Unge og entusiastiske bønder

Det unge paret Kristina Østerhus (28 år) og Daniel Norddal (32 år) eig og driv bruk nr. 1 i Norddalen i Fjaler. Daniel kjøpte bruket av onkel Hans i 2018, då det vart klart at ingen av ungane ville busetje seg i Norddalen og drive garden vidare. Daniel hadde då i nokre år vore mjølkebonde på heimgarden på Sletteland i Dale, men lysta på å bu i Norddalen, og hindre at garden gjekk ut av slekta, fekk han til å selje heimgarden attende til far sin og kjøpe onkelen sin gard. Garden i Ytre Norddalen ligg 330 moh. og har eit samla areal på 3700 daa; slåttemarka er på 79 daa, innmarksbeite 42 daa, og det er rikeleg med skogsbeite og utmarksbeite rett ved garden. Mjølkefjøsen var ein båsfjøs frå 1990, og Daniel dreiv med fôringsdyr og litt sau attåt full jobb. Han er utdanna tømrar og forskalingssnikkar, men er i dag brønnborar i ei lokal røyrleggarbedrift.

Daniel budde ikkje lenge i Norddalen før Kristina Østerhus flytta inn. Ho er utdanna fysioterapeut og oppvaksen på eit storfe- og sauebruk i Erfjord i Suldal kommune. Kristina har eit sterkt engasjement for sau og er utdanna sauedommar. Ho er tilsett som fysioterapeut i Fjaler kommune. Odelsguten Johannes har rokke å bli 1,5 år gamal og ei veslesøster er på veg.

20221110 205806
Daniel og Kristina er godt fornøgde med sau i storbinge og fôr i fôrhekkane til ei kvar tid.

Frå storfe til sau

I september 2021 starta vi i NLR Vest opp planleggingsarbeidet i lag med Kristina og Daniel. Målet var å byggje om mjølkefjøsen til ein moderne sauefjøs. Arbeidet med driftsplan vart prioritert først. Etter kvart vart byggrådgjevar kopla på. Det vart gjennomført eit «Førstebesøk bygg», som er eit tilbod der byggrådgjevar kjem på gardsbesøk og vurderer eksisterande bygning, lyttar til ynskje og diskuterer ulike løysingar med eigarane. I løpet av denne prosessen valde Kristina og Daniel å gå for å byggje om mjølkefjøsen til ein storbingefjøs til sau. Konseptet med storbinge til sau er etter kvart ein velprøvd, velfungerande og fleksibel måte å organisere sauene på i fjøsen. Det vart sendt inn søknad til Innovasjon Norge om støtte til prosjektet vinteren 2022, og før sommaren fekk dei positiv tilbakemelding på søknaden og lovnad om 525 000 kr i støtte. Prosjektet hadde eit kostnadsoverslag på 1,5 mill.

Desse tiltaka inngjekk i prosjektet:

  • Utsaging av eksisterande dekke og sikre overgang mellom ytterveggar og golv.
  • Legge nytt dekke i kombinasjon med plast og strekkmetallrister for ei storbingeløysing.
  • Innreiing/lettmetallgrinder, fôrhekkar og kraftfôrautomatar.
  • Omarbeide ein del av eldre fjøs til lammingsareal på talle.
  • Nytt skrapeanlegg med hydrauliske skraper og strekkmetalldekke i påsettavdeling.
  • Gjennomgang av elektrisk anlegg. Nye lysarmaturar.
  • Montere brannvarslingsanlegg.
  • Investere i brukt fylltømmar for enklare fôruttak frå silo.
20200611 212505
Tunet i Ytre Norddalen ligg vakkert til i mot sørvest. Vatnet ligg 330 moh. Foto: Kristina Østerhus.

Stor eigeninnsats

I tida etter at dei fekk løyving frå Innovasjon Norge har det vore høg aktivitet i fjøsen for å få det klart til innsett i slutten av oktober. Daniel har gjort alt arbeidet med ombygginga sjølv. Det vart leigd inn utstyr for å skjere betong. Påstøypen skar dei opp i høvelege bitar så dei kunne bere den ut. Under isolasjonen låg prefabrikert betongdekke som dei kutta i to og sleppte rett ned i gjødselkjellaren full i vatn. Seinare vart desse fjerna med traktor. Nytt golv vart lagt med ståldragarar mellom betongdragarane og plastrister som golv. I prosjekt der Innovasjon Norge yter tilskot vert slik eigeninnsats av byggherre verdsett til 350 kr pr. time. Med stor eigeninnsats rekk støtta frå Innovasjon Norge «lenger».

Fôrhekk og kraftfôrautomatar

I Norddalen har dei valt å kjøpe to Tegle fôrhekkar (6 m + 3 m) og to TKS kraftfôrautomatar frå Felleskjøpet. Dei er godt fornøgde med samarbeidet med Felleskjøpet, og dei ser allereie etter få veker at dyra har funne seg godt til rette i storbingeløysinga med tilgang på grovfôr heile døgnet. Det er heilt stilt i fjøsen når ein er der og steller. Dei er i fjøsen morgon og kveld som før, men fôrar berre kvar tredje kveld. Om morgonane vert det berre tilsyn. Dette gir ein veldig fleksibilitet i ein travel kvardag. I vinter har dei ca. 50 sauer, målet i første omgang er 80 sauer, men fjøs og fôrhekkar er dimensjonert til 120.

Trivsel og framtidsplanar

Kristina har funne seg vel til rette i Fjaler, og ho let vel over å komme ny til kommunen. Ho har allereie fått seg eit godt nettverk og er aktiv i fleire organisasjonar. Det er berre 10 km til kommunesenteret i Dale, så det er ikkje noko hinder å bu i Norddalen.

Kristina og Daniel brenn for landbruket og ynskjer å bidra til eit godt miljø blant bøndene i kommunen. Eit godt fagmiljø er viktig for å hindre at fleire legg ned drifta meiner Kristina.

Daniel har tankar om å utnytte skog- og vedressursen på garden. Etter kvart som buskapen veks vil dei utvide innmarksbeita ved å rydde utmark. Daniel ynskjer å skjerme slåttemarka frå beiting om våren for å ta størst mogeleg avling i silo. Knip det på med vårbeite så vil dei beite eng, slik at sauer og lam får optimale vilkår før dei let opp grinda og sender dei på utmarka.

Kristina veit at lammingsperioden er ei hektisk tid der det er viktig å vere på. God plass i lamminga meiner ho er avgjerande for å kunne arbeide rasjonelt. Eldste delen av fjøsen er planlagt nytta til dette når dyretalet tilseier det. Med fullt arbeid utanom garden for begge to vert det travelt, så dei vil utvide drifta over tid.

20220520 152700
Beitande sau: Foto: Kristina Østerhus.