Konkurranse i økologisk kveitedyrking

12.07.2017 (Oppdatert: 12.07.2017) ,  Kjersti Berge | Nyhet

Fem økologiske kornprodusentar er i gang med Økologisk Hvetemesterskap 2017. I år er lista lagt høgt, og målet er høgast mulig avlingsverdi i vårkveite.

Silja Valand, NLR Østafjells, og Erling Gjessing, deltaker fra Vestfold, har sammen planlagt dyrkingsstrategien for kveitefeltet. (FOTO: Morten Berntsen)

Det betyr at både kvalitet og mengde vil avgjere kven som går av med sigeren. Fem produsentar  saman med kvar sine rådgivarar frå Norsk  Landbruksrådgiving (NLR) deltar. Rådgivar og produsent har saman lagt dyrkingsstrategien for skiftet dei deltar med.

I juryen har Einar Strand, fagkoordinator korn i NLR, med seg Annbjørg Øverli Kristoffersen og Randi Bærland Frøseth, begge frå NIBIO. Dei har alt vore ute og vurdert dei fem felta og vil følgje med dyrkarane gjennom heile vekstperioden.

− Konkurranseinstinktet er ein artig faktor å spele på når ein skal strekke seg til nye høgder, seier  Einar Strand.

Deltakarane har litt ulike produksjonsformer som utgangspunkt. To deltakarar har også konvensjonell slaktegrisproduksjon, to har økologisk mjølk og korn, medan den siste deltakaren har rein kornproduksjon.

Resultatet blir kunngjort til hausten under eit arrangement der alle deltakarar og dyrkingsstrategiar blir presentert. Her vil ein også diskutere årsaker til resultata og effektar av ulike tiltak.

 

Deltakarar og rådgivarar i Økologisk Hvetemesterskap 2017

Bonde Stad Rådgivar NLR-enhet
Einar Kiserud Spydeberg, Østfold Else Villadsen NLR Øst
Kjersti og Kristian Narum Stange, Hedmark Stein Olav Nyvoll NLR Innlandet
Fredrik André Bakke Våle, Vestfold Kari Bysveen NLR Viken
Erling Gjessing Sande, Vestfold Silja Valand NLR Østafjells

Eli Lisabeth Åsvold Berg og

Øyvind Pettersen Berg

Snåsa, Nord-Trøndelag Ingrid Gauslaa NLR Trøndelag

 

Felleskjøpet og Rema 1000 ønsker meir norsk økologisk matkveite og har sett av eit eige fond for å støtte nye økokornleverandørar i omleggingsfasen.

− Gjennom økokornkampen vil me vise kva resultat som er mulig å oppnå med økologisk produksjon, seier Torunn Jackson Riise, prosjektleiar i Foregangsfylke økologisk korn.

Alle som vurderer omlegging til økologisk produksjon kan bestille NLR Økologisk Førsteråd. Då kjem rådgivar på gardsbesøk og vurderer muligheter og utfordringar ved ei eventuell omlegging saman med brukar. Tilbodet er gratis og uforpliktande. NLR har også rådgivingstilbod tilpassa omleggingsfase og driftsfase.

Økologisk rådgivingstilbod

Alle som vurderer omlegging til økologisk produksjon kan bestille NLR Økologisk Førsteråd. 

 

> Les meir om rådgivingstilbodet