Du kan alt no sette kryss på dagane 1., 3. 7. og 9. februar. Kvar av desse dagane får du tilbod om to til to og ein halv time intensiv fagleg oppdatering.

Dei fire dagane har kvart sitt tema:

  • Ny teknologi i perspektiv
  • Smart køyring og variert innsats
  • Gjødsel – Den nye valutaen
  • Moderne (?) bruk av jord

Desse bolkane er igjen delt opp i korte og innhaldsrike fagforedrag, berre avbrote av ein liten beinstrekk midt i møtet.

– På grunn av koronasituasjonen er NLR Teknikkmøtet i år på nett. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko: Dette gjer det lettare for kven som helst å delta frå kor som helst, enten det er frå godstolen framom stor skjerm, eller det er frå brøytetraktoren med Peltoren på øyret, seier Lars Gunnar Flatvad i programkomiteen.

Sanna Krüger Persson er leiar for programkomiteen, og forsikrar om at foredraga blir gitt av dyktige bønder, NLR-rådgivarar, forskarar og andre fagfolk.

– Tematikken er både dagsaktuell og framtidsretta. Vi prøver å treffe breitt, så det skal vere like aktuelt for nær sagt alle produksjonar og landsdelar, forklarer ho.

Bilde Sanna
Sanna Krüger Persson, leiar for programkomiteen

Detaljane kjem rett over nyttår. Då opnar også påmeldinga.

Førre gong NLR Teknikkmøtet vart arrangert, i februar 2020, deltok nær 300 personar på det fysiske møtet på Gardermoen. Responsen etter møtet var svært god, med eit tydeleg ønske om at møtet må gjennomførast fleire gongar. Deltakarane på det første møtet var bønder, elevar og studentar, folk frå maskinbransjen, driftsmiddelleverandørar, rådgivarar, fagjournalistar, representantar frå offentleg forvalting og andre landbruks- og teknikkinteresserete.

Teknikkmotet 2021 2
I 2020 var NLR Teknikkmøtet eit fysisk arrangement, men på grunn av koronasituasjonen er møtet i år på nett. Dermed er det lettare å delta kor som helst, enten det er frå godstolen eller brøytetraktoren med Peltoren på øyret. (Foto: Siri Josefine Mo)
Logo teknikkmotet