– Eg kan spørje Liv Oddrun om alt

26.08.2020 (Oppdatert: 27.08.2020) Morten Berntsen

MENTORORDNINGA: Elisabeth Bakke og Bård Risheim tok over eit mjølkebruk i Skjåk hausten 2019 – berre dagar før termin med barn nummer to. Då tok Liv Oddrun Maurstad ansvar og hjelpte dei unge gardbrukarane i gang med produksjonen. No er ho deira mentor.

God hjelp: Læringskurva har vore bratt for Elisabeth Bakke og Bård Risheim. Med ei kvote på 91,5 tonn, har mentor Liv Oddrun Maurstad (t.h.) vore god å ha. Synne på armen til Elisabeth og Kristianne på armen til Liv Oddrun.

Liv Oddrun Maurstad ringde rundt og fekk folk til å stille på dugnad i fjor haust. 

– I løpet av seks veker fekk vi fjøsen i orden slik at mjølkekua kunne flytte inn. Det fell meg heilt naturleg å hjelpe til, seier Liv Oddrun, som dette året er mentor i ordninga for landbruket. 

Ho har elleve års erfaring som mjølkeprodusent og driv garden i lag med sambuaren, André Husom. 

Den ferske mjølkeprodusenten, Elisabeth Bakke, som var høggravid med sitt andre barn då dei tok over garden, er svært glad for at Liv Oddrun Maurstad vart deira mentor. 

LES MEIR: Lærer mer om ullen lidenskap

– Det er eit must å ha nokon ein kan spørje til råds. Plutseleg lurer ein på så mange ting, seier Elisabeth. 

 

Deler gjerne kunnskap

Sjølv om Liv Oddrun allereie var i full gang med å overføre kunnskap og erfaringar, er Elisabeth nøgd med at dette no er formalisert gjennom Mentorordninga i landbruket. 

– No kan eg mase til alle døgnets tider, smiler den ferske bonden. 

LES MEIR: Mentor ble kårkall hos ung bonde

Liv Oddrun delar meir enn gjerne av si erfaring og kunnskap. 

– Eg er god på ku, og vil meir enn gjerne hjelpe. Då følar eg meg til nytte. Vi har jo verdas beste yrke som bønder, seier ho. 

Det er Elisabeth einig i. Frå ein jobb i helsevesenet med turnusvakter, har ho no meir tid med barna heime på garden no som ho har vorte bonde. 

 

Lærer mjølkeproduksjon

Mentorparet held seg ikkje til ein fast agenda når dei diskuterer fag. Her vert daglegdagse spørsmål diskutert fortløpande. 

– Det er nye tema for kvar dag, seier mjølkebonden i Skjåk. 

– Det har vore viktig å få i gong drifta. For å lykkast med det, har det vore viktig å fokusere på å lære seg mjølkeproduksjon, supplerer Liv Oddrun. 

LES MEIR: Mentorordninga fikk fart på plommeprosjektet

Elisabeth og mannen Bård har fordelt arbeidsoppgåvene på garden. Ho har ansvaret for fjøs og kyr, medan han tek seg av jorder og grovfôrproduksjon. 

Sjølv om Mentorordninga i landbruket går over eit kalenderår, kjem ikkje kontakta til å kuttast når kalenderen for 2021 henges opp. 

– Vi er heilt avhengige av å ha med Liv Oddrun. Vi kjem definitivt til å halde kontakten, seier Elisabeth. 

Oppfordrar fleire til å søkje

– Mentorordninga i landbruket er ei fin ordning for alle som er nye i landbruket. Har du starta med landbruk dei siste åra, oppfordrar eg deg til å søkje. Her får du gode, praktiske råd frå ein erfaren bonde, seier Mette Feten, ansvarleg for ordninga i NLR. 

 

Frå oppstarten som eit prøveprosjekt i nokre utvalde fylke i 2017, til å bli ein landsomfattande ordning i år, har mange nye bønder nytta seg av tilbodet. Og mange har hatt stor nytte av ordninga. 

 

– Av og til kan det vere vanskeleg å spørje ein nabo om att og om att om gode råd. I Mentorordninga i landbruket er det slik at mentor får ein økonomisk godtgjersle for å ta på seg veiledningsrolla, seier Feten. 

 

Fristen for å søkje opptak til Mentorordninga i landbruket er 1. desember. Søknadsportalen er no open. 

 

– Eg vil sterkt oppmode bønder som startar nye næringar til å søkje på denne ordninga, seier Feten. 

 

Samstundes ynskjer NLR at dyktige mentorar også skal melde seg. 

 

– Vi treng dyktige bønder som kan dele av sin kompetanse, legg ho til. 

 

> Søk opptak til Mentorordninga i landbruket

 

Kan du tenke deg å vere mentor? Meld di interesse her:

 

> Meld deg som mentor



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.