Nye dyrkingsmanualar for frukt

16.05.2017 (Oppdatert: 16.05.2017)

Tre nye manualar for tettplanting i frukt er lanserte, med forfattarar både frå NLR og NIBIO Ullensvang. Dyrkingsmanualane inneheld mykje ny informasjon og skildrar dei siste erfaringane om den mest optimale produksjonsmåten for både økologisk og konvensjonell produksjon til konsum.

Ole Christoffer Røste vil nytte fruktmanualane undervegs i det praktiske arbeidet på garden. Han er fersk fruktdyrkar og vil dyrke konvensjonelle moreller og økologiske eple. (Foto: Mikkel Aanderaa)

Serien med manualar tar for seg fleire emne som er nyttige for både nye og etablerte dyrkarar.

Endre Bjotveit i NLR Vest har laga ein manual for stell og drift av tettplantingar, som bygger på nyplantingsmanualen frå 2013, og Eivind Vangdal i NIBIO har laga manual for gjødsling i frukthagar.

Gaute Myren i NLR Viken har hatt ansvaret for manualen for mekanisk ugrasbekjemping.

−  Eg har gjort eit forsøk på å lage ein oversikt over det som er å få tak i av utstyr og korleis det fungerer. Men dette er likevel ingen fasit, seier han.

Komplett serie med fruktmanualar for tettplantingar

Nyplantingsmanualen for tettplanting kom i 2013. Den er no supplert med heftet om stell og drift av tettplantingar i frukt, blant anna med eit stort kapittel om skjering. Det har folk sakna. Den har også informasjon om plantevern og viktige oppgåver gjennom året på ein fruktgard. Gjødslingskapittelet er trekt ut som eit eige hefte kor gjødslingnormer i både økologisk og konvensjonell drift blir drøfta.

Manualane er nettbaserte og har ein del linkar til andre kjelder, så dei er best å lese på nettbrett eller pc. Økologisk dyrking er også integrert i manualane.

− Slike manualar er spesielt nyttige for oss som er nye dyrkarar, seier Ole Christoffer Røste, fersk fruktdyrkar på Gvarv i Telemark.