Driv du med presisjonslandbruk?

29.01.2019 (Oppdatert: 11.02.2019)

Viss nei: Kvifor ikkje? Viss ja: Kvifor og korleis? Dette er utgangspunktet for NLR si store spørjeundersøking om presisjonslandbruk, med svarfrist 10. februar.

Presisjonslandbruk kan vere så mangt, frå det å ha ein liten skjerm som ved hjelp av GPS-signal hjelper deg å sikte beint, til variabel tildeling av gjødsel på bakgrunn av sensorinformasjon og avlingskart. (Foto: Claas)

Målet er å skaffe meir kunnskap om eit av dei mest omtalte fagområda innan landbruket for tida. Bønder, styresmakter og alt slags firma, frå maskinseljarar til varekjøparar, viser langt større interesse for presisjonslandbruk no enn nokon gong tidlegare. Men korleis står det eigentleg til med presisjonslandbruket her i landet? Og kva økonomiske og miljømessige konsekvensar fører det med seg?

NIBIO er i gang med å rekne på kva effekt ulike løysingar har for økonomien og miljøet. Norsk Landbruksrådgiving (NLR) spør bøndene korleis dei opplever situasjonen. Oppdraget kjem frå partane i jordbruksoppgjeret, via Landbruksdirektoratet.

> Til spørjeundersøkinga

 

Alle bør svare

− Driv du gard, er vi svært interessert i svaret ditt, uansett! Om du slett ikkje på noko vis er interessert i moderne teknologi, vil vi vite det. Om du køyrer med autostyring, seksjonskontroll, N-sensor og avlingsregistrering, vil vi høyre dine erfaringar. Og sjølvsagt alle som er ein plass her i mellom, seier maskinteknisk rådgivar Gunstein Dyrdal i NLR.

 

Gjeld utandørs

Alle spørsmåla gjeld utandørs presisjonslandbruk. Spørjeundersøkinga vil bli brukt av både landbruket og styresmaktene, og legg litt av grunnlaget for dei komande landbruksforhandlingane.

Om du ikkje har driv presisjonslandbruk, kan vi finne ut kvifor du ikkje har slikt utstyr, og kva som eventuelt skal til for at du skal ta steget vidare. Er du i gang med noko slags form for presisjonslandbruk, vil vi vite kva erfaringar du har, og kva som skal til for at du skal kome deg enda lengre, fortel Gunstein Dyrdal.

 

Vil vite kva du vil vite

Ansvarleg for presisjonslandbruk i NLR, Jogeir M. Agjeld supplerer: − Norsk Landbruksrådgiving (NLR) er i ferd med å styrke kompetansen og bemanninga på presisjonslandbruk. Ofte ser vi at det berre er ein ganske liten dytt som skal til for å få folk ned frå gjerdet. At ny teknologi kan bidra til både betre økonomi og mindre miljøavtrykk er det ikkje tvil om, men då må ting gjerast rett. Om du hjelper oss med å svare på undersøkinga, veit vi betre korleis vi som gir råd skal svare på behova. Og styresmaktene får meir kunnskap om korleis dei kan bruke sine verkemiddel på beste måte. Brukar du ti minutt her, kan du fort få større verdiar tilbake!

> Til spørjeundersøkinga

Svarfristen er 10. februar.

Det tar omlag ti minutter å svare. Om du svarer, kan du vinne en AgLeader Compass sporfølger. Ti innsendere får fem Flaxlodd hver. Alle svar behandles konfidensielt og i henhold til gjeldende regelverk.

> Til spørjeundersøkinga

 

Svarfristen er 10. februar.

 

Det tar omlag ti minutter å svare. 

 

Om du svarer, kan du vinne en AgLeader Compass sporfølger.

 

Ti innsendere får fem Flaxlodd hver. 

 

Alle svar behandles konfidensielt og i henhold til gjeldende regelverk.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.