Det var mange år ein kraftig auke i bringebærproduksjonen til friskkonsum, men den har gått litt ned att etter 2017. Kanskje er det likevel grunn til optimisme. Grossistar og kjeder vil ha meir norsk bær, og bærprisane har auka meir enn konsumprisindeksen siste åra. I Møre og Romsdal har det vore ein reell nedgang i produsert mengde jordbær. Bringebærproduksjonen her i fylket er liten, men stabil.

Figur 1 Harmony fra plasttunnel
Figur 1. Jordbærsorten Harmony dyrka i plasttunnel

Færre og større dyrkarar

I dei fleste landbruksproduksjonar vert einingane færre og større. I bærdyrkinga er dette tydlegare enn i andre produksjonar. Figur 2 viser at gjennomsnittsarealet for jordbærdyrkarane i Norge var nesten tre gongar så stort i 2015 som i 2000. I Møre og Romsdal har auken vore litt lavare. Auken har skjedd fordi mange små har slutta. Etter 2014-2015 har auken i gjennomsnittsareal flata ut. Truleg er mange store nok, og det heng også i hop med at det er tendens til ein generell nedgang produksjonen.

Frå og med 2018 har det vore betalt tilskot til bær seld på direktesal. For bringebær førte det til ein stor auke i talet bønder som søker om produksjonstilskot. For jordbær var denne auken mindre tydleg, men kan ha ført til at nedgangen i talet på søkarar har stagnert. Medan middelarealet for jordbær er oppe i rundt 40 dekar, er det berre 5-6 dekar for bringebær på landsbasis. Tal jordbærdyrkarar i Norge har vore ca. 250 siste åra, på bringebær ca. 300.

Figur 2 Dekar jordbaer pr bruk i Norge
Figur 2. Gjennomsnittleg areal i dekar per søkar for dei som har søkt produksjonstilskot 2000 - 2022.
Figur 3 tal sokarar distriktstilskot pa baer i Norge
Figur 3. Tal søkarar distriktstilskot jordbær og bringebær 2002 - 2022.

Jordbæravlingar

Når ein ser på tilskotsstatistikken, er det ikkje store endringane i jordbæravlingane etter årtusenskiftet. I Møre og Romsdal har jordbæravlingane vore rundt 600 kg/dekar i gjennomsnitt. Dette er ikkje store avlingar, men likevel over landsgjennomsnittet. For heile landet ser det ut til å vere ein auke i avlingane siste åra. Dette kan ha fleire årsaker. Viktigaste er truleg at direktesalet no er kome inn under tilskotsordningane, dvs. avlingane er ikkje større, men det vert gitt tilskot til ein større andel av produksjonen.

Samtidig aukar tunnelproduksjonen av bær. Den gir større avling, noko dei også må ha for at det skal vere lønsamt. Ved table-top produksjon av remonterande jordbærsortar kan avlinga kome opp i 4-5 tonn/dekar.

Figur 4 jordbaeravlingar etter PT tilskot
Figur 4. Gjennomsnittleg jordbæravling kg/dekar etter oppgitt areal og avling (tal frå Landbruksdirektoratet).

Bringebær

Det har vore ein kraftig auke bringebærproduksjonen til friskkonsum etter år 2000. Mange har vore redd vi skulle stange i taket i marknaden. Når produksjonen har minka att etter 2017, skuldast dette truleg ikkje at salet buttar i mot, men heller at økonomien ikkje er god nok. Prisane har ikkje helde tritt med krava som vert stilt til konsumbringebær. Grossistane vil ha lys bær og svært jamn modningsgrad i kassene. Ein må derfor plukke minst ein gong for dag, og det fører til store plukkekostnader. Hausting av lite moden bær fører også til at ein taper bærstorleik og avling.

Figur 5 bringebaer tonn og tal dyrkarar
Figur 5. Tal bringebærdyrkarar i Norge og produsert mengde i tonn (tal frå Landbruksdirektoratet).

Kvifor er det ikkje større interesse for bærdyrking?

Dei som sluttar med bærdyrking, oppgir mange årsaker. Den viktigaste er som regel økonomi. Andre årsaker er aukande krav frå myndigheitene og grossistane som fører til meir byråkrati og administrasjon. Det er også krevjande å vere arbeidsgivar for så mange sesongarbeidarar.

Plantevernutfordringane har vorte større siste åra fordi mange effektive plantevernmiddel har vorte utfasa utan at vi har fått nye som kan erstatte dei.

Mange er også misfornøgd med at det er vanskeleg å ta fri i løpet av sommaren. Dette er særleg merkbart for dei som har full jobb i tillegg til bærdyrkinga.

