Dei tidligaste har allerede fått første slått-graset under plast. Men stort sett ser det ut til at både døgngrader og vêr gjer sitt til at komande veke neppe vert prega av første slått. Det gjer at ein får tid til å gjere klar slåmaskina:

  • Finn fram instruksjonsboka
  • Kople på slåmaskin på traktor
  • Still inn rett arbeidshøyde på trekkstenger når traktor og slåmaskin står på eit plant golv
  • Senk slåttebjelken ned på golvet og sjekk oljenivå slåttebjelke
  • Mål høyde fra golvet til kniver: under 10 cm? Sjekk om slepesko kan justerast opp. Hvis ikkje sjekk om leverandør kan levera slepesko med større høyde
  • Sjekk lufttrykk i begge dekk på slåmaskina. Trykket skal være det som står oppgitt i instruksjonsboka og likt på begge sider
  • Sjekk oljenivå på girkasse og vinkeldrev
  • Sjekk kilereimar for slitasje. Skift eller planlegg for skift dersom dei er slitt og/eller straming etter instruksjonboka ikkje er mogleg
  • Skift knivar som ikkje er skarpe. Ein skarp kniv gjev eit rett snitt som sikrar raskare gjenvekst og krev mindre energi (diesel) for å kappe av strå. Skift alle knivar montert på samme tallerk for å unngå ubalanse. Bruk bukkar under slåttebjelken ved heving opp frå golvet.
  • Smør boltar som held vernedeksler på plass. Smør også hengslene til vernedeksla. «Lat opp og att att igjen» for å sjekke at det går som smurt å endre frå transport til arbeidsstilling.
  • Smør og sjekk omstilling frå streng til breispreiing.
  • Sjekk eventuelt utstyr for stengelbehandling. Knekte fingrar fører til uheldig ubalanse og kan føre til ei dårlegare fortørking.
  • Sjekk at fjører for oppheng slåttebjelke er stramma etter det som står i instruksjonsboka
  • Sjekk at duk som heng ned rundt slåttebjelken/rotorar er intakt. Bestill ny dersom duken er skada
  • Sjekk at vernedeksel over kraftoverføringsakslingar tek vare på helsa di eller andre si helse som skal bruke slåmaskina. Det gjeld og kjettingar som skal hindra at vernedeksla får same hastighet som akslingane
  • Smør kraftoverføringsakslingar og andre smørepunkt
  • Dra kraftoverføringsakslingar frå kvarandre og smør hann og ho
  • Sjekk at alt verktøy er fjerna og at ingen er i nærleiken. Heis opp slåttebjelken og start opp maskina. Fyr opp til rett turtall og sjekk frå førarplassen at alt ser og høyrer «normalt» ut

Lykke til med første slåtten!