Korleis var det igjen med Miljøplanen?

04.06.2015 (Oppdatert: 17.06.2015) Mette Feten Graneng

Frå 1. januar 2015 fall forskrift om miljøplan bort. Deler av det som forskrifta omfatta vart vidareført i andre forskrifter. Nokre punkt har blitt borte som krav frå Staten, men er tatt med i KSL Sjekkliste for eigenrevisjon – generelle krav til garden. Vi skal her oppsummere endringane.

Norsk Landbruksrådgiving kan fortsatt tilby rådgiving innan kulturlandskap og miljøtiltak på gården (arkivfoto)

Begrepet Miljøplan forsvann med forskrifta. Vi har valt å ta med tidlegare innhald i Miljøplan trinn 1 og kva som har skjedd med krava vidare.

Gjødslingsplan og jordprøvetaking

Her er krava som tidlegare. I forskrift om gjødselplanlegging heiter det mellom anna: «Det skal utarbeides gjødslingsplan før hver vekstsesong. Foretak som disponerer husdyrgjødsel fra mer enn 5 gjødseldyrenheter skal ha en årlig gjødslingsplan. For foretak som har en enkel driftsform, liten variasjon i arealbruken eller ekstensiv driftsform, slik at gjødslingsbehovet varierer svært lite for de enkelte skiftene fra år til år, kan gjødslingsplanen vare i inntil 5 år når dette godkjennes av kommunen».

I same forskrift er krav om jordprøvetaking nemnt: «Representative jordprøver skal i hovedsak tas hvert 4. - 8. år, og det skal minimum rekvireres analyser for pH, fosfor, kalium, glødetap eller gis skjønnsmessig vurdering av moldinnhold».

I KSL Sjekkliste for eigenrevisjon – generelle krav til garden punkt 1.4. er gjødselhandtering omhandla.

Sprøytejournal

I ny forskrift om plantevernmidler gjeldande frå 1. juni 2015, er det krav om journalføring for tre ulike forhold: 1. Tiltak for å redusere risikoen for forurensning av vatn (§20), 2. Vurderingar som er gjort etter vedrørande integrert plantevern (§26 og vedlegg 2) og 3. Registrering over bruk av plantevernmidlar inkludert opplysningar om namn på plantevernmiddel, tidspunkt for handtering, dose, område og vekst som plantevernmiddelet vart brukt på (Artikkel 67 forordning (EU) nr 1107/2009). Det er krav om å oppbevare journalen i minst 3 år.

Punkt tre utgjer den «gamle» sprøytejournalen.

I KSL Sjekkliste for eigenrevisjon – generelle krav til garden punkt 1.5. er handtering og bruk av plantevernmiddel omhandla.

Kart over kulturlandskapselement

Kravet frå staten om det som tidlegare vart kalla miljøplankart, falt bort med miljøplanforskrifta. Men i KSL Sjekkliste for eigenrevisjon – generelle krav til garden punkt 1.8.1 er kravet med. I rettleiinga for sjekklista står det: «Kulturminne og område som er viktige for det biologiske mangfaldet, skal vere kartfesta og beskrivne».

Registreringsskjema med tiltaksplan

Òg dette kravet falt bort frå staten med miljøplanforskrifta. I KSL Sjekkliste for eigenrevisjon – generelle krav til garden punkt 1.8.1 er kravet fortsatt med (sjå over). Dette gjeld registrering av kulturminner og biologisk mangfold. For tidlegare krav om registrering av «Erosjon, næringsavrenning og punktutslepp», skal dette no kryssast av i KSL Sjekkliste for eigenrevisjon – generelle krav til garden punkt 1.6. Her er òg avfallshandtering med.

Sjekkliste

Dei fleste punkt i tidlegare «Sjekklista for miljøplan» er no med i KSL Sjekkliste for eigenrevisjon – generelle krav til garden. Kravet frå staten om eige sjekkliste er falle bort. Dei fleste punkta omhandlar derimot ulike forskrifter frå staten.

Rådgiving innan tidlegare miljøplan

Rundt omkring i heile landet har vi dyktige rådgivarar som kan hjelpe til med å få det papirmessige på plass både når det gjeld gjødslingsplan, sprøytejournal, kart med registreringar og elles det du måtte ha behov for innan fagtema.

Ta kontakt med din lokale rådgivar for gode råd!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.