Prisar på pressing av halm

13.08.2018 (Oppdatert: 20.12.2018) Jogeir Magnar Agjeld

Halmpressing er langt meir effektivt enn graspressing. Og kornåkrane er oftast greiare enn grasteigane å køyre på. Det gir seg utslag i prisane på pressing og sanking.

‒ Gamle presser, lite erfaren førar og tørr halm kan gi ballar på 140 kg. Erfaren førar og ny presse gir utan problem 300 kg per ball med tørr halm, og 500 kg med rå halm. «Ein rundball» er slik sett ei ganske så dårleg måleeining, seier Trond Thoreid. (Foto: Åsmund Langeland)

Ser du ein traktor som pressar halm, kan det nærast sjå ut som om gruppegirspaken er flytta til H, mens den står i L når graset skal ballast.

‒ Å presse halm er nesten som å presse papir. Halmen er tørr, og sjølv med kutting er kapasiteten enorm, seier Steinar Edland, som driv maskinstasjon på Jæren. Vel å merke om du reknar ballar per time, og ikkje fôreiningar i timen. Grovt rekna kjem der ut 50 prosent fleire rundballar i timen på halmpressinga, men desse er lettare og inneheld mindre fordøyeleg fôr enn grasballar.

 

90 til 125 øre for pølse

Trond Thoreid driv traktorbehandling med ammoniakk av halmballar i Akershus. Han presenterer eit ganske så greitt reknestykke: Halmen kostar null til 20 øre pr. kg der den ligg i streng. Pressinga har ein kostnad kring 30 øre per kg. Ammoniakken kostar 60 øre, inklusive pølsepakking. Med eventuelt påslag for sanking og sånt, kjem kiloprisen opp i ein plass mellom 90 og 125 øre per kg pølsepakka ammoniakkbehandla halm.

 

Prisdøme frå Bedre Gardsdrift

Om du ikkje har ein entreprenør som pakkar pølser i nærområdet, og skal leige inn folk som ikkje pressar halm til kvardags, må du gjerne rekne litt ekstra. Så det har vi gjort.

Denne artikkelen tar utgangspunkt i Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste, der det både er sett ein middelpris og er eit breitt utval av prisar. Desse prisane byggjer på innmelde prisar frå fleire hundre kjelder over heile landet.

Prislista i Bedre Gardsdrift eksisterer berre i papirversjon, tilgjengeleg for abonnentane på bladet.

 

Singelpresse

Som eit døme kan vi vise til prisen på pressing utan pakking, der grasballar har ein middelpris på 100 kr per ball, mens halmballar i same storleik (kring 125 cm i diameter) ligg på 84 kr per ball. I begge tilfelle kan variasjonen vere stor, frå nesten 30 kroner lågare til omlag like mykje høgare enn middelprisen. Uansett: Her ser det ut til at halmballen ligg dryge 15 kroner lågare enn grasballen.

 

Pakking

Pakkinga er ganske så lik om du snakkar halm eller gras. Her er det tida som går med til å sveive på plasten som tel, for jobben er uansett ikkje spesielt krevjande for involverte maskiner. Med åtte lag plast ligg balleprisen på 88 kroner. Går du ned til seks lag, kjem middelprisen for pakkinga på 74. Også her med vesentlege variasjonar oppover og nedover.

 

Kombipresse

Prislista inneheld ikkje pris for pressing av halmball med kombipresse. I år er det aktuelt mange plassar. Tar vi utgangspunkt i prisen for pressing av grasballar er den 168 kroner med åtte lag plast. Så mykje plast trengst sjeldan på halmballane. Seks lag er meir aktuelt, ut frå kva entreprenørane som driv ammoniakkbehandling seier. Då kan vi justere ned prisen med 14 kroner. I og med at det er lettare køyring, er det rimeleg å tenkje seg at også sjølve pressedelen av jobben bør prisast lågare, slik vi såg i prisdømet for singelpressa ballar. Der hugsar vi at prisskilnaden var drygt 15 kroner. Difor vil det ikkje vere feil å legge seg ein plass kring 140 kroner per pressa og pakka halmball om jobben er gjort med kombipresse. Ver klar over at dette er ein pris som ikkje står i Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste, og som heller ikkje vi i NLR har sjekka i marknaden. Summerer vi prisen for singelpressa og singelpakka ball, er summen av middelprisane der 158 kroner på halm.

