Halm som fôr i eit kriseår – gevinst for både seljar og kjøpar?

21.08.2018 (Oppdatert: 22.08.2018) ,  Aslak BottenPer Helge HaugdalArve ArsteinBård Næss | Nyhet

To kroner per kg halm ferdig opplasta, og rundballen ferdig levert utanfor fjøsdøra for 600-900 kroner, kan vere god økonomi for kornbonde og husdyrbonde. Det er god tilgang på halm i Trøndelag. Truleg kan halmen i Trøndelag dekkje opp heile behovet for manglande grovfôr i år. Halm frå Trøndelag er rimelegare enn det meste av importfôret i marknaden.

Foto: Asmund Langeland

Både kornbonde og husdyrbonde må hauste gevinst på handelen med halm. Langtidseffektane ved nedslakting av besetning er store, og det bør i dei aller fleste tilfelle unngåast. Halmbonden må ha sikkerheit på avsetning og betaling for meirarbeidet med sal, opplasting og pressing av halmen. Det vil også i år med auka grovfôrpris for dei fleste vere mogleg å oppretthalde eksisterande besetning, sjølv med dagens reduserte grovfôrtilgang. Mange er i ferd med å få ei dyrkjøpt erfaring på utanlandsk importhøy samanlikna med norsk halm. Norsk halm er ein god fôrressurs for husdyrbønder med storfe eller sau. Har bonden ei grovfôravling på minst 30 prosent av totalt fôrbehov, er kraftfôrpris den høgaste prisen ein bør betale for innkjøpt grovfôr.

Det er oftast god økonomi i å kjøpe fôr i staden for å slakte ned besetning. For mange er det i år ammoniakkbehandla halm som er aktuelt å kjøpe.

Begge partar må tene på handelen!
For å skaffe nok grovfôr i år, må halm nyttast til grovfôr i større grad enn vanleg. For at kornbonden skal vere interessert i å ta vare på halmen, og at husdyrbonden skal sleppe å slakte dyra sine, må begge partar tene på samarbeidet.

Kornbonden bør tene meir pengar på å selje halmen til fôr enn gjødselverdien den har når den blir igjen i åkeren. Husdyrbonden må kunne kjøpe fôr rimelegare enn kva det kostar på lang sikt å slakte besetning.  Me i NLR Økonomi har køyrt ulike modellar og berekningar som viser korleis begge partar kan tene på halmsalet.

Dersom dyretalet i ei besetning ligg i øvre kant av det ein har grovfôrgrunnlag til på lang sikt, vil det vera god økonomi å slakte ut noko meir enn i eit normalår. Elles bør ein så langt det er råd halde oppe produksjonen.  Mjølkekubesetningane har truleg mest å hente på dette, men også ammeku-  og sauebesetningar bør strekke seg langt for å unngå nedslakting.

For dei fleste er det lønsamt å låne pengar for å kjøpe fôr i staden for å slakte besetning. Ved å halde dyretalet oppe blir verdien av auka mjølk- og slakteinntekter og husdyrtilskot i åra som kjem  vesentleg høgare enn inntekter frå sal av grovfôr.

Fôreiningar og prisar
Innhaldet av fôreiningar i rundballar med halm varierer mindre enn mellom grasballar. Ein halmball med 120 cm i diameter kan ein forvente har ei vekt på om lag 220-250 kg. Dette svarer til 130-150 FEm pr ball.

Tabell: Retningsgjevande vekt på halmballar ved ulik diameter. Tørr halm ca. 85% tørrstoff og 0,7 FEm/kg TS ferdig NH3-behandla.