Kan tunneldyrking løyse problema?

Tunneldyrking kan vere svaret på nokre av utfordringane i bærdyrkinga. Plantevernutfordringane vil vere mindre og annleis i tunnel enn på friland. Både i jordbær og bringebær i tunnel er gråskimmel eit lite problem i høve til friland. Mot midd og insekt kan ein i stor grad bruke nyttedyr. Mot mjøldogg kan ein bruke korte intervall med spreiarvatning og/eller UV-lys. Med jordbær på table-top er ikkje ugras eit tema. Alt dette gjer at ein i tunnel er mindre avhengig av kjemisk plantevern.

I tunnel vil ein også ha mykje betre arbeidstilhøve, og på mange måtar ein meir attraktiv arbeidsplass. Ein kan gå med rak rygg og plukke bær, bæra er lette å finne og raske å plukke. Mange brukar timeløn i staden for akkord. Arbeidarane vil ha arbeid ein lang periode, gjerne 4-6 månader. Kvar tilsett kan derfor produsere mykje meir i løpet av ein sesong. Med remonterande jordbærsortar vil ein få ein lang sesong og kvar plukkar kan plukke 4-5 gongar så mykje i løpet av sesongen som med eingongsberande sortar. Det betyr sparte kostnader ettersom behovet for sengeplassar, sanitærrom, kjøkken osv. vil vere berre ¼ med same bærmengde. Tunnelar er ei stor investering, men gir også sparte kostnader.

Figur 6 Tunneljordbaer Aksel
Figur 6. Jordbærsorten Harmony på table-top i tunnel.

Marknad

Ser ein utviklinga over lang tid, var det ein kraftig auke i norsk jordbærproduksjon og omsetning på 1960-70 talet. Mykje skjedde i den perioden. «Senga Sengana» endra mykje. Den ga større bær og større avling enn mange av dei andre sortane på den tida. Den var god både til friskkonsum og industri. Samtidig kom betre distribusjon og betre emballasje. Ikkje alle er einige i at pappkasser og plastkorger var eit framskritt, men det ga i alle fall fordelar i omsetninga.

Tradisjonelt har det vore stort direktesal av jordbær, og det er det framleis. Dette gjer at ein kan få friske bær raskt ut til forbrukar. Ved direktesal kan ein i tillegg bruke sortar som har god smak/aroma og er plukka fullmodne. Til omsetning i supermarked må ein ha meir toluge sortar som gjerne er plukka før dei fullmodne.

Siste 20-25 åra har Gartnerhallen, Bama og Norgesgruppen satsa på norske bær og har auka omsetninga av friske jordbær og bringebær merkbart. Dette har ikkje ført til auka norsk produksjon, men har flytta bær frå direktesal over på butikk. I tillegg har omsetninga av importbær auka mykje særleg i mai-juni, altså i forkant av norsk sesong. Det er særleg på vår og forsommar det er stor interesse for bær; samtidig som norsk produksjon er liten i den perioden. Med remonterande sortar på table-top kan vi derimot produsere bær utover i september og oktober, men omsetninga har vist seg å gå svært tregt på hausten.

Glen Ample

I forrige årtusen var det nesten ingen omsetning av bringebær til friskkonsum gjennom grossist og butikk. Med innføring av Glen Ample og tunneldyrking fekk vi mykje meir haldbare bær og ein bratt auke i omsetninga av konsumbringebær. Bringebærproduksjonen nådde toppen i 2017 og har sidan gått nedover, slik det er drøfta ovanfor.

Frå 60-70 talet og utover var industribæra viktig, men etter kvart utgjer industribæra ein stadig mindre andel av produksjonen. Det er eit stor behov for jordbær til industri, men nedgangen i produksjonen har vore stor og norskandelen til industri utgjer svært lite.

For bringebær har industriandelen helde seg litt høgare og behovet til industrien er mindre enn for jordbær. Valldal har ein stor andel av den norske industrijordbæra, medan det meste av industribringebæra kjem frå Sogn og Fjordane. Årsaka til nedgangen i norsk industri-bærproduksjon er nok først og fremst økonomien. Prisskilnaden mellom konsumbær og industribær har auka mykje siste tiåra.

Figur 7 vatning jordbaeraker
Figur 7. Vatn er ein viktig vekstfaktor i bær, også sommaren 2022 vart det vatna litt.

Takk

Prosjektet «Kompetanseheving for dyrking av bær i plasttunnelar i Møre og Romsdal» er finansiert av Møre og Romsdal Fylkeskommune.