Gjødsling
Beitene skal gjødslast ofte og lite, første gongen tidleg på våren. 15 kg N fordelt på 3-4 gjødslingar i vekstsesongen kan høve her i fjellandbruket. Med mykje kløver bør N-gjødslinga reduserast med 4-8 kg N. P- og K-tilførselen bør tilpassast jordprøvene. Om du har for mykje beitegras tidleg på sommaren, kan du utsetje første gjødslinga litt.
Husdyrgjødsel på beite: vassblanda gjødsel så tidlig som muleg om våren eller umiddelbart etter nedbeiting eller pussing. 1-2 tonn/daa og det bør ga minimum 3-4 veker frå spreiing til beiting. Bruk av husdyrgjødsel på beite fører ofte til et redusert fôropptak og aukar faren for sporar i mjølka.
Plantevern
Det er alltid eit spørsmål om når er det for mykje ugras og når ein dermed skal starte med ugrasnedkjempinga. Ugras vil alltid konkurrere med graset og redusere avlinga. Dei kan vere giftige som td Engsoleie (solblomster), Tyrihjelm (tærhalm) og Rome. Vi har òg ugras som gjev smaksfeil på mjølk, som Meldestokk, Pengeurt og Gjetertaske.
Vi har noko skadetersklar som ein kan ta utgangspunkt i :
Giftige planter: 0%
Planter som vert vraka: 0-5%
Andre ugras: 10-25 %
Ulike tilhøve vil auke konkuransen frå ugraset.
Indikatorplantar:
Blaut jord: Vassarve, knereverumpe, sølvbunke, krypsoleie m.fl.
Sur jord: Stemorsblomst, linbendel, engkvein, småsyre m.fl.
Næringsfattig jord: Engkvein, småsyre, følblom og engmose.
Pakka jord: Tungras, tunrapp, knereverumpe.
Tidleg slått, mange slåttar, sterk beiting: Tunrapp.
Det er desse tilhøva ein må prøve å gjere noko med når ein planlegg å bruke areal til beiting. Blaut jord = drenering, sur jord = kalking, næringsfattig jord = gjødsling. Pakka jord= vurdere kjøring/ og beitetrykket på arealet (oftast er det aktivitet på ei jord som er for fuktig som er årsaka).
Beitepussing er eit viktig plantevern i eng eller kulturbeite der det vert beita. Beitepussinga gjer at ugras som står att etter beitinga vert slege ned og ikkje får ein betre start enn resten av graset. Det er stor konkurranse om lys, plass og næring/vatn, så det er viktig å halde ugraset nede.
Det er litt skilnad på kva middel ein kan bruke om det er eng eller varig beite. Det er viktig å vete kva gras og ugras ein har når ein skal velje middel. Har vi kløver i er Gratil og Harmony alternativa. I varig beite kan ein og bruke Express SX (+klebemiddel). Også MCPA opp til 100ml skader ikkje kløver, men i eng er det anbefalt 240 ml og da blir kløver skada. MCPA tar vanleg ugras som soleie, løvetann, tistel med fleire. Utan kløver er utvalet større; allsidige middel er, Starane XL, ei blanding av Tomahawk og MCPA, med fleire. Vær spesielt obs på vassarven i beitene. Høymola og hundekjeks tek ein mest effektivt med å sprøyte med Harmony (eller Gratil) etter ei av beitingane. Det bør vere over 12 grader og litt fuktig ver.
Artar
Engrapp: Eit utprega beitegras som spreier seg med underjordiske stengelutløparar. Treng 2-3 år på å etablere seg, men er varig. Tåler godt hard nedbeiting. Godt egna i varige beiter.
Engsvingel: Eit kombinert slått- og beitegras med godt gjenvekstpotensial. Etablerer seg raskt, men trivst best på litt tyngre, næringsrik jord. Bør ikkje beitast lågare enn 9-10 cm.
Timotei: Typisk slåttegras som tåler dårleg dei mange høstingane som beiting fører til. Han er god på smak og etablerer seg lett. Går ut i varige beiter. Bør ikkje beitast lågare enn 9-10 cm.
Rødkløver: Har pålerot og tåler beitetrakk dårleg. Er dårleg egna i varige beiter da han vil gå ut etter få år.
Kvitkløver: Spreier seg med overjordiske stengelutløparar og tåler beitetrakk og hard avbeiting godt. Trivst på dei fleste jordartar og er glad i lys. Hard nitrogengjødsling og forvokste beiter vil redusere bestanden.
Italiensk og westerwoldsk raigras: (Vinter-)eitårige vekstar som egnar seg veldig godt til beite. Etablerer seg raskt og held seg godt utover høsten, har god smak og gjev god avling. Viktig med rett tidspunkt for beiting og pussing for å halde oppe ein god kvalitet på beitet. Bør ikkje beitast lågare enn 6-8 cm.
Grasart |
Jord/klima |
Kvalitet/ smaklegheit |
Varigheit |
Anna |
Raigras (fl.å) |
Fast og tett jord Rikeleg nedbør |
God kvalitet. Smakleg |
Lite hardfør |
normal gjødsling tåler beiting |
Timotei |
Moldrik jord. Rikeleg nedbør |
God kvalitet og svært godt likt |
Lite hardfør v/beiting |
Tåler dårleg beiting |
Engsvingel |
Tyngre jord. Nok fuktigheit |
Middels kvalitet. Vert fort gamal |
Rellativt hardfør |
Tåler godt beiting |
Engrapp |
Tåler ikkje vassjuk/sur jord |
Middels kvalitet. Vert fort gamal |
Varig ! |
Tåler godt beiting |
Hundegras |
Moldrik jord / ikkje myr |
Middels kvalitet. Rask utvikling. |
Lite hardfør |
Er tidleg. Tåler beiting |
Rødsvingel |
Lite kravfull Tørr/mager jord |
Middels kvalitet. |
Hardfør og varig |
Tåler beiting |
Engkvein |
Lite kravfull |
God kvalitet. Er sein om våren. |
Svært hardfør og varig. |
Tåler beiting |