Det vert hagevandring med tema plantesystem i morell og sortar 24. juni i Hardanger. Det er planlagt to besøk denne dagen.

  • Kl. 12.15 – 13.15: Katrine og Øystein Spilde, Fjordavegen 5136. Her er det morell i tunell på UFO, tradisjonell spindel og UFO i substrat. Det er også planta fleire tidlegsortar.
  • Kl. 13.30-14.40: Sortsfelt morell hos Tor Hesthamar/Tomas Hesthamar, Fjordavegen 4595, Utne.

For dei som kjem med ferja frå Kinsarvik passar det med avgangen klokka 11.25 frå Kinsarvik og avgang tilbake frå Utne klokka 14.55.

For dei som kjem med ferje får Kvanndal er det avgangen frå Kvanndal kl. 11.00 og frå Utne kl. 15.30 som er mest aktuell.