saftsentrifuge. Ta då ut nokre bitar frå kvar frukt og samle opp safta etter å ha køyrt sentrifuga. Bruk ei pipette og legg nokre dråpar på prisme til refraktometeret. Eininga er i prosent (%) og blir også kalla Brix.

 

 

 

 

 

 

 

 

Med nokre dråpar saft frå eple på eit digitalt refraktometer kan du lese av sukkerinnhaldet med ein gong. Her er det 14,1 % og eplet er klar for konsumering. Sukkerinnhaldet vil også auke ved lagring.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Streif-indeks

 

Streif-indeks =                                 Fastleik                                                      
                                 Refraktometerverdi x Stivelsesverdi

Streif-indeksen byggjer på erfaringane tyskaren Josef Streif gjorde, der han såg samanhengen mellom fastheit, sukker og stivelsesnedbrytinga som skjer i eple. Refraktometerverdi og stivelsesverdi aukar når eple blir modent, medan fastleik normalt vil bli mindre. Streif-indeksen vil normalt gå fort ned den siste tida av modninga. Det er viktig å huske på at det vil være variasjonar frå år til år. Forholda i tida før hausting eks varme, vasstilgang på sommaren og forholda kring hausting vil bli påverka av kor fort utviklinga går. Dessutan bør produsent og fruktlager være klar over om frukta kan lagrast ein periode eller om den bør komme rett ut i butikken. For ein kunde vil det være naturleg at frukta kan oppbevarast i romtemperatur nokre dagar utan å ta skade.

Ein må hauste trea fleire gonger. Normalt vil ein kunne plukkhauste kring 10-15 % av epla som har fått god lyseksponering. Deretter ventar ein i 5 til 7 dagar for å ta hovudhaustinga. Det kan hende at over halvparten av avlinga kan være klar då. Så kan det hende ein får ei siste plukking kring 5-7 dagar etter dette. Er den av god kvalitet kan den gå rett ut i butikken, sidan lagringsevna vil være kort. Er kvaliteten ikkje på topp bør den gå til produksjon av t.d. eplemost eller juice.

 

Eksempel: Discovery på Foss gård, Lier i Buskerud

Innhausting tysdag 24. august: 10 eple

1. Trykkfastleik

Gjennomsnitt penetrometer solside: 10,4

Gjennomsnitt skyggeside: 10,9

Dette gir verdien 10,7 for trykkfastleiken.

2. Stivelse

Legg epla etter kor mykje blå farge dei har etter å blitt farga i jod. Bruk samanlikningsbladet for å gi dei poeng frå 1 til 10. Her var talla 3,3,4,4,4,4,4,5,5,5 som gir snitt på 4,1.

3. Refraktometer

Sukkerinnhald tar ein ut frå gjennomsnittet frå kvart eple eller to samleprøver frå alle epla. Med digitalt refraktormeter blir målingane lettast å lese av. Her var verdien 9,9.

Streif-indeks

Ved å putte talla inn i formelen får ein Streif-indeksen.

Streif-indeks =         10,7   
                                9,9 x 4,1

Streif-indeksen blir då 0,27

Vi ser då at epla er for harde endå og at sukkerinnhaldet er lavt. Under norske forhold bør Discovery ha Streif-indeks på 0,09 til 0,16 for å kunne haustast. Discovery i Lier kunne derfor ikkje haustast ved prøvetidspunktet. Kor fort den når idealverdien vil mellom anna avhenge av temperaturen framover og kor fort utviklinga går framover.

Denne testen er tatt på dei same fem trea og dei har ikkje vorte hausta frukt frå trea utanom til testen. Under norske forhold bør Streif-verdien for Discovery være mellom 0,09 og 0,16 og er markert med blå søyler. For resten av feltet vart det plukkhausta i slutten av veke 36. Av resultatet ser ein at det som heng igjen framleis er bra vare i veke 37, men at avlinga ikkje har så lang lagringsevne som det som vart teke ut veka i førevegen.

 

> Utskriftsvennlig versjon (pdf)

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.