Mote Fyresdal

Prosjektet Grønt i Fyresdal fortset. Den 9.november kl 19 på Næringshuset blir det fagmøte om sal og marknadsføring av småskala grøntproduksjonar. Gro Hommo frå Rauland driv Lega ost og bakst as. Mie Dahlmann Jensen frå Midt-Telemark driv Hyllest as. Dei vil dele erfaringar rundt sal, salskanaler og marknadsføring.

Program: Erfaringsdeling!

19.00 Om Lega ved eigar og dagleg leiar Gro Hommo

Om ide og produksjon (ysting )

Utvikling av salskanaler

Kva har gått bra og kva har gått mindre bra

Strategi og mål framover

19.45 – 20.15 pause med smaksprøver frå Lega og Hyllest.

20.15 Om Hyllest ved eigar og dagleg leiar Mie Dahlmann Jensen

Om ide og produksjon (Hylleblomsaft mm.)

Utvikling av salskanaler

Kva har gått bra og kva har gått mindre bra

Strategi og mål framover

21.15 Oppsummering og takk for i kveld


Fagmøtet er opent for alle interesserte og gratis å delta på. Ingen påmelding. Vel møtt!


Fagmøtet er finansiert av prosjektet «Grønt i Fyresdal». Fyresdal Bondelag eig prosjektet og det har fått støtte frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, prosjektet Omstilling i Fyresdal og Fyresdal kommune.