Gode resultat i fjøset startar på jordet

30.08.2017 (Oppdatert: 06.09.2017) ,  Morten Berntsen | Nyhet

Med fokus på høg yting i fjøset, er Nicola og Erik Willgohs avhengig av godt grovfôr. Intensiv engdrift gir godt grovfôr til mjølkekyrne og god økonomi for brukarane.

Bart van Gool og Lise Austrheim (t.v.) i NLR Vest gir Nicola og Erik Willgohs nyttige råd i grovfôrdyrkinga. FOTO: Morten Berntsen

– Ein får ikkje gode resultat i fjøset om ein haustar dårlege enger, seier Erik Willgohs. 

Saman med kona Nicola driv han mjølke- produksjon med 360 tonn kvote, som produsert av Holsteinkyr med snaue 11 000 kg i avdrått, på Huglo i Hordaland. Dei driv òg kombinert svineproduksjon med 18 årspurker. Eit nytt storfefjøs gjer arbeid til begge på garden.

Grovfôret haustar dei frå 370 dekar med eng og beite. Rådgjevarane Bart van Gool og Lise Austrheim i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Vest er gode sparringspartnarar når grovfôrfaglege spørsmål dukkar opp.

 

God nytte av NLR

Grovfôrprøver og hjelp med planar er berre nokre av dei tenestene NLR bidrar med i drifta.

– Erik bruker oss til å ta surfôrprøver. Analysesvaret køyrer vi i NLR Surfôrtolken, som gjev oss rettleiing når gjødslingsplanen skal settast opp, fortel Lise Austrheim.

– Miljøet her ute er lite, og vi må bruke rådgjevarane aktivt. Store avstandar gjer at vi brukar telefonen mykje, forklarar Erik Willgohs.

Dårleg haustevêr denne sesongen har gitt sein fyrsteslått, og utfordringar med køyreskadar i enga.

– Vi held på med slåtten i tre veker. Med ei naudskrik kom vi i hamn, seier Willgohs.

Med mål om godt fôr til dyra, har han prøvd eire vekstar som ikkje er vanleg i området. Beter vart for arbeidskrevjande, mens det vart utfordringar med ugras i erteåkeren.

– Eg satsar på eit godt attlegg, og sår fem kilo Spire surfôr normal per dekar. Raigras sår eg i etter kvart der det er behov. Engene vert sjeldan eldre enn fem til sju år, forklarar Erik.

 

Inspirerer kvarandre

Den engasjerte bonden gjer også at rådgjevarane må skjerpe seg, og halde seg fagleg oppdatert.

– Vi kjem òg hit for å lære. Dette går begge vegar. Erik er nysgjerrige og stiller fagleg utfordrande spørsmål som gjer at vi må vere skjerpa, seier Lise Austrheim.
Då nytt fjøs skulle settast opp, var NLR 
aktive på fleire frontar. Bart van Gool utarbeida driftsplan og kom med nyttige innspel på løysingar i kalvestellet.

– Erik er oppteken av nyheiter og nye metodar. Difor sender eg alt eg kjem over av nyheiter til han, seier rådgjevaren.

 

 

 Erik Willgohs er en engasjert bonde som stillar krav til rådgjevarane. Bart van Gool og Lise Austrheim i NLR Vest må vere skjerpa for faglege spørsmål. FOTO: Morten Berntsen