Få oversikt over grovfôrmengdene du har til disposisjon

16.07.2018 (Oppdatert: 16.07.2018) Jon Geirmund Lied, Lise Austrheim

Sjølv om hovudfokuset om dagen er å skaffe inn så mykje vinterfôr som mogeleg, vil det vere fornuftig å skaffe seg oversikt over kor mykje grovfôr du har til disposisjon, samt kor mykje du minimum må ha for å fôre buskapen gjennom vinteren.

Du må skaffe deg oversikt over hvor mye fôr du har tilgjengelig, og hvor mye du trenger til buskapen gjennom vinteren. Å vite antall rundballer er i de fleste tilfeller ikke nok. FOTO: Ragnhild Borchenius

Tal rundballar eller silovolum gir ikkje eit fullstendig bilde av situasjonen. For Sør-Norge sin del har nok mesteparten av det til no innhausta foret ein relativt høg tørrstoffprosent, noko som gjev fleire kilo tørrstoff /fôreiningar pr rundballe eller pr m3 surfor. 

Å få ein oversikt kan være ein positiv oppleving i ein periode der mange har relativt høge skuldre. 

 

Små mengder grovfôr i rasjonen

Erfaringar frå Vestlandet med bruk av fiberrikt kraftfôr sesongen 2013-2014 viste at storfe og småfe kan oppretthalde tilfredsstillande produksjon med små mengder grovfôr i fôrrasjonen.

Etter tåørkeåret 1992 sette A. Ekern og M. Mo opp desse minimumsmengdene surfôr i aktuelle rasjonar. 

Dyregruppe Fôrbehov
Kyr med over 30 kg dagmjølk 4 FEm surfôr/dag
Kyr med 20-30 kg dagsmjølk 3 FEm surfôr/dag
Kyr i tørrperiode eller mindre enn 20 kg dagsmjølk 2 FEm surfôr/dag
Ungfe til rekruttering eller kjøtproduksjon ned mot 1 FEm/dag

Har du luta halm, kan denne erstatte 1 FEm av surfôret per dag. 

 

Ta kontakt med fôringsrådgivaren din snarest mulig for å få sett opp fôrplan for krisefôring. 

 

Beregn kilo fôr disponibelt

Rundballer: Tal ballar x vekt per ball

Vekt pr ball: Veg nokre ballar (5 -10 stk.- flest ved stor variasjon i vekta på ballane). Heng vekta i frontlaster eller liknande. Bruk helst stropp (sjå bilete) evt nett.  I nøden siloklype, men det medfører etterarbeid. 

Sjekk med Rådgivingstenesta, Tine eller naboar om å få låne vekt. 

Vei rundballer med stropper og vekt. FOTO: Morten Berntsen

 

Silo: Rekne ut volumet av siloen

Ved grashøgd i siloen på om lag 5 m kan ein rekne  om lag 800 kg surfor pr m3  (svakt fortørka for).

Så berekne tørrstoffprosent og evt energiinnhald. Dersom det ikkje er aktuelt å sende inn fôrprøver til analyse no, må du minimum ta ut prøve for bestemmelse av tørrstoffprosent. Dette kan du gjere sjølv. Forklaring finn du i videofilmen: 

 

 

Berekne avlingsmengde

Tørrstoffavling: Kg fôr x tørrstoffprosent = avlingsmengde i kg tørrstoff

Energiavling målt som fôreiningar (FEm). 

Her har du behov for å kjenne til energikonsentrasjonen i foret (FEm pr kg Tørrstoff) som blir oppgjeve i ei fôranalyse

Dersom du ikkje har foranalyse av årets fôr, kan du i nøden nytte gjennomsnittstal t.d. frå forrige fôringssesong, eller du kan sette inn verdien 0,84 FEm pr kg TS, som tilsvarar eit middels godt surfôr.

FEm avlinga blir då: avlingsmengd i kg TS x 0,84 FEm pr kg TS

 

Eksempel

Du har desse opplysningane: 180 rundballar, vekt 730 kg, ts% 38,5 

Surformengde: 180 rb x 730 kg/rb = 131400 kg

Tørrstoffmengde: 131400 kg x 38,5% Ts = 50589 kg Ts

FEm avling: 50589 kg Ts x 0,84 FEm/kg Ts = 42494 FEm

FEm pr rundball: 42494 FEm / 180 rb = 236 FEm/ rb

 

Har du  30 kyr, 30 ungdyr og 30 kalvar du skal fôre gjennom vinteren, kan det vere aktuelt å fôre med slike grovfôrmengder frå 20. september  til 20. mai (8 mnd inneforingsperiode 240 dg). NB! Dette forutset fôrplan med fiberrikt kraftfôr.

Dyregruppe Utregning Sum behov
Mjølkekyr 4 FEm per dag x 30 x 240 28 800 FEm
Ungdyr 2 FEm per dag x 30 x 240 14 400 FEm
Kalvar 1 FEm per dag x 30 x 240 7 200 FEm
Sum vinterfôrbehov   50 400 FEm

I dette eksempelet manglar det vel 8 000 FEm eller om lag 34 rundballar. 

 

Vedrørande oppsett av fôrplan for ditt bruk, vil vi henvise til din fôringsrådgivar. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.