Nyttig kurs i Økoplan og rådgivingsmetodikk

20.01.2011 (Oppdatert: 04.03.2015) ,  Jan Ferstad | Nyhet

Solvejg Horst Pedersen frå Vidensenteret (Dansk Landbrugsrådgivning) hadde to svært interessante og lærerike dagar med tema rådgivingsmetodikk.

– Solvejg kan me anbefale å bruke vidare. Ho har kunnskap, energi og sjarme, seier Anne Kristine Rossebø i Norsk Landbruksrådgiving, som var kursansvarleg saman med Kjersti Berge.

> Sjå presentasjonane til Solvejg Horst Pedersen

Til saman 33 rådgjevarar var samla på kurset på Gardermoen, 12.-14. januar.

– Det var mange diskusjonar og godt engasjement i kurset, og god stemning på alle måtar, fortel Rossebø.

Kursdeltakarane gav gode tilbakemeldingar i si evaluering.

Først dag var via Økoplan, som no tek over for Driftsbeskrivelsen som grunnlagsdokument for omlegging og økologisk drift. Rådgjevarar i Norsk Landbruksrådgiving tilbyr gardbrukarane hjelp i arbeidet med Økoplan.

 

Det var mange diskusjonar og godt engasjement i kurset.

Det var lagt inn god tid til gruppearbeid på kurset – også med stort engasjement frå deltakarane: Anne-Marit Isachsen, Salten, Elin H. Sikkeland, Nord-Trøndelag, Hege Sundet, Gudbrandsdalen, og Maud Grøtta, Landbruk Nordvest.

   

 

 

 

- Kva er god rådgiving? Kjersti Berge frå Norsk Landbruksrådgiving oppsummerar.  

 

 

 

 

 

 

Anne Kristine Rossebø (t.v.) i Norsk Landbruksrådgiving er veldig nøgd med å ha med Solvejg Horst Pedersen frå Vidensenteret i Danmark som kurslærer i rådgjevingsmetodikk.

Me har mykje å lære av danskane på dette området, og samarbeidsavtala mellom Norsk Landbruksrådgiving og Dansk Landbrugsrådgivning gjer det lettare å få del i kompetansen.