Gjødselprisane er rekordhøge. Diesel, plast og maskinkostnad går beint opp. No er det viktigare enn nokon gong å ta godt vare på den avlinga du får.
Krevjande tider krev kloke råd. Difor arrangerer NLR gratis nettmøte, ope for alle, 25. april. Temaet er slått, og korleis du gjennom slåttearbeidet forvaltar grovfôravlinga optimalt. Vi køyrer same program klokka 10.00 og 19.00. Møtet varer omlag halvannan time.
– Verdien av grovfôret går opp i takt med at kraftfôret stig. Dyrkingskostnaden ballar på seg. Då er tida inne for å finpusse jobben du gjer i slåtten, for å forvalte verdien plantane bidrar med, kommenterer NLRs grovfôr-koordinator Ragnhild Borchsenius. Ho får støtte av maskinansvarleg Jogeir M. Agjeld.
– Still inn rett stubbhøgde. Effektiv fortørk gir mindre volum å handtere, og mindre kostnad til både diesel og plast. Erfarne rådgivarar hos oss har gjort forsøk med breispreiing og slått i skår, vi har rekna på tørrstoff og volum, vi kan seie litt om når planten gir det beste fôret, og har sett på verdien av å bruke ensileringsmiddel.
Målet med møtet er å gi deg lett tilgjengelege råd og tips, ut frå dagens situasjon. Rett og slett låg terskel til betre resultat.
Program
Same program klokka 10.00 og 19.00. Møtet varer omlag halvannan time.
- Ulike strategiar for ulike grovfôrkvalitetar
Ole Arnfinn Røysland Fitjar, grovfôrrådgiver i NLR Rogaland - Hjelpemidler til vurdering av vekst og utvikling i eng, Oddbjørn Kval-Engstad, grovfôrrådgiver i NLR Innlandet
- Fortørking av graset: økt fôrkvalitet, fôropptak og effektivitet, Sverre Heggset, rådgiver i NLR Nordvest
- Rett innstilling av slåmaskin og rive, Lars Gunnar Flatvad, presisjonsrådgiver i NLR Nordvest
4. april hadde vi det første møtet i denne vesle serien, då med gjødsel som tema. Opptak frå det møtet finn du lengst nede på denne sida, fram til over påske: Grovfôr | Norsk Landbruksrådgiving (nlr.no)
