VIDEO: Klimabonden - Klimaklokt landbruk på Vestlandet

27.09.2019 (Oppdatert: 03.10.2019)

Her finn du fem videoar som viser korleis du som bonde kan gjere klimatilpasningar i praksis!

Det våte klimaet kombinert med mykje myrjord har alltid gjort det krevjande å vere vestlandsbonde. Klimaendringar med meir ekstremver og nedbør i vekstsesongen gjer det endå vanskelegare. Fleire bønder lukkast likevel sjølv i uår med mykje ekstremver. Kva slags tiltak gjer desse bøndene for å møte klimaendringane? 

 

 

 

 

 

 

Praktiske klimatiltak i landbruket i Meland

 

Dette er eit prosjekt som skal vise korleis du kan gjere klimatilpassingar utifrå lokale tilhøve. Gjennom videoar og sosiale media vert erfaringsbasert kunnskap frå bønder gjort tilgjengeleg for andre bønder. Videoane viser korleis og kvifor du bør gjere ting på andre måtar for å tilpasse deg endringane i klimaet. Du får tips om korleis du kan gjere tiltak i praksis, og kva som er lurt å vere bevisst på. Klimatilpassing er eit stort og vidt område, så det er fint med døme på kva det vil seie i praksis.

 

Målet er å dele erfaringar og praktiske tiltak på ein lett tilgjengeleg måte, til inspirasjon og lærdom for andre.

 

Prosjektet starta hausten 2018 og skal gå til desember 2019. I løpet av prosjektperioden vil forvaltninga, bønder og rådgjevingstenesta gå saman og kartlegge gode klimatiltak for landbruket og formidle desse gjennom videosnuttar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Meland kommune, Bønder i Meland, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Nordhordland UNESCO Biosfære, i tillegg til støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Hordaland fylkeskommune. 

 

Kontaktperson for prosjektet er Laila Bjørge, landbrukssjef i Meland kommune.

 

Filmane finn du og på Youtube

 

Klikk på biletet for å sjå interaktiv brosjyre:

 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.