Jogeir M. Agjeld skal løfte maskinteknikken i NLR

01.09.2017 (Oppdatert: 05.09.2017) | Nyhet

Jogeir M. Agjeld (42) er frå 1. september engasjert i halv stilling innanfor presisjonsjordbruk og maskinteknikk i NLR Sentralt. Han har 20 års erfaring som journalist i Bedre Gardsdrift med landbruksteknikk som hovudfelt.

Jogeir M. Agjeld skal leie arbeidet med å utmeisle ein strategi for presisjonsjordbruk i Norsk Landbruksrådgiving, NLR. Han skal bidra innanfor maskinteknisk rådgjeving, spesielt mekanisering for bratt lende, og etter kvart jobbe med trafikkreglar for landbruksmaskiner.

– Eg gler seg til å kome i gang med det som ser ut som ein draumejobb, seier Jogeir. Han meiner det er heilt avgjerande å spele vidare på den solide og breie kunnskapen som finst i NLR-systemet, og også samarbeide med bønder, maskinbransje, forskingsmiljø og andre.

 

Teknikk blir stadig viktigare

– Rett mekanisering kan gi store gevinstar både økonomisk og agronomisk. Nye metodar og ny teknikk vil endre måten vi driv på. Men det skjer så mykje kring presisjonslandbruk at det kan vere lett å miste oversikten. Det tar vi no tak i, seier Jogeir.

Han påpekar at mange samstundes er hemma av gamle trafikkreglar, og at vêr og klima skaper utfordringar for eksisterande driftsmåtar.

– I sum betyr dette at kunnskap og innsikt om teknikk er ein viktig faktor på veg inn i framtida, tett veven saman med agronomi, økonomi og HMS. Der har NLR ein unik posisjon, seier Jogeir.

 

Lang og brei erfaring

Jogeir har agronomutdanning og høgskuleutdanning i landbruksteknikk med påbygging i jord- og plantekultur frå Blæstad. Sidan 1997 har han jobba som journalist i Bedre Gardsdrift, der han har skrive om teknikk og gardsdrift av alle slag. Prislista for maskinleige i Bedre Gardsdrift har Jogeir bygd opp frå grunnen av.

Han har hatt eit særleg ansvar for å følgje opp trafikkreglar for landbruksmaskiner, noko som har ført med seg mykje kontakt med myndigheitene.

 

Trebarnsfar og bonde med rådgivande kone

Jogeir er gift med Gry Ingvild, tidlegare rådgivar i Tine, Landbrukets HMS-teneste og Trøndelag økologiske forsøksring, TRØKK. Saman har dei tre born frå ni til 13 år. I 2004 flytta familien til Agjeld, eit sideskakt småbruk med 50 vinterfôra sau i Olden i Stryn kommune.