Mitt namn er Jørn Viste og eg har vært bonde på Nærbø i mange år. I dag er det ein av sønene våre som er forpaktar og eg er tilsett som dreng. Produksjonen på garden er raigras og bygg, mjølk og litt sau. I løpet av sesongen skal eg på NLR si Facebook-gruppe skrive om våre val i forbindelse med dei ulike grasslåttane som vi tar. Spørsmål som er relevante for fleire vil eg svare på i kommentarfeltet. Har de behov for rådgivar tar de kontakt med dykkar vanlege rådgivar.


20160929 1541260

Grovfôr av topp kvalitet gjer det mogleg for oss å spare på innkjøpte mengder av proteinrikt kraftfôr. Med ein stor del av proteinet frå gras, aukar behovet for stivelse i kraftfôret. Om lag 75 % av kraftfôret vi nyttar er korngrøpp bygg. I fôrplanen til mjølkande kyr går vi etter 155-165 gram råprotein per kg tørrstoff i totalrasjonen. Med om lag ein tredjedel av totalrasjonen som kraftfôr, bør surfôret helst ha 180-190 gram råprotein per kg tørrstoff for å gi oss den billigast fôrplanen. Dette gir også det beste resultatet i forhold til utnytting og opptak av fosfor og nitrogen frå jorda.

Om meg

Mitt namn er Jørn Viste og eg har vært bonde på Nærbø i mange år. I dag er det ein av sønene våre som er forpaktar og eg er tilsett som dreng.

Grovfôr av topp kvalitet gjer det mogleg for oss å spare på innkjøpte mengder av proteinrikt kraftfôr. Med ein stor del av proteinet frå gras, aukar behovet for stivelse i kraftfôret. Om lag 75 % av kraftfôret vi nyttar er korngrøpp bygg. I fôrplanen til mjølkande kyr går vi etter 155-165 gram råprotein per kg tørrstoff i totalrasjonen. Med om lag ein tredjedel av totalrasjonen som kraftfôr, bør surfôret helst ha 180-190 gram råprotein per kg tørrstoff for å gi oss den billigast fôrplanen. Dette gir også det beste resultatet i forhold til utnytting og opptak av fosfor og nitrogen frå jorda.

I løpet av sesongen kjem eg med vurderingar av korleis eg tolkar ulike faktorar som vi får via NLR-rådgjevarane, vêrmeldingar, egne målingar av grashøgde og kva avgjersle vi tar om slåttetid og gjødsling. Eg vil også setje fokus på raskast mogleg fortørking med bruk av høyvendar og rankerive med det været som vi har på det aktuelle tidspunktet.

I sesongen skal vi følge to slåttestrategiar, som vi går etter, for å lage eit energi- og proteinrikt grovfôr til mjølkekyr. I tillegg skal vi også ha noko fôr som passer til kviger og gjeldkyr. Avlingsmålet er 1200 kg tørrstoff per dekar ferdig ensilert gras.

20210722 144928

På Nærbø (25 m.o.h.) har vi eit 4-slåttsystem. Målet her er like god kvalitet på alle slåttane. Første slåtten blir tatt før begynnande skyting og deretter kvar 5. veke. Siste slåtten tar vi ca. 10.september. Avlingsmengda skal være ca. 400 kg ts i 1.slåtten, 300 kg ts i 2. og 3.slåtten og maks 200 kg ts i 4.slåtten. Fordelen med denne strategien er at ein kan ha om lag same kvalitet i alle siloane, men da må ein ha eit anna fôr til kviger og gjeldkyr. Ei anna utfordring er at det kan være vanskeleg å få like god kvalitet på 2.slåtten når vi tar 1.slåtten før skyting. Med sterkt fokus på kvalitet kan dette lett bli ein 5-slåttsstrategi.

På Hadland i Gjesdal (120-140 m.o.h.) har vi eit 3-slåttsystem, med 6 vekers intervall mellom slåttane og beiting av gjenveksten i september. For oss som har alt fôret i rundballar kan vi gjerne produsere ulike kvalitetar på graset av ulike slåtter.

Målet til 1.slått er eit fôr med ein energi-konsentrasjon på om lag 0,98 FEm/kg ts og skal brukast til mjølkande kyr. På dette stadiet har graset eit strå, men akset er ikkje synleg enda. Graset er lett fordøyeleg og har ein passe struktureffekt.

Med tidleg slått vil raigraset til 2.slåtten komme raskt med både strå og aks. Energikonsentrasjon kan da ofte ende på 0,85 FEm/kg ts og eit råproteininnhald på 130-150 gram/kg ts. Dette fôret passer bra til kvigene.

I slutten av august tar vi 3.slåtten. På denne slåtten er det lettare å oppnå ønska nivå for råprotein til mjølkekyr og ein energikonsentrasjon på 0,90-0,95. Gjenveksten i september blir beita lett av kviger og nokre sauer. Vi ser det som ein fordel å avslutte vekstsesongen med beiting, dette gir mange sideskot på raigraset og vi får eit tett grasdekke før vinteren. Det ser ut som raigraset har lettare for å klare overvintring etter beiting, enn ved seine og store slåtter seint på hausten.

Med denne 3-slåttsstrategien har vi ikkje nokon slått i hundedagane (23.juli til 23.august). I hundedagane kan det lett oppstå uventa tordenbyger, spesielt i indre strøk, som kan øydelegge for ei god fortørking.