Vi samlast i eplehagen til Marta Kari Schawlann og Svein Ølnes på Barsnes i Sogndal. Dei dyrkar Discovery og Aroma. Markdagen er for alle som vil lære meir om kva som fungerer, og kanskje ikkje fungerer, i økologisk drivne hagar. Aktuelle tema er plantevern, ugrasbekjemping, gjødsling, sortar, plantesystem, m.m.


Det blir også demonstrasjon av ein beltegående kasseberar av merket Windegger Neo+.


Etter ein runde i hagen blir det kaffi med enkel servering.