Samandrag: Tydeleg vilje, manglande kunnskap og store gevinstar

Norske bønder er interesserte i presisjonslandbruk, men mange veit for lite til å kome i gang. Dei som er i gang, meiner dei sparer på innsatsfaktorar, tid og økonomi. Utstyret som trengst, finst i stor grad tilgjengeleg.

Mange bønder nyttar seg alt no av presisjonslandbruk. Ut frå svara vi har fått, ser vi at dei som brukar slikt utstyr har vore meir aktive til å svare enn dei som ikkje brukar slikt utstyr. Totalt har 2794 personar svar på spørjeundersøkinga. Samla sett teiknar den eit godt bilete av situasjonen i det norske landbruket. Særleg får vi nyttige svar knytt til kva gevinstar folk meiner å oppnå, og kva som skal til for å kome vidare.