Rådgiving i presisjonslandbruk godt i gang

02.07.2020 (Oppdatert: 09.07.2020) Jogeir Magnar Agjeld

Vil du planlegge eit fornuftig køyremønster, eller kanskje til og med gå for faste køyrespor? Kanskje burde du fått sjekka innstillingane på plogen eller gjødselspreiaren? Teknikkrådgivarane i NLR er klare!

Dekningsbil-prosjektet blir vidareført. Er du i tvil om dekninga der du bur, kan vi kome og sjekke. Har du korreksjonssignal, men opplever trøbbel av noko slag, kan vi både måle og hjelpe med feilsøking. Dessutan, treng du å få køyrd opp eksakte skiftegrenser, er også det ein jobb vi lett kan ta når bilen er i området. (Foto: Differ Media Aurora Hannisdal)

Då Norsk Landbruksrådgiving (NLR) i 2019 bestemte seg for å satse for fullt på rådgiving i presisjonslandbruk og maskinteknikk, vart det vedtatt at frå 2022 skal det vere ei fullverdig tilbod i heila landet. Men allereie no har dei ti teknikkrådgivarane i NLR mykje å tilby.

Stor fagleg breidde

− Vi har lista opp kring 30 ulike tema som vi skal vere gode på, der vi kan gi solid rådgiving til medlemmene våre, forklarer Stian Sand Gunnarsen. Han er teknikkrådgivar i NLR Nord Norge, og har mellom anna særskilt ansvar for å ha oppdatert kunnskap om hjul, dekk og belte.

Start med det grunnleggande

Rådgivarane arbeider på fleire frontar. Atle Haugnes i NLR Trøndelag er ein av rådgivarane som er mykje ute hos bøndene, med rådgiving ein-til-ein og i grupper. Han har lang erfaring i NLR, og er ein av dei som har halde flest pløyekurs.

− Uansett kva du driv med, er det eit godt utgangspunkt at maskinene er rett innstilt. Med litt påfyll av kunnskap kan du utnytte dei eksisterande maskinene dine meir effektivt og gjere ein betre jobb. Skal du køyre presist, er trinn ein at kunstgjødselspreiaren står i vater når traktoren står flatt, poengterer den røynde rådgivaren.

Han får støtte frå Sverre Heggset i Landbruk Nordvest: Å bruke maskinene rett er gratis. Å få hjelp til rett innstilling kostar mykje mindre enn å kjøpe nytt. Og kjøper du nytt, må den nye maskina stillast rett inn, den også!

Sankar ny kunnskap

Å bygge ny kunnskap er også grunnleggande for teknikk-korpset. Gunstein Dyrdal i NLR Vest står bak oppbygginga av dekningsbilen, som han og kollegaene snart har køyrd over heile landet. Dekningsbilen er oppbygd med posisjonsutstyr som er hyllevare hos norske forhandlarar, altså tar vi inn akkurat dei same korreksjonssignala som du som bonde tar inn, med dei same antennene.

Vi har logga signalkvaliteten i typiske landbruksområde over heile landet, frå Tana i nord, og i løpet av hausten fullfører vi Agder og Rogaland, forklarer Gunstein.

– Det er kjekt å melde at breiddegrad ikkje er noko hinder, men høge fjell eller anna som skjermar mot sør skaper problem, rapporterer Gunstein. Dermed veit vi med stor sikkerheit kor det er problemfritt å bruke posisjonsutstyr, og vi veit at der er ein jobb å gjere for å sikre økonomisk likeverdig tilgang til slikt utstyr for bønder også i dei vanskelege områda.

Dekningsbil-prosjektet blir vidareført. Er du i tvil om dekninga der du bur, kan vi kome og sjekke. Har du korreksjonssignal, men opplever trøbbel av noko slag, kan vi både måle og hjelpe med feilsøking. Dessutan, treng du å få køyrd opp eksakte skiftegrenser, er også det ein jobb vi lett kan ta når bilen er i området.

