Ver klar for NLR Teknikkmøtet 2020!

04.09.2019 (Oppdatert: 04.09.2019)

6. og 7. februar skjer noko heilt nytt: Norsk Landbruksrådgiving ynskjer deg velkomen til fagleg oppdatering og sosialt samkome på NLR Teknikkmøtet!

Om du er bonde, rådgivar, maskinselgar, student eller på anna vis har interesse for landbruksmaskiner eller presisjonslandbruk: Den rette plassen å vere desse dagane er på Thon Hotel Oslo Airport på Gardermoen.

- Her får du høyre erfaringar frå andre bønder som ligg langt frame. NLR-rådgivarar deler av sine beste kunnskapar og erfaringar. Flinke folk frå inn- og utland er venta. Målet er kort og godt noko så ambisiøst som å heve kunnskapsnivået om maskinteknikk og presisjonslandbruk, seier Jogeir M. Agjeld. Han er prosjektleiar nettopp for desse fagområda i NLR Sentralt

- Vi har reservert overnattingsplass til 300 personar. Møtesalen har plass til enda fleire. Når vi satsar, meiner vi alvor. Difor er alle teknikkrådgivarane i NLR involverte i møteplanlegginga, attåt mange andre flinke hjelparar. Målet er at folk frå heile landet skal finne programmet så interessant at dei tek turen, og at dei er bittelitt klokare når dei reiser heimatt, melder Jogeir. Helst såpass mykje klokare at dei driv litt betre og får litt høgare driftsresultat etterpå.

Attåt det faglege programmet på dagtid, er det sett av pausar som er romslege nok til å få prata litt med dei andre som er på samlinga. Og ikkje minst blir det ein landbruksteknisk festmiddag, der ingen ser rart på deg om du kan meir om traktorhistorikk enn om bestikkplassering.

Påmelding og program blir opna opp utpå seinhausten. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.