I potet skjer det mykje for tida, både med gamle middel som forsvinn, og nye som kjem til på meir eller mindre varig basis.

Er du medlem i Landbruk Nordvest med produksjon av enten grovfôr, potet eller korn kan du også lese meir detaljert om plantevernmiddelanbefalingar gjennom vekstsesongen og.

Bli kjent med ugraset

På autorisasjonskurs for plantevern lærer vi at vi skal vurdere alle andre tiltak før vi brukar kjemiske middel. Ofte kjem ugras av ugunstige vekstforhold, og då er einaste løysinga for å bli kvitt ugrasa permanen å gjere noko med jordpakking, drenering, kalktilstand osv. Når ein vel å bruke kjemiske middel er det viktig å kjenne ugrasfloraen best mogleg. Då kan ein bruke dei midla som problemugrasa best og er mest mogleg skånsam mot det ein dyrkar. Då har ein også betre moglegheit til å veksle mellom ulike middel slik at ein unngår å oppformeire ugras som toler eitt spesielt middel.

Ein god plass å starte er Plantevernleksikonet. Her finn du både bilete, omtale av biologi og bekjempingsstrategiar. I Plantevernkatalogen til Felleskjøpet og Handbok i plantekultur frå Norgesfôr er det også mykje god informasjon.

Rådgivarane i Landbruk Nordvest blir gjerne med og går ein runde for å kartlegge ugras og diskutere tiltak.

Gras - gjenlegg

Når det gjeld å redusere bruken av plantevernmiddel er ofte sprøyting av gjenlegg eit godt tiltak. Då brukar ein forholdsvis små dosar, og ei vellykka gjenleggssprøyting kan halde enga rein i fleire år etterpå.

Til gjenlegg er 0,75 g/daa Express SX/Harmony Plus SX + 50 ml/daa MCPA førstevalet. Dette er ei allsidig og forholdsvis rimelig blanding. Ulempa er at den er hard mot kløveren og kan sette grasveksten noko tilbake. Vi anbefaler difor å redusere Express-doseringa til 0,5 g/daa ved gode forhold (god jordfuktigheit, bra temperatur, overskya). Er kløver viktig kan det vera aktuelt å bytte ut Express med Gratil WG. Gratil er snillare mot kløveren, er litt betre mot høymole, men har litt smalare verknad. Dersom ein sår inn kløver etter sprøytinga står ein friare til å blande inn andre middel. Då kan ein bruke Ariane S, eller blande inn Starane XL/Flurostar 200/Tomahawk 200 EC saman med Express. Aktuelle såmengder kan då vere 100 - 150 g/daa med kvitkløver eller 200 - 400 g/daa med raudkløver (eventuelt ein kombinasjon).

Eng

Mot høymole tidleg i sesongen er Flurostar 200, Tomahawk 200 EC og Starane XL gode alternativ. Dette er for tida dei billegaste midla, og har forholdsvis brei verkand på andre ugras også. I tillegg til høymole har dei god effekt mot vassarve, men på stor og tett vassarve er Mekoprop (Mekoprop Nufarm, Duplosan Meko) eit hakk kvassare. Vil ein ta vare på kløveren er Harmony 50 SX (må ikkje forvekslast med Harmony Pluss) eit godt alternativ. Harmony 50 SX er det beste middelet mot hundekjeks. Tidleg i sesongen er dette middelet hardt både mot gras og kløver, og ein bør helst bruke det i august/september. Har ein derimot mykje hundekjeks kan det vere aktuelt å sprøyte før førsteslått og ofre noko avling. Duplosan Super, forhandla av Norgesfôr, tek det meste utanom gras. Ulempa med middelet er behandlingsfrist på 21 dagar.

MCPA og Mekoprop har lågare maksdosar enn dei hadde tidlegare. Dette kan gjere at doseringa blir for svak for vanskelege ugras. Når det gjeld lyssiv anbefaler vi ei blanding av MCPA og Mekoprop. Når desse midla blir blanda er maksdosen 150 ml/daa for kvart av dei.

