Har du dekning?

06.11.2019 (Oppdatert: 06.11.2019)

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) er i gang med eit unikt prosjekt: Vi sjekkar dekninga for posisjonssystem i landbruket - over heile landet.

− For NLR er det svært viktig at den nye teknologien skal vere tilgjengeleg for alle bønder i heile landet. Då treng vi kunnskap om korleis dekninga faktisk er. Vi kan ikkje gå ut med tilrådingar om å kjøpe utstyr om vi ikkje veit at det held mål, seier Jogeir M. Agjeld. (Foto: Differmedia Aurora Hannisdal)

Det spesielle med posisjonssystema i landbruket, er at vi må ha korreksjonssignal for å få god nok presisjon. Til enkelte produksjonar klarer vi oss med eit satellittbasert korreksjonssignal (Egnos), mens i andre produksjonar må vi ha landbasert korreksjon (RTK). Særleg tilgangen til Egnos-signal har vore lite undersøkt. Bilen er også oppkopla med ein mobiltelefon som loggar dei signala nokon kvar har tilgang til utan ekstra utstyr, for å seie litt om kva nytte vi kan ha av slike. 

Kvifor?

Tilgangen på både posisjonssatellittar og korreksjonssignal er rimeleg grei dei fleste plassar i verda der det blir drive landbruk. Men Noreg er litt annleis. Vi ligg langt mot nord. Satellittbaserte korreksjonssignal blir sendt frå satellittar som går i bane rett ut frå ekvator. Har vi ei fjellside i sør, eller i nokre tilfelle berre ein låvevegg eller åkerkant, kan vi få problem med å få inn signal frå desse. I andre tilfelle er dalane våre så tronge at vi har i minste laget med posisjonssatellittar, eller dekninga kjem og går etter som satellittane går i bane.

Viktig for at du skal få rett utstyr til lågast mogeleg pris

Landbaserte korreksjonssignal er det som regel mindre problem å ta inn, men desse har ein høgare kostnad.

For NLR er det svært viktig at den nye teknologien skal vere tilgjengeleg for alle bønder i heile landet. Då treng vi kunnskap om korleis dekninga faktisk er. Vi kan ikkje gå ut med tilrådingar om å kjøpe utstyr om vi ikkje veit at det held mål, seier Jogeir M. Agjeld. Han har det nasjonale ansvaret for fagfeltet maskinteknikk og presisjonslandbruk i NLR.

Ved å kartlegge kor dekninga ikkje er god nok, og vurdere kva konsekvensar det har, kan vi med solid fagleg bakgrunn ta dette opp med styresmaktene og utstyrsleverandørane, for å finne tenelege løysingar, seier Jogeir. Samstundes understrekar han at dekninga i store delar av landet er temmeleg god. 

Køyrer over heile landet

Til å få gjort jobben har vi utstyrt ein Toyota HiLux Arctic Truck med fleire posisjonssystem, eller GPS-kuler om du vil. Ideen er enkel: Denne bilen lar oss køyre på åker og eng, forflytte oss over heile landet, og logge korleis signalkvaliteten er, der vi måtte ønske. Men ingen har gjort slikt før, så på den tekniske sida driv vi nybrottsarbeid. Prosjektet er i stor grad finansiert av Landbruksdirektoratets klima- og miljøprogram. Ideen har vi fått i samtalar med medlemmene våre.

Fire antenner er på plass. Den femte blir montert om få dagar. På fleire av antennene testar vi fleire korreksjonssystem. (Foto: Differmedia Aurora Hannisdal)

 

Ser skilnader

Bilen tok til å bli driftsklar i haust. No har den gjort unna sin første runde i Nord-Norge, med Tana som vendepunkt. Alt no ser vi tydelege resultat, særleg der det er trongt mellom fjella. Ein plass tok systema inn rikeleg med satellittar, men fekk ikkje dei nødvendige korreksjonssignala. Enkelte korreksjonssystem fungerer ikkje nord for Saltfjellet.

− Systema har ulik oppkoplingstid, noko vi lett ser når terminalane står side om side, melder prosjektleiar Gunstein Dyrdal i NLR Vest. Det er han som har hatt ansvaret for å bygge opp alt det tekniske i bilen, og finne løysingar for logging og datahandtering.  

 

Skal køyre heile landet

Etter turen i Nord-Norge, er det Hordaland og Sogn og Fjordane som står for tur. Deretter går ferda til Midt-Norge, før den i løpet av vinteren og våren skal ta turen innom alle dei andre fylka i landet.

Når den første grovkartlegginga er unnagjort, blir det opna for at du kan bestille dekningssjekk heime på eigen gard. Prosjektet er i første omgang eittårig, men NLR har søkt om finansiering til tre nye år.  

 

Bilen har utstyr for å logge korleis signalkvaliteten er, der vi måtte ønske. (Foto: Differmedia Aurora Hannisdal)

 

Rullande laboratorium og klasserom

Bilen blir køyrd av NLR sine regionale rådgivarar på presisjonslandbruk og maskinteknikk. Ein ting er at bilen er eit slags laboratorium for utprøving av ymse utstyr. Ein annan viktig funksjon, er at den skal brukast for å lære opp folk langs ruta.

Her kan du kome for å sjå på utstyret og lære meir om presisjonslandbruk. Difor legg vi opp til stadige stopp, gjerne i samråd med andre NLR-rådgivarar. Målet er å spreie meir kunnskap, fortel Stian Sand Gunnarsen. Han har ansvaret for faget i Nord-Norge.

− Bilen er bygd slik at vi kan plukke ut alle skjermane og henge dei på utsida av bilen, så vi kan demonstrere funksjonen, og slik at du kan trykke og ta på sjølv, forklarer Stian Sand Gunnarsen i NLR Nord Norge.

Bilen har eiga Facebook-side og Instagram-konto. Er du NLR-medlem er det grunn til å tru at du får informasjon om når bilen er i ditt område via lokale nyheitsbrev. Kontakt oss gjerne også på dekningskart@nlr.no

NLR satser på presisjonslandbruk

Ved hjelp av presisjonslandbruk og tilhørende teknologier kan landbruket bli mer klimavennlig og bærekraftig.

 

− Det er veldig mange gevinster som drar i miljøriktig retning, samtidig kan det være med å styrke økonomien til hver enkelt bonde, sier Jogeir M. Agjeld.

 

Presisjonslandbruk er å sørge for at hver enkel plante blir behandlet så individuelt og optimalt som mulig. Det betyr for eksempel å gjødsle akkurat på centimeteren der det trengs, og unngå å gjødsle der det ikke trengs.

 

Vil du vite mer om presisjonslandbruk, hva det innebærer og hvilke prosjekter som er startet kan du lese mer, se video og lytte til podcast på landbruk.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.