Ugras i plantehola

Etter planting vil det som regel spire litt ugras i plantehola. Dei fleste luker dette ugraset for hand. Handluking kan vera tidkrevjande, men er tryggare for bringebærplantane enn kjemisk behandling. Alternativet til handluking er bruk av spiregifta Gallery før ugraset spirer. Gallery har god verknad på dei fleste frøugras, men har redusert verknad på tunrapp, tungras, klengjemaure, mjølkeartar og åkersvineblom. Mange har opplevd skade på bringebærplantar og vekststans som følgje av feildosering av Gallery (bilde 1). Får ein slik vekststans i nyplanta felt vil plantane bruke lang tid på å ta att den tapte tilveksten. Det vil som regel medføre at bringebærhekken ikkje får den høgda som trengst for å ta ut avling året etter planting.

Vil ein likevel bruke Gallery i nyplanta felt må ein vera svært nøye med sprøytetidspunkt, dosering og sprøyteteknikk. Sjølv om det er blanda riktig konsentrasjon i tanken er det lett å overdosere om det vert tilført for mykje væske. I plastdekka felt vil det og vere fare for at sprøytevæske vil kunne renne inn i plantehola frå den nylagde, glatte mypexduken og slik kunne gje overdosering. Dosering av Gallery må også tilpassast etter jordart. På lett jord må det brukast lågare dosar enn på tyngre jord, då middelet lettare kan bli vaska ned til bringebærrøtene ved vatning eller kraftig regn. På etikett er det oppgitt dosering på 30-100ml Gallery i 40-60l vatn per dekar. Praktisk erfaring har vist at dosering ikkje bør overstige 75ml/daa på lette jordartar. Dosen kan også med fordel delast opp i to sprøytingar. Merk at doseringa gjeld for effektivt sprøyta areal.

Før sprøyting må plantene ha etablert vekst i rotsystemet og jorda må ha sett seg. Generelt vert det tilrådd at det går 7-10 dagar etter planting av bringebær før bruk av Gallery, men sprøytinga må gjerast på svart jord før ugraset spirer. Fuktig jord er avgjerande for god verknad og sprøyting kan gjerne gjennomførast i lett regn. På tørr jord er overvatning med 15-20mm før sprøyting naudsynt.

Bilete 1
Bilete 1: Nyplanting med sprøyteskade og veksthemming av Gallery (foto: Rune Vereide).

I etablerte bringebærfelt vil behovet for ugrasreinhald i plantehola verta mindre etter kvart som plantene fyller opp plantehola. Ved stor frøbank av ugras i jorda kan Gallery brukt tidleg vår vera aktuelt også seinare i omløpet. Tilrådd bruk er som i nyplanting.

Ugras langs plastduken

I bringebær bør det haldast ei vegetasjonsfri stripe på minimum 50cm langs plastduken. Dette er for å unngå at ugras veks opp og breier seg inn over duken og etablerer seg i plantehola. I tillegg unngår ein konkurranse med bringebærplante om tilgjengeleg vatn og næring. Forsøk har vist at vegetasjonsfri stripe gir ein dokumentert auke i avlingsnivået. I dag er det ugrasmiddelet Maister som vert brukt til dette.

Maister er eit ugrasmiddel som i utgangspunktet har vore godkjent i kulturane fôrmais, juletreplantasjar og i planteskular. Sidan 2014 har NLR-medlemar fått off-label godkjenning for bruk av Maister i bringebær og ei rekkje andre bær- og fruktslag. Maister er eit systemisk bladherbicid med nokså breispektra verknad både på grasartar, frøugras og fleirårige breiblada ugras som brennesle og soleie. Men ugraseffekten er svak m.a. mot tungras, vindelslirekne og veronika (bilde 2). Ved innkjøp av Maister følgjer det og med eit kolli av Mero, ein maisolje som skal tilsetjast under omrøring til slutt i sprøytetanken.

Etiketten opnar for å kunne dele opp dekardosen i fleire sprøytingar før blomstring. Dette kan vere spesielt aktuelt ved sprøyting i kulturar der ein har tilgang til andre ugrasmiddel som blandingspartnar for å auke ugraseffekten. I bringebærkulturen blir Maister brukt åleine og ein har god erfaring med å bruke full dose i ei sprøyting på godt oppvakse ugras. Då vil bladverket ha stor overflate og ta opp ein høg dose som gjev god systemisk effekt ved transport til rotsystemet. Merk at større ugras set krav til god sprøyteteknikk og jamn væskedekning av ugraset.