Når det gjeld brakking minner vi nok ein gong om kor viktig det er med nok bladmasse på kveka for at ein skal ta livet av rotsystemet. Ein bør vente til kveka har minst 3-4 blad. Før dette stadiet går næringa frå rota og opp i plantene. Ein vil då ta livet av det grøne over jorda, men rotsystemet vil overleve. Om våren blir det vanlegvis lite tid, så det beste er å ofre tredjeslåtten og brakke på god gjenvekst etter andreslått. Det finst mange meir eller mindre like produkt på marknaden t.d Gallup Super, Glypper, Roundup, Roundup Flick. Roundup Powermax (granulatform) og Roundup Flex blir raskare regnfast og har kjappare effekt enn dei andre produkta. Dette er ein fordel ved vanskelege vêrforhold og dersom ein vil jordarbeide så fort som mogleg etter brakking. Glysofat er ikkje like bra mot alle ugras (f.eks. høymole). Det er difor aktuelt å blande inn middel som tek det glysofaten er dårleg på.

Planteverntabellen "Ringreven anbefaler" er tidligere blitt utsendt i år på ein av grovfôrmeldingene til deg som er rådgivingsmedlem hos oss, med grovfôrproduksjon. Ta kontakt med din lokale rådgivar om du skulle trenge den.


Korn

Det begynner å bli vanleg med resistent ugras rundt om i fylket. Bruk difor ALDRI reint lågdosemiddel utan blandingspartner.

Til ugrassprøyting i korn er det mest vanlege ein kombinasjon av lågdosemiddel (Harmony Plus/CDQ/Express/Trimmer/Express Gold/Tripal) og eit fluroksypyr produkt (Tomahawk 200, Flurostar 200, Starane XL/Cleave). Dette er rimelege og breittverkande middel, som har bra resistensforebygging, mensom sagt er kunnskap om eigne ugras og veksling mellom ulike middel frå år til år viktig. Har ein resisten linbendel er Ally Class det beste. Men husk at Ally Class er dårleg på resistent vassarve. Pixxaro (ikkje havre) og Zypar (ikkje havre) er ekstra gode mot jordrøyk og raudtvetann, som mange andre middel tek dårleg. Begge har forholdsvis brei verknad og kan brukast åleine, men er også gode blandingspartnarar til lågdosemidla. Midla har eit langt behandlingsvindu. Tripali er ei trippelblanding med brei verknad, og er god mot ein del vanskelege ugras (stemor, raudtvetann, klengemaure, jordrøyk). Alle tre komponentane er lågdosemiddel (ALS - hemmar), så her er det høg resistensfare om ein ikkje blandar inn andre middel. Ariane S er ein god resistensbrytar som bør vurderast enkelte år. Også denne kan blandast med lågdosemiddel.

DFF SC 500/Legacy 500 SC (diflufenikan) er kjent for oss som ein av komponentane i Hussar Tandem. Dette middelet legg seg som ein film på jorda og festar seg på plantene når dei spirer. DFF/Legacy gir for dårleg effekt åleine mot ein del ugras, og er mest aktuell i blanding med andre ugrasmiddel. DFF gir god langtidseffekt i blanding. Alliance (ikkje havre) er ei blanding av DFF og Ally. Både Alliance og DFF har krav om 10 meter buffersone, men DFF kan brukast utan buffersone ved lågare dose. Saracen Delta (ikkje havre ) er eit nytt middel i år. Dette er ei blanding av florasulam og DFF. DFF er ein god resistensforebyggar og desse midla er aktuelle i variasjon med andre middel, men doseringa ein finn i desse midla er ikkje høg nok til å bryte resistens. Mustang Forte er eit breittvirkande ugrasmiddel, med god effekt mot mange resistente ugras. Særleg aktuell ved resistent balderbrå. Ved bruk av dette middelet er det viktig å lese etiketten nøye. Det er m.a. krav om buffersone, dosering varierer etter utviklingstrinn på kornet og det kan vere restriksjonar på etterfølgande kultur og bruk av halm.

