Hold vatnet unna med gode flomsikringstiltak

24.04.2020 (Oppdatert: 24.04.2020) Eivind Bergseth

Sikring mot flom er oftast aktuelt på elvesletter eller areal ut mot vatn der vassnivået varierer mye. Karakteristisk for slike areal er at de er flate og ligg lågt i forhold til vassnivået i elva eller vatnet og at dermed liten avstand til grunnvatnet.

Låg forbygging mot elvekant forsterka mot utvasking med duk kan vere eit godt flomsikringstiltak. (Foto: Eivind Bergseth)

Jordarten er oftast sandig silt eller silt, det vil si jordarter som er lite gjennomtrengeleg for vatn. Grunnvatnet står ofte høgt og jorda er køyresvak i våt tilstand. Der vassnivået utafor slike areal er høgt, vil arealet vere utsett flom når vassføringa er stor.

Rådgjerder på slike areal:

  • Først må det byggast forbygging som hindrar flomvatn å renne innover arealet.
  • Senking av grunnvatnet ved kanalisering og drensgrøfter.
  • Profilering av arealet slik at overflatevatn kan renne mot kanal
  • For å lense vatnet ut frå kanal, må det oftast monterast pumpestasjon.

 

Forbygging  

Oftast er det aktuelt å bygge forbygginga ut mot elvekant eller tvers over attrenne inne på jordet. Ei attrenne er oftast gamalt elvefar der vatnet renn inn ved flom i elva.

Enkelte gonger kan det og passe å bygge forbygging ved å heve terrenget lengre inne på jordet for eksempel ved å grave opp stor grøft og fylle denne med til dømes sand og deretter føre tilbake den oppgravde massen på toppen. Det blir da ein rygg inne på vollen der ein kan bruke arealet på vanleg måte samstundes med at ryggen stenger for flomvatnet.

Fylling av sand i grøft for heving av terreng. (Foto: Eivind Bergseth)

 

Forbygginga (dam) mot flom må byggast opp av massar som er svært lite gjennomtrengelege for vatn. Det er svært viktig å sikre overgangen mellom opprinneleg terreng og den oppbygde forbygginga slik at det ikkje blir lekkasje her. Da kan ein få grunnbrot med rask oversvømming og som regel store erosjonsskadar. Sikring her kan vere vertikal nedgraving av duk som strekkjast frå drenering/flomsikring nede i grunnen under forbygginga og brettast over for så å fyllest ned med same jordmassen som er brukt inne i dammen. Det er viktig å sørge for god etablering av gras på dammen for å ha armering som tåler at det renn vatn over. Det er alltid kritisk første året etter etablering av slik forbygging (dam) før vegetasjon er etablert viss flommen blir så stor at det renn over dammen. Da kan ein få stor utvaskinga av masser.

I samband med forbygging (dam) bør det lagast overløp der vatnet frå elv kan renne inn før vassnivået blir så høgt at det renn over heile forbygginga. Overløpet kan sikrast mot erosjonsskadar enten ved å nytte betong eller god steinpolstring.

Steinpolstret overløp (Foto: Eivind Bergseth)

 

Pumpestasjon

Pumpestasjonar i samband med flomsikring er som regel plassert i enden av kanal som går inn til forbygginga (dammen). Vatnet blir frå pumpestasjonen løfta over dammen og ut i elv eller vatn.

Pumpa blir som regel starta og stoppa av nivåbryter stilt inn etter ønska vassnivå i kanalen eller pumpebrønnen. På bildet under er pumpa plassert i pumpebrønnen som er bygd opp av betongringer montert vertikalt og med diameter 1,2 m. Det grove røret i botnen er for å tappe ut vatn dersom flommen blir så stor at vatnet renn over forbygginga.

For å lede vatnet raskt mot kanal og pumpestasjon er det ofte behov for å planere arealet slik at det blir fall mot kanalen. Er jordarten tett silt, kan det i tillegg bli aktuelt å grave ned drensgrøfter. Desse bør da ha så tett avstand som 6 m og gravast ned på djupne 1,2 m.

Pumpa er plassert i pumpebrønnen som er bygd opp av betongringer montert vertikalt og med diameter 1,2 meter. Det grove røret i botnen er for å tappe ut vatn dersom flommen blir så stor at vatnet renn over forbygginga. (Foto: Eivind Bergseth)

 

Denne fagatikkelen er hentet fra medlemsbladet til NLR-enhetene på Østlandet, Grønt i fokus, nr. 2-2020, som kommer i mai. Det har tema vann og innholder mye godt fagstoff om flomforebygging, drenering og vanning, pluss mye annet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.