Tabell graspr 2020
*) MSC (Mean Stage by Count) er ein verdi som blir utrekna etter teljing av vekstnodar og registrering av aks på timotei. Verdien fortel om utviklingstadiet på avlinga. Verdiane her er nede på 2-talet, dvs lite synleg aks og til dels minst ei veke unna ideelt slåttetidspunkt.

Mange prøver er tekne ut ei god stund før slått, og nokre stader har vi teke prøver fleire gonger på same skiftet. Tabellen syner 26 prøver med dato/stad for uttak. Det er teke med verdiane for energi, protein, NDF og sukker.

Det er sendt ut resultat frå nokre av desse prøvene i "lokalmiljøet" tidlegare. Somme stader har vi brukt Grovfôrmodellen til NIBIO for å kunne sjå på utviklinga vidare etter prøveuttak. Til dette treng vi klimastasjonar i nærleiken. Det er også brukt den utrekna verdien MSC (sjå tabellen). Det er sendt eigen e-post til medlemane i dei fleste kommunar i gamle Sogn og Fjordane. Dette blei gjort 10. juni, og er sjølvsagt noko forelda i dag, men les her kva vi skreiv 10. juni.

På nettsida til NLR Vest ligg det opplysningar om prøvene som er tekne i Voss herad. Sjå denne her.

Det er ikkje råd å kommentere kvar einskild prøve. Verdiane som er vist er sjølvsagt ikkje representative for det fôret som blir/blei innhausta frå kvart av desse skifta, sidan det stort sett har gått fleire dagar, frå prøvetaking til slått. Likevel kan vi sjå litt på nokre resultat.

Energi og protein

Til mjølkekyr bør vi ha rundt 0,90 FEm pr. kg tørrstoff i grovfôret, men ein del av fôret kan ha lågare verdi avhengig av fôringsstrategi, tid i laktasjonen, ønskt ytingsnivå m.m. Proteininnhaldet blir påverka av nitrogengjødsling og slåttetidspunkt, og bør ligge på ca. 14-17 % av tørrstoffet ved slått, også avhengig av kva fôret skal brukast til.

Prøvene frå Granvin syner nedgang i energi frå 1,05 FEm pr. kg tørrstoff 26. mai til 0,88 FEm pr. kg tørrstoff 9. juni. Proteininnhaldet gjekk ned frå 18,6 % til 14,2 % i same tidsrommet. Tala tyder på at det var på høg tid å hauste rundt 9. juni.

Prøveuttak frå Ølve (Ljostveit) syner overraskande høge energiverdiar 8. juni, men proteininnhaldet er kome for lågt.

Prøvene frå Skulestadmo syner ei heldig utvikling, med høveleg slåttetidspunkt seinast 8. juni.

På Evebø i Gloppen var det få dagar att til slåtten ved prøveuttak 1. juni. I Olden synte både energiverdien, proteininnhaldet og MSC 1. juni at det var att nokre dagar før aktuelt slåttetidspunkt.

Prøvene tekne i Sunnfjord og Sogn den 1. og 2. juni syner høge energiverdiar. MSC tyder også på tidleg utviklingsstadium. Derimot er proteininnhaldet såpass lågt at det kan vere grunn til å tenkje seg negativ PBV ved slått.

På Vartdal i Ørsta er det teke prøver frå same staden, med ei vekes mellomrom. Den 11. juni er framleis energiinnhaldet høgt, men proteininnhaldet tyder på negativ PBV ved hausting.

I Hornindal, litt inne i dalen, er det også teke to prøver på same stad, med ei vekes mellomrom. Den 11. juni hasta det framleis ikkje å starte hausting.

NDF

Denne verdien fortel om strukturen i fôret. Verdien stig med utsett hausting. Vi kan ikkje heilt samanlikne NDF i ferskt gras med verdien i ferdig ensilert fôr. NDF ein stad mellom 50 og 60 % av tørrstoffet er høveleg i ferdig fôr, avhengig av kva fôret skal brukast til.

Erfaringar frå slåtten

På dei tidlegaste stadane blei det hausta før tørken slo inn. Dei som haustar no merkar tørke i form av sviing og låge avlingar. Vi har observert vatning både før og etter slått rundt om. Vi har også opplevd til dels store skader av stankelbeinlarver som har tynnt ut enga. Totalt sett blir nok 1. slåtten noko dårlegare enn vi kunne vente etter at vi hadde kjøleg mai og tjukk eng litt tidlegare. No treng vi vatn på husdyrgjødsel og mineralgjødsel som skal ut etter 1. slått. Gjenlegga treng også vatn!

Rundballer
Traktor utsikt