Propulse og Elatus Era er to soppmiddel som kom på marknaden i fjor. Begge er blanding av Proline og SDHI. Elatus Era har god effekt over lang tid. Ulempa er ein del begrensingar, m.a. krav om grasdfekt buffersone mot vatn, høg avgiftsklasse og 6 veker behandlingsfrist. Delaro Pluss Pack er ein kombinasjon av velkjente Delaro og Propulse. For den som får tak i enkeltkomponentane kan det vere nokre kroner å spare på å blande sjølv. Også propulkse har krav om grasdekt buffersone mot vatn ved doser over 64 ml/daa. I Delaro Plus Pack er blandingsforholdet slik at ein unngår dette. Aviator Xpro og Siltra Xpro er også blanding av Proline og SDHI- komponent. Alle midla nemnt her har veldig god effekt mot både byggbrunflekk, grå øyeflekk og spragleflekk. Bruk aldri rein Proline på grunn av faren for resistens.

Meir om ugras, sopp og vekstregulering i korn finn du i våre e-postmeldingar sendt til deg gjennom sesongen, som er medlem hos oss med kornproduksjon.

Potet

Mot tørrote er flamleis Revus og Ranman Top dei viktigaste midla for forebyggande sprøyting. Cymbal og Proxanil stifta vi bekjentskap med i fjor. Midla har kortvarig forebyggande effekt og må blandast med Revus eller Ranman Top. Cymbal og Proxanil blir anbefalt å blande inn når det er stort smittepress og når det blir litt for lang tid mellom sprøytingane. Cymbal har kurativ effekt i 24 timar og forebyggande effekt i tre dagar. Proxanil er forebyggande i tre dagar, bekjempar infeksjon i 48 timar og har antisporulerande effekt. Proxanil kan ha ein viss effekt på å stoppe angrep i åkeren, men forebyggande sprøyting når det er stort smittepress har den beste effekten. Proxanil skal også blandast med Ranman eller Revus. Nåde Cymbal og Proxanil inneheld stoffet cymoxanil. Proxanil inneheld i tillegg propamokarb (systemisk) som vi kjenner fra Consento. Begge midla har krav om 10 meter buffersone. Den største nyheita i år er tørrotemiddelet Zorvec Endavia. Zorvec har veldig god førebyggande effekt og har også kurativ effekt. Det er aktuelt å bruke i periodar med høgt smittepress. Hugs også at Ridomil har siste bruksår i 2021.

Gozai er godkjent på dispensasjon også denne sesongen (gyldig til 9/10-21). Gozai er godkjent brukt opp til to gonger per sesong med dosering 80 ml/daa per gong. To rundar med Gozai vil kunne ta livet av riset om ein får til naturleg avmodning i tillegg. Det blir anbefalt 7 dagar mellom kvar sprøyting. Middelet har seinare verknad enn Reglone, så ein bør starte sprøytinga 4-5 dagar før ein brukte med Reglone. Gozai kan også brukast i kombinasjon med risknusing. Da vil ei sprøyting vere nok. Det er krav om 10 meter buffersone og totalt avstandskrav til vatn er 20 meter inkludert buffersonen. Spotlight plus er godkjent på permanent basis (ut 2023). Det er berre lov med ei sprøyting med 100 ml/daa. Det er når dette blir skrive (vår 2021) ikkje lov å bruke Spotlight etter risknusing.

Sencor SC 600 (flytende) fekk i vår godkjent dispensasjonssøknaden hos Mattilsynet for bruk av middelet i perioden 12.mars til 10. juli 2021.

Oppdatering på plantevern i potet finn du i e-post utsendingane våre gjennom sesongen, til deg som er rådgivingsmedlem med potetproduksjon.

Kantsoner, avdriftsreduserande tiltak og journalføring

Mange av dei nye midla som blir godkjende no har krav om 10 meter buffersone mot vatn beståande av gras eller gras/urtar. På enkelte middel kan ein bruke avdriftsreduserande dyser og sprøyte nærmare vatn enn standardkravet (men aldri nærare enn 3 meter). For at dette skal vere lov må det stå på etiketten til det enkelte middelet. Les rettleiar frå Mattilsynet om buffersoner og avstandsreduserande dyser. Her står det m.a. om forhold som gjer at du kan sleppe buffersone, og liste over dyser og trykk som gir godkjent avstandsreduksjon. I samband med innføring av moglegheit for redusert avstandskrav med spesielle dyser har det kome nye krav til føring av vannjournal.

I nedslagsfelta til elvane Surna, Driva og Rauma blir det gjeve tilskot til grasdekte kantsoner gjennom Regionalt miljøprogram (RMP - midler).