Sats på større effektivitet med mindre jordpakking

Om du er av det store fleirtalet med god signaldekning, er det ingenting i vegen for å satse på faste køyrespor. Det betyr at du nær sagt har faste køyrevegar på jordet, og at du unngår å køyre utanom desse. Bakgrunnen er enkel: All køyring på jordet er litt skadeleg. Det er første turen som er verst. Jo større areal du unngår å køyre på, jo større agronomiske gevinstar har du. Vel å merke under normalt greie forhold.

I Noreg ligg det veldig godt til rette for faste køyrespor. Mykje av arealet vårt er eng som blir hausta med traktor, der vi lett kan ha lik sporvidde på alt av reiskap. Har du tilgang på butterfly-slåmaskin og passeleg brei rive, er det veldig lite som skal til for å legge om til faste køyrespor på nær all køyring.  

Har kraftfulle verktøy

Å legge ut faste køyrespor, og for den del finne ut kva som er det mest optimale køyremønsteret på typiske norske teigar, er ikkje like beint fram. Difor har NLR investert i kraftfull programvare. Rådgivarane Per Gunnar Kraggerud i NLR Øst, Truls Olve Terjesønn Hansen i NLR Trøndelag og Åsmund Langeland i NLR Innlandet, er i gang med å lære seg både det faglege og programvaren. Med dette verktøyet kan vi også samle inn alt av avlingsregistreringar og andre data, bygge opp det slik at informasjonen kan samordnast, og med det som grunnlag bygge opp tildelingsfiler på gjødsling, kalking eller såing.

Å legge ut faste køyrespor, og for den del finne ut kva som er det mest optimale køyremønsteret på typiske norske teigar, er ikkje like beint fram. Difor har NLR investert i kraftfull programvare. (Skjermdump frå faste-køyrespor-generator-programmet)

 

Nye tider for plantevern

Krava til miljøvenleg drift blir stadig innskjerpa. No er nye reglar for kjemisk plantevern nært vatn på plass. Det har sine fordelar: Utstyret og teknikkane som er aktualisert no bidrar også til å gjere ein minst like god jobb som før også langt unna dei sonene der det er spesielle restriksjonar.

Vi vil oppfordre alle som driv med åkersprøyting, uansett kultur, til å skifte til nye lågavdrifts-dyser, og tilpasse væskemengde og trykk. Du gjer ein vel så god jobb, med mindre avdrift, du brukar mindre væske, og du kan køyre i svak vind utan dårleg samvit, forklarer Jan Karstein Henriksen i NLR Agder. Han er ein av dei fremste nestorane på sprøyteteknikk.

Sett frå lufta

Internasjonalt blir landbruket rekna som det neste store satsingsområdet for droneindustrien. NLR er sjølvsagt på hogget. Erik Hørluck Berg i NLR Østafjells er i ferd med å jobbe fram rådgivingstenester bygd på bruk av droner. Samstundes er NLR involvert i NIBIO sitt store PRESIS-prosjekt, der mellom anna droner skal brukast til å vurdere avlingsmengde i eng, kartlegge forekomst av rotugras og tidleg soppdeteksjon i korn.

Det er viktig å vere klar over at det ikkje berre er å fyke opp og ta eit dronebilete, så har du fasiten. Nokre gongar ser du ting det er lett å forstå. Andre gongar krevst det meir kunnskap for å ha nytte av dronebileta, gjerne også verifiserte kontrolldata, seier Erik.

Alt dette jobbar vi med, i tett samarbeid med kvarandre, så vi kan tilby fullverdig rådgiving i maskinteknikk og presisjonslandbruk, uansett kor i landet du held til!

Teknikkrådgivarane i NLR er klare for mange ulike type oppdrag innafor presisjonslandbruk, val og bruk av maskiner. (Foto: NLR)

 

 

 

Denne artikklen er henta frå NLR-magasinet 2020. Les fleire artiklar frå magasinet:

> Kunnskap og rådgiving er viktig for å nå klimamålene

> Det internasjonale plantehelseåret 2020

> Ønsker å drive økologisk og pløyefritt

> Teig for teig med din rådgiver

 

NLR-magasinet 2020 er tredje utgåve av magasinet. Det skal vise fram litt av breidda i rådgivingstilbodet frå Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Du får smakebitar frå den allsidige kompetansen i organisasjonen som leverer heilheitlig rådgiving i heile landet.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.