Nye tiltak mot følgjene av tørke og avlingssvikt

23.07.2018 (Oppdatert: 20.12.2018)

Den langvarige tørken og varmt ver har i sommar gitt stor avlingssvikt over store deler av landet. I dag har jordbruksorganisasjonane og landbruks- og matminister Jon Georg Dale blitt samde om fleire nye tiltak, som Landbruks- og matdepartementet nå vil setje i verk.

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, og leiar Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes (til høgre) møtte i dag landbruks- og matminister Jon Georg Dale for å drøfte tiltak mot følgjene av tørke og avlingssvikt (Foto: Landbruks- og matdepartementet)

> Sjå pressekonferanse om nye tiltak mot følgjene av tørke og avlingssvikt  

 

– Store mengder regn er det einaste som kan få planteveksten i gang att, men nå er vi allereie så langt komne i vekstsesongen at det det uansett vil bli store avlingstap, fastslår Dale. Han understrekar at det er ikkje fare for matsikkerheita i landet, men det er ein svært krevjande situasjon for mange bønder i store delar av landet. Spesielt gjeld det dei som har problem med å skaffe nok fôr til dyra sine.

– Gjennom heile tørkeperioden har eg halde nær og løpande kontakt med Norges Bondelag. Saman med dei, har eg vore oppteken av å kunne setje i verk praktiske tiltak som kan avhjelpe situasjonen, seier Dale.

 

Elleve nye tiltak

Etter dagens møte med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil Landbruks- og matdepartementet setje i verk følgjande tiltak:

1. Forskotsutbetalinga for avlingsskade kan aukast frå 50 til 70 prosent.

2. Prioritere rask handsaming av søknader om avlingsskadeerstatning. Bøndene blir oppmoda om å sende søknad om avlingsskadeerstatning så snart skadeomfang og dokumentasjon ligg føre.

3. Dispensasjon frå kravet om fôropptak på beite. Dette vil gi høve til tilleggsfôring på beite samstundes som bonden kan motta beitetilskott.

4. Midlertidige kontrollstader for innførsel av fôr. Landbruks- og matdepartementet vil sende brev til ESA og informere om at det blir planlagt å etablere midlertidige kontrollstader (hamner) for import av høy/halm frå tredjeland. Dette for å gi høve til innførsel over andre hamner enn dei to ESA-godkjente kontrollstasjonane i Oslo og Borg hamn. Dei materielle krava til trygt fôr vil gjelde.

5. Nasjonalt regelverk for fôrimport. Mattilsynet vil prioritere tilsyn med innførsel av fôr og omsetnad av dette. Krav for import av høy og halm frå land utanfor EØS vil bli vurdert nærare.

6. Auka bruk av halm til fôr. Landbruks- og matdepartementet vil saman med jordbruksorganisasjonane oppmode næringa om å ta vare på mest mogleg halm, for å avhjelpe fôrsituasjonen.

7. Bruk av matkorn som såkorn. Mattilsynet vil handsame søknad om å bruke matkorn som såkorn for sesongen 2019.

8. Det vil bli gitt dispensasjon til å behalde tilskott til økologisk grønngjødslingsareal sjølv om arealet blir brukt til fôr eller beite.

9. Det vil bli gitt dispensasjon til å hauste areal med fangvekstar og samstundes oppretthalde tilskott til fangvekstar over Regionalt Miljøprogram.

10. Vurdere behov for større lager av såkorn. Departementet vil be Omsetningsrådet om å vurdere behovet for at Felleskjøpet (markedsregulator) byggjer opp større såkornlager.

11. Administrativ gjennomgang av avlingsskadeordninga. Departementet vil saman med jordbruksorganisasjonane greie ut korleis avlingsskadeordninga dekkjer framtidige behov.

 

Tiltak for å skaffe fôr til dyra

− Bøndene har vist stor vilje og evne til å hjelpe kvarandre i den vanskelege situasjonen, seier Dale. Det er gjennomført ei rekke tiltak i regi av fag- og produsentorganisasjonar, rådgjevingstenesta m.v. 

− Det har vore viktig for meg i denne situasjonen at statleg regelverk ikkje skal vere til hinder for at bøndene kan gjere naudsynte tilpassingar for å skaffe meir dyrefôr, påpeikar landbruks- og matministeren.

LMD sendte 6. juli brev til Landbruksdirektoratet med ein del presiseringar og tiltak. Bønder som haustar umoge korn som dyrefôr skal ikkje tape økonomisk, det same gjeld dei som prøver å så på nytt for om mogleg få ei avling.

Saker om avlingsskadeerstatning skal handsamast enkelt og raskt. Det skal vere tilstrekkeleg med folk i kommunane og hjå fylkesmennene til å sørge for utbetaling i løpet av 2018.

Frå 13. juli er det åpna for tollfri import av høy og halm. Desse tiltaka er følgt opp av Landbruksdirektoratet og Mattilsynet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.