Jogeir kunne blitt ein del av sin eigen statistikk

03.11.2020 (Oppdatert: 03.11.2020)

– Den einaste plassen du er heilt trygg i ein traktor, er i førarsetet. Der er setebeltet di beste livsforsikring, seier Jogeir Agjeld – maskineksperten som sjølv vart redda av beltet heime på garden i Olden.

Jogeir Agjeld er ein erfaren sauebonde heime i Stryn, ved sidan av arbeidet som prosjektleiar i Norsk Landbruksrådgivning. Der er tryggleik i traktor eit av Jogeir sine spesialfelt, og eit fast tema i føredraga han held landet rundt. Foto: Liv Aga Malm/Spoon

Jogeir Agjeld er sauebonde Olden i Stryn, ved sidan av arbeidet som fagansvarleg for maskinteknikk og presisjonslandbruk i Norsk Landbruksrådgiving. Han har og 20 års fartstid som journalist i fagbladet Bedre Gardsdrift. Der begynte han med kartlegging og analyse av alle dødsulukker med traktor i Norge.  

– Altfor mange trur at traktorulukker skjer “berre der det er farleg”. Men det er berre små detaljar som skil ein situasjon som du vurderer til å være ufarleg, og det som kan bli til ei dødsulukke. Om vi på førehand kan seie når ei ulukke skjer, korleis den skjer eller kvifor den skjer, hadde vi ikkje hatt ulukker, understrekar Jogeir Agjeld. 

Han har tal tilbake til 2008, som omfattar alle dødsulukker med traktor i Noreg. Han reknar og med fritidskøyring og trafikkulukker, ikkje berre arbeidsulukkene. I denne perioden har 71 liv gått tapt. Men det er ingen som har døydd med beltet på i traktoren. 

Statistikken som Jogeir sit på viser at ulukkene råkar bønder, kårfolk, ungdom og kven som helst elles som brukar traktor. Dei skjer under arbeid, i trafikken og på fritida. Spennvidda er stor. Fellesnemnaren er at føraren mest truleg har meint at dette er trygt og greitt, og likevel går det fatalt gale.  

Jogeir har arbeidd heile livet innan landbruket. Sidan 2017 har han vore tilsett i Norsk Landbruksrådgiving med ansvar for maskinteknikk og presisjonslandbruk. Han har bak seg fleire tusen timar i traktoren. Likevel, ein dag var det like før han vart eit tal i sin eigen statistikk. 

– Eg pussa beitet for ein annan bonde i bygda, då traktoren min brått velta. Eg landa med bakken berre nokre centimeter frå venstre fot og skulder, men utan skade. Slik hadde det ikkje gått utan at eg brukte beltet. Og det er poenget: Traktoren er konstruert slik at når du sit i setet, er du trygg nesten uansett kva som skjer. Så lenge du sit fastspent, vel å merke. 

I løpet av kort tid opplevde to kameratar i nærområdet det same som Jogeir.  

Jan Markus Kvamme begynte å skli da han brøyta vegen, før traktoren ramla utfor ein fire meter høg skrent og landa på taket. Kjell Ove Frøyset møtte ein bil på smal veg då asfaltkanten ga etter og høgre bakhjul punkterte mot fjellveggen. Då fekk berre venstre hjul bremse-effekt. Dermed skar traktoren over vegen og velta utfor skråninga på motsett side, der den kræsja ned i trestammane. 

Alle tre hendingane liknar på dødsulukker som Jogeir har i statistikken sin. Men alle dei tre erfarne traktorsjåførane vart redda av beltet. 

– Traktorulukker er vanlegare enn vi trur, fordi vi ikkje rapporterer mindre uhell. Det er berre når det går skikkeleg gale at ulukkene blir registrerte, meiner Agjeld. 

– Dermed vert dei mindre alvorlege ulukkene til mørketal, fordi bønder flest er robuste typar som er vande med å ordne opp sjølve. Så lenge vi greier å krabbe ut på eiga hand etterpå, så tenkjer vi «slikt skjer» – før vi ryddar opp og held fram med arbeidet. Mange legg heller ikkje merke til kor små marginane har vore mellom berre materielle skader og ei mogeleg dødsulukke. Og jo fleire slike hendingar som går under radaren vår, jo mindre veit vi om kor vanleg dette faktisk er. Dermed vert vi heller ikkje minna om risikoen. 

Det mykje brukte argumentet om at du utan belte kan hoppe ut av traktoren og unngå å verte med utfor i ein velt, har Agjeld lita tru på. 

– Det er dessverre ein svært lite realistisk tanke. Sjå på dei tragiske ulukkene med ATV'ar: Sjølv dei som sit heilt ope på eit mykje mindre køyretøy, rekk ofte ikkje å hoppe av når ulukka skjer. Ein traktor er større og tyngre, og samstundes mykje vanskelegare å hoppe av. Difor er det så viktig at du sit godt festa i setet, avsluttar Agjeld. 

 

Det skjedde her

Jogeir Agjeld og naboen Jan Markus Kvamme er med i Arbeidstilsynet sin nyaste film i kampanjen «Det skjedde her» – som no rullar i sosiale media med støtte frå ein brei allianse av organisasjonane i landbruket. 

 
Sjå filmen og les meir på detskjeddeher.no >

 

Arbeidstilsynet står bak kampanjen «Det skjedde her» som vert støtta av: 

  • Fellesforbundet 
  • Kvalitetssystemet i landbruket (KSL) 
  • NHO Mat og Drikke 
  • Norges Bondelag 
  • Norges Bonde- og Småbrukarlag 
  • Norges Bygdeungdomslag 
  • Norsk Landbruksrådgiving 
  • Norsk Gartnerforbund 
  • Norske Landbrukstenester  

 

Les også:

– Setebeltet reddet livet mitt

– Setebeltet ville reddet mannen min



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.