Gode veksttilhøve under sprøyting er viktig for å sikre den systemiske effekten. Høg luftfuktigheit under sprøytearbeidet gjev og betre opptak og forsterkar ugraseffekten. Ugrassprøyting litt tidleg på dag, etter at evt. doggfall har tørka opp, kan vere gunstig sprøytetidspunkt, helst med stigande temperatur til 12-15 grader ut over dagen. Merk at det oftast går lang tid før ugraset viser symptom på nedvisning. Etter ca. 2 veker startar dei yngste blada å bli gule og etter 4 veker er ugraset visna ned (bilde 3).

Sprøyt aldri ugras med tørkestress, dette vil redusere opptak og verknad av Maister. Ettermiddagssprøyting på solrike sommardagar er heller ikkje optimalt. Under slike klimatilhøve lukkar ugraset spalteopningane i cellene for å redusere vasstapet og opptaket av ugrasmiddelet blir redusert, med tilsvarande dårleg ugraseffekt.

For å unngå oppbygging av resistens mot Maister er det tilrådd å veksle med ugrasmiddel som har annan verkemåte kvart 3. år.

Bilete 2 Foto Jorn Haslestad
Bilete 2: Maister har dårleg verknad mot tungras (foto: Jørn Haslestad).
Bilete 3kopi
Bilete 3: Maister 4-5 veker etter sprøyting. God verknad mot grasartar og ein del fleirårige breiblada ugras (foto: Rune Vereide).

Bruk Maister i stilt ver og sjekk sprøyteutstyret for evt. lekkasjar. Brukar ein Maister til punktsprøyting inne i plantehola bør ein bruke skjerma sprøyting. Her ser ein nokre døme på sprøyteskade i bringebærhekken etter bruk av Maister. Nokre av desse kan forvekslast med skadesymtom av andre skadegjerarar (bilete 4, 5 og 6).

Bilete 4
Bilete 4-6: Skade som liknar på bladmidd (4). Skade som kan forvekslast med virus (5, 6). Foto: Rune Vereide.
Bilete 5
Bilete 4-6: Skade som liknar på bladmidd (4). Skade som kan forvekslast med virus (5, 6). Foto: Rune Vereide.
Bilete 6
Bilete 4-6: Skade som liknar på bladmidd (4). Skade som kan forvekslast med virus (5, 6). Foto: Rune Vereide.

Kveke og andre grasartar

Kveke og andre grasartar kan bli eit problem i bringebær. Enkelte gonger tek dei over plantehola og kveler bringebærplanta, eller breier seg innover duken frå midtgangen. For å få kontroll på desse ugrasartane kan det vere aktuelt å bruka selektive kvekemiddel ved flekksprøyting.

Focus Ultra og Agil/Zetrola er systemiske og selektive ugrasmiddel som kun har verknad mot kveke og andre grasartar. I bringebær kan desse brukast fram til blomstringsstart og eventuelt etter hausting. Tilrådd utvikling ved sprøyting er når kveka har utvikla 3-5 blad og er i god vekst. Synleg verknad på kveka etter sprøyting tek tid, gjerne opp mot 2-3 veker. Blir ikkje effekten god nok, kan ei 2. sprøyting vere nødvendig for å få godt nok resultat. Mot tunrapp har begge midla svak verknad.

Både Focus Ultra og Agil/Zetrola kan løyse opp gamle sprøyterestar i ei dårleg reingjort sprøyte. For å unngå sprøyteskade frå evt. tidlegare ugrassprøytingar bør difor sprøyteutstyret godt reingjerast både før og etter bruk av desse preparata.

Avstand til andre ugrassprøytingar bør vera minst 1 veke, både før og etter. Unngå sprøyting rett før eller etter regn og ved temperaturar over 25°C.

Ugrasforsøk i bringebær 2021

Etter at Reglone frå 2020 ikkje lenger var lovleg å bruka, mangla det i bringebær noko å veksle med Maister for å unngå at det utvikla seg resistens. I 2021 gjennomførte NLR Viken og NIBIO difor ei utprøving av fleire aktuelle ugrasmiddel i bringebær. Middela vart forsøkt sprøyta både langs med duken og inn i rada for å tynne renningar. Det vart registrert effekt på ulike ugrasartar, på renningar og eventuelle skader på bringebærplanta.

Middela som vart prøvd var Spotlight Plus, Gozai og Beloukha. Spotlight Plus og Gozai hadde begge interessante resultat både på ugras langs plast og som tynningsmiddel på nye renningar. Beloukha hadde derimot svak til lite effekt.

Ein tidlegare versjon av Spotlight Plus kalla Shark/Spotlight var med i testing også i 2011. Då vart det konkludert med at middelet var interessant som tynningsmiddel, men for svakt som ugrasmiddel, spesielt mot grasartar. Endring av preparatet etter 2011 har ført til noko betre effekt mot ugras, men verknaden mot grasartar viser seg å framleis vere svak.

Ingen av desse preparata er per i dag godkjent for bruk i bringebær. NLR tek sikte på å halde fram utprøvinga med nye ugrasmiddel i komande sesong.