Raud marg i jordbær og raud rotròte i bringebær er soppsjukdommar som kan gjere svært stor skade. Soppane vart tidlegare rekna som same art; og sjølv om dei no er rekna som to ulike artar, oppfører dei seg svært likt. Begge er karanteneskadegjerarar og skal meldast til Mattilsynet dersom det er mistanke om- eller konstatert nye angrep. Dersom det er påvist ein karanteneskadegjerar på bruket, må ein rette seg etter eit eige regelverk:

  • · Forbod mot å omsetja eller gi frå seg plantemateriale til vidare dyrking, jord eller andre smitteberande emne
  • · Avstandsisolering og andre restriksjonar i den vidare produksjonen
  • · Forbod mot maskinsamarbeid
  • · Plikt til å opplysa den andre parten om restriksjonar på eigedomen før ein inngår avtale om sal av eigedom, forpakting eller bortleige av jord, m.m.
  • · Reingjering og desinfeksjon av utstyr som har vore nytta i jordbærdyrkinga, dersom det skal brukast utanfor produksjonsstaden
Aksel 2
"Raud marg" er ein farleg skadegjerar i jordbær. Margen i rota vert som regel raudfarga medan resten av rota er kvit.

Lett å spreie

Soppane kan gjere dramatisk skade i bærfelta og verst der det er dårleg drenert. Svart rotròte har fått større merksemd siste åra, dette kan skuldast ulike soppar og kan gjere skade både i jordbær og bringebær. Det kan ta tid før symptoma på desse sjukdommane er synlege, og i mellomtida er det lett å spreie sjukdommen utan at ein er klar over det. Gode rutinar kan også hindre spreiing av mindre farlege og meir vanlege skadegjerarar som f eks midd og nematodar.

Plantekjøp

Planter er verste smittevegen. Brukar ein smitta planter, er ein sikker på å få sjukdommen i feltet. Minst smitterisiko er det med norske sertifiserte planter. Importplanter er i regelen smittefrie, men ein har ingen garanti.

Også ved oppal av eigne planter må ein vere svært forsiktig. Det skal lite til for å spreie smitte på oppalsplassen eller i kassene. Dersom det er mistanke om smitte eller konstatert smitte, må ein aldri bruke eigne planter.

Aksel 3
"Raud rotròte" i bringebær viser seg som gulning og visning i bladverket. På nyskota viser den seg som ein mørk brun stengelròte som grå nedanfrå og oppover.

Smitte med reiskap

Traktorar og reiskap kan ofte dra med seg jord og planterestar frå eit felt til eit anna. Særleg gjeld det jordarbeidingsreiskap. Smitte kan skje mellom bruk, men også mellom felt på same bruk. Ikkje alltid veit ein om ein har smitte, eller om naboen har det.

Reiskap som er brukt på felt der det er smitte eller mistanke om smitte, må grundig vaskast og desinfiserast. Det hjelper lite å desinfisere reiskap med mykje jordrestar.

Maskinsamarbeid kan vere lønsamt for maskiner som vert sjeldan brukt, men det aukar risikoen for å overføre smitte frå eit bruk til eit anna. Bærdyrkarar bør derfor unngå samarbeid om jordarbeidingsreiskap. Dersom det likevel skjer samarbeid, er grundig reingjering og desinfeksjon heilt avgjerande.

Innleigd arbeidskraft eller besøk på garden

Dei fleste bærdyrkarar har utanlandsk arbeidskraft. Desse kan ha arbeidd i bærfelt i utlandet. I andre tilfelle kan det vere folk som arbeider på fleire bruk her i landet. Dei bør då skifte fottøy mellom bruka. Det kan lønne seg for bærdyrkaren å kjøpe inn sko og støvlar som arbeidsfolket brukar berre på det eine bruket.

God vask og desinfeksjon kan også vere godt nok. Klede med jord må bytast eller vaskast før ein skal over på nytt bruk. Besøkande på garden som skal ut i bærfelta, må bruke skoovertrekk. Dette gjeld ikkje minst rådgivarar, Mattilsynet og Arbeidstilsynet. Skoovertrekk må vere sterke og høge.

Aksel 1
"Raud marg" viser seg som visne eller daude planter i delar av feltet.

Planteavfall, drensvatn og vatningsvatn

I bringebær vert det fjerna store mengder gamle skot kvar haust. Desse kan utgjere ei smittekjelde. Mange knuser dei gamle skota med beitepussar eller liknande inne i feltet, men det er usikkert om det kan gi auka smitte i feltet. Dersom skota vert fjerna frå feltet bør det gjerast slik at det ikkje kan smitte til andre felt.

Smitte kan også overførast med overflatevatn eller dreneringsvatn. Ein bør derfor tenke nøye gjennom kvar dreneringsvatnet hamnar, og kvar vatningsvatnet kjem i frå. Dersom ein får smitte med vatningsvatnet, er det ein svært effektiv måte å spreie smitten på.

Vask og desinfeksjon

Grundig vask av jordarbeidingsreiskap, traktorhjul og liknande er eit godt tiltak mot smittespreiing. Vaskeplassen må vere lett tilgjengeleg, lett å bruke og helst ha fast dekke. Til desinfeksjon kan ein bruke "Klorin" (5-10%), "Virkon S" eller alkohol (60-75%). Alle desinfeksjonsmiddel er avhengig av at det som skal desinfiserast, er godt reingjort på førehand. Desinfeksjon har liten effekt der det er mykje jordrestar.

Ulik haldbarheit

Virkon har ei haldbarheit på ei veke etter at det er utblanda i vatn. Klorin er haldbar nesten til evig tid, men kan virke etsande på enkelte materiale, f eks aluminium. Alkohol verkar svært raskt og kan brukast på småreiskap, fottøy og hender. Virketida for desinfeksjonsmiddel varierer etter kva organisme ein skal bekjempe, og kor godt materialet er reingjort. Klor og Virkon S bør ha 10-30 minutt, medan alkohol berre treng 30 sekund.

Støvlar eller småreiskap kan dyppast i ei bøtte eller kar med desinfeksjonsmiddel. Til større reiskap må ein bruke ei hagesprøyte eller liknande og sprøyte desinfeksjonsmiddelet på, det er då viktig å få god dekking over alt.

Leigejord

I våre dagar er det utstrakt bruk av leigejord. For bærdyrkarane er det ein fordel å ha korn eller gras i vekstskiftet, men dette utgjer ein smitterisiko. Dei som dyrkar korn eller gras, har ofte mykje leigejord og er innom mange bruk på same dag. Reingjering og desinfeksjon er derfor svært vanskeleg og tidkrevjande.