Bildetekst til hovudbilde

Alderen på enga på Vestlandet er høg. Vanleg fornying, med jordarbeiding og frøsåing, er arbeidskrevjande. I mange høve blir vinsten ved fornyinga meir kortvarig enn ynskjeleg. Etter seks år er avlingsnivået og ugrasinnhaldet i mange tilfelle tilbake på same nivået som før fornyinga.

Såing i ny eng

Såkalla «vedlikehaldssåing» har vore forsøkt av praktikarar i Rogaland i fleire år. Dette er ikkje reparering av tynn eller skadd eng. Innsåing av nytt frø startar alt i første eller andre engår. Det blir sådd nytt frø kvart – eller annakvart år, med 2-3 kg frø pr. dekar. Såinga blir gjort tidleg om våren, eller straks etter første- eller andre slått. Det skal tromlast etterpå. Høveleg såutstyr er langfingerharv med såutstyr for grasfrø. Denne er 6 m brei, kan køyrast 10 km pr. time, og har stor kapasitet. Andre typar såmaskinar blir også nytta. Røynsle tilseier at det er lettast å lukkast med innsåing om ein nyttar fleirårig raigras. Metoden har likevel vore lite dokumentert gjennom systematiske forsøk. Vil fordelane ein oppnår vere store nok til å dekke kostnader til frø og arbeidsinnsats?

Forsøk

Tre forsøksfelt vart lagt ut i 2013-2015, med tidleg vårsåing, i første eller andre års eng. Feltet i Hjørungdalen vart sådd våren 2013, Fjørtofta våren 2014 og Godøya våren 2015. Det vart nytta 2,5 kg frø pr. dekar av fleirårig raigras. Såmaskinen var i alle felta Einbøck langfingerharv, med såutstyr for grasfrø. Etter planen vart det tromla rett etter såing, for å sikre best mogleg kontakt mellom jord og frø.

Resultat

Etter 4 forsøksår var det ingen sikker avlingsauke etter innsåing annakvart år. Det er ein svak tendens til avlingsnedgang i første slått etter såinga. Nedgangen var 7 %. Dette skuldast venteleg mekanisk skade på plantane. I dei komande slåttane er tendensen ein svak avlingsauke.

Dei tre felta hadde normalt tett plantesetnad med normalt avlingsnivå, og lite ugras. Haustinga vart gjort om lag ei veke før vanleg slåttetid. Tredjeslåtten vart ikkje forsøkshausta. Faktisk avlingsnivå var difor noko høgare enn det går fram av tabellen. Det vart ikkje påvist skilnader i botanisk samansetnad, mellom sådde og usådde forsøksruter.

Tabell vedlikehaldssaing
Tabell 1.- Resultat frå vedlikehaldssåing i 3 felt, Hjørungdal, Fjørtofta og Godøya, i 2013-2017. Felta vart sådd tidleg om våren i 1. eller 2. års eng. Dei to første felta vart sådd annakvart år, og hausta i 4 år. Feltet på Godøya vart sådd første år og hausta i 2 år. Det er 40 små hauste-ruter bak kvart tal.

Konklusjon

I dei tre fireårige feltforsøka på Sunnmøre, med regelmessig innsåing av grasfrø annakvart år, har det vore svært liten og statistisk usikker avlingsauke. Kostnaden til såfrø og arbeid er ikkje dekt inn. Sjølv om raigraset spirer etter såinga, har det ikkje ført til nemnande avlingsauke. Vår konklusjon er at rutinemessig innsåing, i eng som har normalt tett plantesetnad, neppe løner seg. Derimot er det gode røynsler med innsåing i eng som er uttynna, til dømes etter overvintringsskade eller køyreskade.

Resultata samsvarar med resultata frå nyleg avslutta forsøk med årleg «våtsåing» i ung eng. Her vart frø av fleirårig raigras blanda med blautgjødsel og spreidd samstundes med gjødslinga tidleg om våren. Heller ikkje i desse forsøka vart det oppnådd sikker eller lønsam meiravling etter tre år med årleg innsåing, frå første engår (Høglind 2017). To av dei 9 feltforsøka låg på Vestlandet.

Litteratur