Frå knusktørt til rotblautt i Rogaland

12.10.2018 (Oppdatert: 18.10.2018) | Nyhet

Søkkvåte jorder gjer det vanskeleg å hauste poteter, grønnsaker og grovfôr. Etter krisesommaren fryktar jordbruket fleire økonomiske tap etter store mengdar nedbør.

(Illustrasjonsfoto)

Etter ein ekstremt tørr sommar kom ein unormalt blaut haust. Ved målestasjonen på Sola har det berre blitt målt så mykje regn i september éin gong tidlegare. I september var det 25 nedbørsdagar på Jæren. Det er ti fleire enn normalen, melder NRK Rogaland.

Søkkvåte jorde gjer at bøndene ikkje kjem til med traktorane sine. Så lenge det ikkje tørkar opp, vil avlingane bli ståande og rotne.

Bøndene fryktar store økonomiske tap dersom dei ikkje får hausta.

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland anslår at opptil 40 prosent av potetavlingane framleis står i jorda i fylket.

– Vêret framover blir heilt avgjerande. Me risikerer at dei seine potetsortane berre blir ståande i jorda, seier seniorrådgjevar i NLR Rogaland, Arne Vagle, til NRK Rogaland. Han trur mange bønder er fortvila over situasjonen, og uroa for om avlinga kjem i hamn.

Kollega Kari Aarekol skildrar ein fortvila situasjon:

– Under varmen kunne ein ikkje hauste fordi jorda var for tørr. Men då regnet kom, var det for mykje i motsett retning. Dette året har vore ei umenneskeleg utfordring for bøndene. Eg beundrar dei produsentane som har mot til å gå på kvar dag. Men det er klart dei er slitne, seier Kari Aarekol til NRK Rogaland.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.