Urea inneheld nesten 50% nitrogen, medan AN inneheld om lag 28% nitrogen. Urea er billegare enn AN, men nitrogenet her er mindre stabilt og blir lettare tapt til atmosfæren. På den andre sida; produksjon av AN gir giftige utslepp til atmosfæren.

Å velje mellom urea og AN dreier seg om meir enn å bare samanlikne nitrogeninnhaldet. Du må overveie korleis dei skiller seg frå kvarandre i utnyttingsgrad, kor lette dei er å spreie, og karbon-fotavtrykk. I denne artiklen blir alle skilnadane mellom urea og AN-gjødsel forklart.

Kva inneheld dei?

Urea og AN er begge nitrogengjødselslag. På verdsbasis er urea meir tilgjengeleg og mest brukt. I Norge er det AN som er mest brukt, og all fullgjødsel, sulfan, kalksalpeter og kalkammonsalpeter er varianter av AN-gjødsel.

Urea inneheld 46% nitrogen medan AN inneheld om lag 28% nitrogen. Så eitt kilo urea inneheld meir nitrogen enn eit kilo AN. AN består av raskt nedbrytbart nitrat-nitrogen og seint nedbrytbart og stabilt ammonium-nitrogen. AN inneheld også kalsium og magnesium.

Urea vs. AN-gjødsel: Tilføring og effekter

Det er store skilnader i når og korleis urea og AN bør tilførast jorda, og korleis plantene bruker gjødseltypane. Å kjenne til skilnadane hjelper deg å velje gjødselslaget som passer best til dine veksttilhøve og din innsats for å dyrke avlinga di.

Nitrogenet i urea blir lett tapt gjennom gass (volatilisering), der ammonium frå ureaen forsvinn til atmosfæren. Effekten av urea blir mindre dersom den blir brukt på kalkhaldig jord (høg pH) og jord med høgt innhald av organisk materiale. Det er fordi fordampinga av ammonium blir større på desse jordtypane. Du må altså bruke meir urea på desse jordtypane for å få like mykje nitrogen og like mykje avling som frå AN.

Dei fleste andre mineralgjødselslag, slik som AN-gjødsel, gir ikkje gasstap. I tillegg inneheld AN kalsium og magnesium som forbetrer N-opptaket gjennom røttene. Derfor er AN-gjødsel meir effektiv enn urea.

Urea1norsktekst2
Ammoniumnitrat (AN) vert teke opp direkte i plantene medan urea må bli omdanna først. Derfor er det lågare tap og høgare utnytting av nitrogenet i AN. (Illustrasjon: Triferto.eu)

Tilførsel ved ulike utviklingstrinn for plantene

Plantene treng ikkje nitrogen ved alle utviklingstrinn. Viss du bruker urea, vil gjødsla som ikkje umiddelbart blir brukt sleppe ut ammonium til atmosfæra. Verdifult nitrogen blir tapt og gjødseleffekten synk. For AN er det ikkje mykje tap av nitrogen sjølv om gjødsla ikkje blir brukt av planta med ein gong.

Plantene kan ikkje gjere nytte av nitrogenet i urea med ein gong det er spreidd. Det må brytast ned til ammonium-nitrogen før plantene kan ta det opp i røttene. Nedbrytinga tar grovt sett ei veke frå spreiing. I mellomtida kan mesteparten av nitrogenet i ureaen fordampe dersom jorda er kalkhaldig (har høg pH) eller det er tørre tilhøve.

For å kunne gjere deg nytte av fordelane med urea, må du koordinere tilførselen med så- og plantetida. Jorda må vere godt oppvatna, eller du kan bruke den eit par dagar før det kjem regn. AN på si side kan nyttast når som helst, og plantene vil ta den opp rett etter at den er tilført.

Kostnad

Som nevnt har urea ein høg nitrogenkonsentrasjon, 46% samanlikna med 28% i AN. Men fordampinga reduserer nitrogeninnhaldet i urea til om lag 30%, med store variasjoner som vi no har vori inne på. Med urea må du altså bruke større mengder og tilføre det oftare. Urea er billegare enn AN og avlingspotensialet er like godt. Men for å hente ut prisfordelen må du bruke ureaen korrekt og passe på at nitrogenet ikkje forsvinn til atmosfæren meir enn naudsynt.

Påvirkning på klimaet

Produksjon og bruk av nitrogengjødsel fører til utslepp av nitrøse gassar til atmosfæra. Nitrøse gassar som N2O og NO er sterke bidrag til både drivhuseffekt og nedbryting av ozonlaget. Nok nitrogen er bra for plantene, men nitrogen på avveger er dårleg for miljøet.

AN-gjødsel er dei av alle nitrogengjødselslaga som slepp ut mest N2O, lystgass, til atmosfæra. På dette feltet er urea mindre miljøskadeleg enn AN.

Urea kjem med eit eige sett av miljøomsyn. Urea beveger seg lett i jord og kan lett renne av til næraste vatn eller elv og forureine dei. Ettersom AN raskare blir tatt opp av plantene, vil det ikkje bli mykje avrenning og forureining.

Det er altså viktig å lære seg å bruke urea rett for å redusere dei negative effektene det kan ha på klima og miljø.


Ulike former for reaktivt nitrogen:

Urease

All jord inneheld urease. Så snart urea er tilført jorda, vil dette enzymet bryte ned urea til ammonium NH4+ og OH-. På grunn av denne prosessen vil lokal pH i jorda auke heilt opp til 9,5! Ved dette pH-nivået vil deler av ammoniumet omdannast til ammoniakk som fordampar. Dette fører til eit gjennomsnittleg nitrogentap på 26%!

Ureasehemmar

For å forebygge fordamping av ammoniakk, kan vi tilføre ureasehemmande middel i lag med urea. Da blir omdanninga til ammonium forsinka. Det blir danna mindre OH- slik at pH-auken ikkje blir like stor. Da vil nitrogenet forbli lenger i ammonium-form som ikkje fordamper. Meir nitrogen vil bli tilgjengeleg for plantevekst og mindre vil forsvinne til uheldige klima- og miljøkonsekvensar.

Ureasehemmarar kan betre agronomisk og klimamessig utbytte av urea, men løyser ikkje andre svake punkt som at den er vanskelegare å spreie og har meir usikkert resultat. Dessutan kan nedbryting av inhibitoren gjere at ein har mindre kontroll over ammoniakkutsleppet enn ein trudde ein hadde.

Urea3norsk
Ved hydrolyse av urea til ammonium vil pH rundt gjødselkorna forbigåande bli mykje høgare. Ammonium blir i auka grad omdanna til gassen ammoniakk som tar med seg nitrogen til lufta og atmosfæren. Urease-inhibitor forsinker den hydrolyttiske prosessen. Da blir pH-stigninga lågare, det blir danna mindre ammoniakk og ureaen får meir tid til å trenge inn i jorda ved hjelp av jordfuktigheita. (Illustrasjon: YARA)