Mentorordninga i landbruket: Fekk nyttig hjelp med Inn på tunet-tilbod

25.11.2019 (Oppdatert: 25.11.2019) Magnhild Strand

Solveig Græsli var i gang med å starte eit Inn på tunet-tilbod på garden på Lesja då ho søkte om å få delta i mentorordninga i landbruket. Marita Aanekre hadde vore gjennom den same prosessen nokre år tidlegare, og blei ein nyttig mentor for Solveig.

Mentor Marita Aanekre (til venstre) og ny bonde Solveig Græsli har utveksla mange nyttige erfaringar med Inn på tunet. (Foto: Magnhild Strand)

Eg hadde ideane om kva slags Inn på tunet-tilbod eg ville ha, men visste at vegen fram til godkjenning som IPT-tilbydar var krevjande. Å få denne godkjenninga var det første og største målet mitt, seier Solveig.

Det var veldig bra at Solveig hadde gjort litt allereie, og visste kva ho ville. Då kunne eg gje ho konkret hjelp, seier Marita.

Gått opp løypa

Marita hadde gjennomført ein slik godkjenningsprosess før, og eg fekk kome og sjå korleis ho hadde løyst dei ulike krava. Det gjorde det enklare for meg. Gode tryggleiksrutinar, risikovurdering, beredskapsplan, dyrevelferd og gode rutinar for personalet må vere på plass, seier Solveig.

Eit anna godt råd ho fekk av Marita var å melde seg inn i Innlandet Inn på tunet SA. Der får ho hjelp med sal og forhandlingar, avtaler og fakturering.

Det er ein omfattande jobb å vere IPT-bonde, seier Marita. Ho meiner det er veldig godt at nokon kan gjere denne administrative delen av jobben. Det gir tryggleik for både brukarane og tilbydaren. Deltaking i eit samvirke bidreg til at IPT-bøndene blir kjent med kvarandre og kan inspirere kvarandre til å bli endå meir profesjonelle, og det kan leggje grunnlag for eit samarbeid mellom tilbydarane.

− Kva har vore det viktigaste med å vere med i mentorordninga?

Det viktigaste har vore å få eit større innblikk i IPT-ordninga. Det har vore veldig enkelt å spørje Marita om ting eg lurer på. Ho har også vore med på idémyldring hos oss, då eg og mannen min hadde kjøpt nabogarden og ville bruke denne i IPT-tilbodet. Det gav nye muligheiter, seier Solveig..

Ho er også svært takksam for å kunne nyte godt av dei strukturane Marita og andre pionerar har fått på plass.

Det gjer det enklare for oss som kjem etterpå og skal starte med Inn på tunet, seier Solveig.

Landsdekkande ordning 

Frå 2020 er mentorordninga i landbruket  ei landsdekkande ordning. Det er mulig å søke for bønder som er nye i landbruket eller som ønsker å starte med ein ny produksjon. I denne ordninga kan ein få gode, praktiske råd frå ein erfaren bonde. Det er også mulig å søke for den som kan tenkje seg å vere mentor, og bidra med sine opparbeida erfaringar.

 

Søknadsfrist er 1. desember 2019. 

 

> Søknadsskjema

 

Les mer

 

> Landsdekkende mentorordning i landbruket fra 2020

 

> Mentorordninga fikk fart på plommeprosjektet

 

> Mentor ble kårkall hos ung bonde

 

> Lærer mer om ullen lidenskap

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.