Diameter

Vekt(kg)

FEm

120 cm

220

130-140

130 cm

260

150-170

140 cm

300

170-190

150 cm

340

200-220

160 cm

390

220-260

Rådgjevarar i NLR har tidlegare sagt at gjødselverdien på halm er ca. 20 øre pr kg. Ein halmballe har då ein gjødselverdi på 45-55 kr (Ø=120cm). Ein slik pris gjer at kornbonden kanskje vel å pløye ned halmen i staden for å selge den som fôr. Kornbonden har ein risiko, både for at halmen ikkje vert fjerna og for at han ikkje får selt halmen til ein pris som dekkjer bergingskostnaden.

Dette kostar halmberginga
Kornbonden bør få dekka inn kostnadane og risiko med halmberginga. Pressing, plast, gassing, opplasting og tapt gjødselverdi er klare kostnadspostar.

  • Pressing av halm varierer. Prisar frå 70-120 kr pr ball utan plast er rimeleg å forvente. 
  • Pølsepakking og gassing kan variere frå 50 øre til 1 kr pr kg halm = 110-220 kr pr ball.
  • Gjødselverdien kan ein forvente er 0,20 kr pr kg halm = 44 kr pr ball. Spart dieselforbruk når halmkuttaren er fråkopla kjem til frådrag.
  • Halmbergingskostnadane vil då variere frå 224-384 kr pr ball  = 1,00-1,75 kr pr kg halm.

2 kr pr kg halm
2 kr pr kg ved sal av halm gjev ein gevinst til kornbonden på mellom 0,25-1,00 kr pr kg halm.

Kornbonden kan da levere halmen ferdig pressa, opplasta, gassa og plasta til ein pris pr. halmball på 440-550 kr. Transport rundt 15-40 mil kan ligge ein stad mellom 7-15 000 kr pr. lass. Dette tilsvarar 175-375 kr pr. ball. Fôrprisen levert utanfor fjøsdøra vert ein stad mellom 615-900 kr pr. ball eller 4,39-6,40 kr pr. FEm. Dette er godt over kraftfôrpris, men er det lønsamt likevel??

Etter fleire modellberekningar på mjølk, ammeku og sau vil det for husdyrbønder vere vesentleg  betre økonomi å akseptere ein slik pris enn å slakte besetning som går utover avlsdyra.

Dette er derfor god økonomi både for kornbonden og for husdyrbonden som kan fø besetninga over vinteren.  Forutsetninga er at husdyrbonden må kjøpe grovfôr for å dekke opp minimumsrasjonen som drøvtyggaren må ha. Dersom denne rasjonen er til stades, bør ein heller velje fiberrik kraftfôrblanding.

Transport av halm
På lang transport vil volumet avgrense mengda halm som kan transporterast. For grasballar som er vesentleg tyngre er det oftast vekta som avgrensar. Eit normalt vogntog transporterer om lag 40-44 halmballar med diameter 120 cm. Du får med mest grovfôr om du transporterar firkantballar som er tilpassa breidda og lengda på lasteplanet. Store rundballar med 150-180 cm i diameter gjev også rimelegare transport pr kg fôr enn små rundballar.

Beste tilpassing for husdyrbonden
Alle vil ha høve til å byte ut grovfôr i fôrsetelen med fiberrikt kraftfôr. Kraftfôrprisen på ca. 4 kr vil derfor vere den høgste prisen som er interessant å betale for grovfôr dersom om ein kan fylle opp den minimumsrasjonen som drøvtyggaren må ha. Denne blir av fôringsrådgjevarane oppgitt til i størrelsesorden ein tredjepart av samla fôrbehov.

Har du for lite grovfôr? Du kan kjøpe grovfôr til ein relativt høg pris fram til minimumsrasjonen er dekka. Deretter vil prisen på kraftfôr/grovfôrerstattar vere retningsgjevande for maksimal pris på grovfôret.

Mange vil òg kunne få tak i halm rimelegare enn kraftfôr. Dersom du får ein ball ammoniakkbehandla tørr halm til fjøsdøra for ein pris som er under 560 kr pr ball (Ø=120 cm) skal den bli billegare pr. FEm enn kraftfôr.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.