 

Timepris

I mange tilfelle er det rett å gå for timepris. Her ligg halmball utan kutting kring 710 kroner, mens grasball med kutting bikkar tusenlappen. Kombipressene køyrer vanlegvis for kring 1500 kroner pr. time. Mange har erfart at balleprisen er lågare om du går for timepris enn ballepris. Slike år som i år, der det er høgst variabelt kor langt du må køyre før du får ein ball, er timepris ganske rettferdig for den som skal gjere jobben.

 

Sanking

I prislista i Bedre Gardsdrift er det ikkje skilt mellom halm eller gras i prisen for sanking. Der er middelprisen 22 kroner per ball, men den varierer frå 10 til 45. Ulike entreprenørar vi har snakka med seier at dei gjerne går for timepris her. Under gode forhold er det ingen problem å nærme seg 10 kroner pr. ball, mens ugreie forhold, lang køyring, kryssing av veg og sånne ting sjølvsagt gir høgare pris. Middelprisen på sanking pr. time ligg på 655 kroner, men lågaste og høgaste pris går frå 500 til 860 kroner.

 

Frå 50 øre til 1 kr per kg

Vekta på ein halmball ligg gjerne rundt 2-300 kg.

‒ Gamle presser, lite erfaren førar og tørr halm kan gi ballar på 140 kg. Erfaren førar og ny presse gir utan problem 300 kg per ball med tørr halm, og 500 kg med rå halm. «Ein rundball» er slik sett ei ganske så dårleg måleeining, meiner Trond Thoreid.

Tar vi ytterpunkta, med ein pris på 140 kroner for pressing og pakking, pluss ein tiar for sanking, er mekaniseringskostnaden her 150 kroner fram til lagerplass. Om ballen då veg 300 kg, blir det 50 øre per kg, inklusive seks lag plast. Mange av dei som køyrer mykje, er fint i stand til å oppnå slike vekter, og der finst mange som takka vere erfaring er i stand til å køyre så effektivt at dei opererer med lågare prisar. 

Ligg prisen på 170 kroner per ball for pressing og pakking, og sankinga kjem opp i 30 kroner, tilseier nokolunde grei matematikk at jobben fram til lager kostar 200 kroner. Er ballen 200 kg, viser den same kalkulatoren at kiloprisen for mekaniseringa endar på akkurat ei krone pr. kg for plastpakka ball. Det treng heller ikkje vere feil, her er det tilbod og etterspurnad som avgjer resultatet.

Attåt dette kjem sjølvsagt prisen for sjølve halmen, pluss eventuell behandling.

 

Kva er rett pris?

Kva som er rette prisen her er det uråd å seie. Halmen skal ikkje pressast alt for hardt om den skal behandlast i etterkant. Det gir fleire ballar, større forbruk av plast og nett, og fleire einingar og større volum å transportere. Samstundes er teigane med halm ofte greiare å arbeide på enn teigane med gras, og jobben kan gjerast raskare med mindre diesel. Det å pakke kvar enkelt ball gir sjølvsagt høgare plastkostnad enn pølsepakking, men det kan vere greitt om ballane skal transporterast og lagrast ute hos mottakaren.

Slike pluss- og minusfaktorar kompliserer sjølvsagt prissettinga, men er du i nærleiken av dei nemnde prisintervalla er det nok ikkje så veldig feil. 

 

 

For ordens skuld: Eg som har skrive denne artikkelen, er den same personen som har bygd opp og produsert maskinleigeprislista til Bedre Gardsdrift frå den vart etablert og fram til og med 2017, så eg er ikkje aldeles uhilda. Tala det er vist til her er frå 2018-utgåva av prislista.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.