I NLR Agder tek me vanlegvis jordprøver med tilfeldige stikk rundt på jordet, for å få eit representativt gjennomsnitt, med ei prøve per 8-10 dekar. På større skifte er det difor gjerne teken fleire prøver i kvert sitt område. Koordinatfesta jordprøvar takast tettare og systematisk, med konsentrerte stikk i ein sirkel rundt eit punkt. Prøvene kan takast oftast i eit rutenett på 80x80 meter, altså ei prøve per 6-7 dekar, uavhengig av arrondering og kor kupert skiftet er. Fordelen med koordinatfestinga er at ein kan sjå kor på jordet ein finn dei mest ekstreme verdiane. Dette kan vere med på å forklare variasjonar i avling og om det er mogeleg å gjere tiltak for å utbetre.

Eit enkelt eksempel teken i fjor haust viser kor mykje variasjon det kan vere på kort avstand. På eit lite, flatt jorde i Setesdal blei det teken fire prøver med ulik avstand, og variasjonane var store sjølv på korte avstandar, slik ein kan sjå under.


Provepunkt
Bilete 1: Koordinatfesta jordprøver tekne i fjor haust med ulik avstand. Avstand mellom punkt 1 og 2 er 40 meter, 2 og 3 er 60 meter medan 3 og 4 er 80 meter i frå kvarandre.
Jordart
Bilete 2: Siltig mellomsand på heile skiftet. Jordet er tilnærma heilt flatt.

Fosforinnhaldet er langt høgare i den eine enden. I den eine enden er fosfortalet 13 og 15, som tilseier ei 50 % reduksjon i fosforbehovet, medan fosfortal på 3 tilseier ei 50 % auke. Snittet på cirka 10 tilseier ingen korreksjon i behovet. Her har ein altså mogelegheit til å eksempelvis redusere mengden husdyrgjødsel i enden til venstre i bilete, og auke på i enden til høgre.

Fosfor
Bilete 3: Stor variasjon i fosforinnhald på skiftet. Sannsynleg årsak er at fjoset og gjødselkjellaren ligg nede til venstre for skiftet, og gjødsla har blitt spreidd på det nærmaste arealet.

Gjennomsnittleg pH er 5,6 på skiftet, og cirka 600 kg kalk med 50 kg CaO 5. års verkanad er anbefalt. Kalker ein dette einsarta over heile skiftet vil ein ende opp med 6,6-6,7 i pH på det høgaste og 6,2-6,3 på det lågaste. Ved å nytte seg av tildelingsfilar er ikkje målet nødvendigvis å ende opp med mindre total mengde kalk, men å påføre riktig mengde på riktig stad. Effekta ein ønskjer å oppnå er riktig pH over heile skiftet og dermed betre vekstvilkår for kulturplantene. Sjølv med ei større utgift til analyse av fleire prøver, er kalking etter tildelingsfil etter alle solemerke økonomisk lønsamt. NLR Rogaland har skriven meir inngåande om praktiske forskjellar ved presisjonskalking i denne artikkelen.

PH
Bilete 4 og 5: Enorm variasjon i pH. Anbefalt pH er 6,3, og det er difor eit stort og varierande behov for kalk på heile skiftet. Maks anbefalt mengde ved overflatekalking er 400 kg vare, eller 200 kg CaO ved ein verknadsgrad på 50 %. Det må difor kalkast i to omganger eller i forbindelse med fornying av enga.

Me tilbyr koordinatfesting av jordprøver no i haust. Har du skifte du ønskjer dette på, får du med kalkingsfil når prøvene er analysert. Me i NLR Agder forsikra oss om at det er kalkleverandørar tilgjengeleg som kan spreie etter tildelingsfil.