Gjødselprisane er rekordhøge. Diesel, plast og maskinkostnad går beint opp. Korleis gjødslar du då? Kva om du ikkje gjødslar? Korleis skal du handtere ein sånn situasjon?

Krevjande tider krev kloke råd. For mange er det alvor. Difor arrangerer NLR gratis nettmøte, ope for alle, 4. april. Vi køyrer same program klokka 10.00 og 19.00. Møtet varer omlag halvannan time.

Fagfolk frå NLR prøver å svare på det mange spør om no: Er det rett å gjødsle enga no? Kva om vi reduserer gjødslinga, eller lar vere? Om vi gjødslar, korleis gjer vi det så verdiane blir utnytta best mogeleg? Her kjem både agronomiske og tekniske råd. Kalken har ikkje gått like mykje opp som gjødselprisane. Er det då rett å prioritere kalking høgare?

– I dagens situasjon er det ikkje tida for eksperiment, og mange har heller ikkje økonomi til investeringar som på sikt kan gi gevinst. Difor tar vi fram råd som du kan ha nytte av med den reiskapen og dei ressursane du har på garden i dag, forklarer Jogeir M. Agjeld. Han er ansvarleg for maskinteknikk og presisjonslandbruk i NLR. Grovfôr-koordinator Ragnhild Borchsenius supplerer:

– Du har den enga du har. Du har den husdyrgjødsla du har. Og om du har kjøpt handelsgjødsel eller ikkje: Verdien av den er no kring 10 kroner pr. kg, og vi kan ikkje vente rask prisnedgang. Då er det avgjerande viktig å gjere ting på rett måte her og no.

Program

Same program klokka 10.00 og 19.00. Møtet varer omlag halvannan time.

Velkomen - situasjon og status

Er det rett å gjødsle no? Ja eller nei, eller mellomting. Økonomiske utslag og agronomiske konsekvensar, Ole Arnfinn Røysland, NLR Rogaland

Spørsmål

Utnytte verdien av husdyrgjødsla, Elin Sikkeland, NLR Trøndelag

Korleis utnytte gjødsla? Gunstein Dyrdal, NLR Vest

Rådgivingstilbodet vårt

Spørsmål og avslutning

Gjodselspreder Bogballe eng ML
Få med deg både agronomiske og tekniske råd 4.april. (Foto: Morten B. Livenengen)