Nærmar det seg eigarskifte på garden? Då er dette eit nyttig kurs å delta på. Tilsvarande samlingar siste åra har vore så populære at Møre og Romsdal Bondelag på nytt inviterer til samlingar med tema Eigarskifte i landbruket. Denne gongen køyrer vi kurset på to stader for å gi fleire kortare reiseveg.

Advokat Ole Houlder Rødstøl er saman med advokat Marit Moe Rasmussen og advokat Øystein Remme ansvarleg for det faglege innhaldet. Rødstøl er advokat ved advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS sitt kontor i Molde og samarbeidsadvokat for Norges Bondelag i Møre og Romsdal. Han arbeider mykje med generasjonsskifte, skatt, odelsrett og rettslege spørsmål knytt til fast eigedom. Advokat Marit Moe Rasmussen ved advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS sitt kontor i Molde og advokat Øystein Remme ved advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS sitt kontor i Ålesund vil frå 1 januar 2022 ta over som samarbeidsadvokatar etter Ole Houlder Rødstøl.

Det blir fokus på:

  • Familiære og økonomiske utfordringar ved eigarskifte
  • Arve- og formuesreglar for sambuarar og ektemakar
  • Skatte- og avgiftsmessige tilhøve. Organisering av verksemda
  • Odels- og konsesjonsreglar

Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.

Kurset arrangeres av Møre og Romsdal Bondelag. Påmelding skjer innen 19. november til tlf. 71 20 28 90, mobil/sms 410 86 101 eller på e-post more.romsdal@bondelaget.no